Eg har vore på tur i helga, difor kjem dei siste fotbilda litt seint. Turen gjekk til Ås, og eg fekk også litt tid i Oslo i dag.
Her er vente-på-toget-føttene. Det blei litt snikfotografering, følte meg plutseleg litt rar der eg stod og fotograferte mine eigne bein midt mellom alle folka...
waiting for the train-feet
Tante-Solveig-og Oda-føter på kjøpesenteret laurdag.
aunt solveig and oda shopping-feet
Tenk å kunne kle seg slik når ein vil.... Tenker eg hadde blitt godt motteken dersom eg dukka opp i eit slikt antrekk på skulen.
Venta litt på å bli henta på oslo s. Så då fann eg fram hua eg strikkar på. Har strikka mykje på bussen tilbake til Sørlandet i kveld, så no er eg nesten ferdig.
Då er ei ekstra lang (+ ein time veit de) helg ferdig. Ha ei fin veke alle saman.
I've visited family this weekend.
Ja di nytter alle høve du, Solveig til å strikkke avgårde både hit og dit!! ha ei velsigna uke der sør !!
SvarSlettTakk for besøket. Det var hyggeleg. Ser ikkje vekk fra at du kunne gjort suksess i rosa ballerinakle :)
SvarSlettEg vart liggande med migerne i går og i dag, så moroa var slutt da du reiste.
Sjåast til jul :)
Gry