Sider

onsdag 29. juli 2009

Sightseeing

Plutseleg kom det ein dag nesten utan regn og skodde, så då stappa vi oss inn i bilen for å leike turistar. Rett i nabolaget her gar vi den finaste dalen i verda; Norangsdalen.

Suddenly we had a day allmost without rain, so we decided to sightseeing in the “neighbourhood”. We live close to Norangsdalen, one of the narrowest valleys in Norway. It’s worth a trip.

 DSCF0842

Koseleg naustrekke på Sæbø.

a

Utsikt mot Slogen. Eg kan enno ikkje heilt fatte at eg greide å kome meg opp dit for to år sidan. (Ikkje minst at eg kom ned igjen like heil…)

This is Slogen. I have been on the top once (still quite impressed with myself).

cj

Før vi starta på dalen tok vi eit stopp på Union Hotell. Snusa rundt i gangane og kika på alle dei fine romma. 

Travelling to these parts of Norway has been popular for a long time. Royalties from Europe came often. Many of them stayed in this hotel. The hotel has a long history, and has now been redecorated to look like it did in the old days.

DSCF0849

Hotellet ligg rett under i fjellet. Oppi tredje etasje ligg steinen som ein gong kom ned frå fjellet og rett igjennom taket.

i 

Neste stopp var Lyngstøylvatnet. Eit steinras 1908 stengde elva, og vatnet vart til. På botnen kan ein sjå tuftene etter husa som stod her, steingjerda og gamlevegen. 

Next stop is a small lake. It was made in 1908 when a landslide closed the river.

You can still see the remains of the houses that stood here. It is very popular to dive in this lake.

hb

Norangsdalen er det trangaste dalføret i Noreg. Her går det tett med ras heile vinteren, så då er vegen stengt.

g

Sætrene måtte byggast på dei få rassikre plassane dei fann.

d

I ein svær snøskavl hadde elva laga tunnel. Gutane i bilen måtte sjølvsagt opp og kikke.

Vel ute av den trange dalen kom vi til Villa Norangdal.

Der var det åpent, så vi bestilte kaffi og gjekk på snuserunde i romma der også. Romma er dedikert til kvart sitt tiår.

k

Her eit glimt frå 60-talsrommet.

e

Eg fall for desse omtrekte møblane. Stoffet er designa av nederlandske Tord Boontje.

f

Trur eg ønsker meg ein slik stol, eller sofa…

At last we visited another small hotel. I really liked this reupholstered furniture.

 

mandag 27. juli 2009

Ferietid

Enno ferietid, heldigvis. Men plutseleg er det slutten av juli…

Eg var ein liten tur til Byneset i forrige veke. Tok bussen ned til Sunnmøre igjen og i buss-skuret satt denne karen. Han satt der heilt aleine. Han ventar vel på venen sin, eller så skulle han kanskje på jobb. DSCF0807

Ser på drakta at han jobbar på Rikshospitalet. Litt av ein pendleveg…

I går hadde eg bursdag, og fekk endeleg laga litt kaker og slikt.

DSCF0824

Sitronmarengspai var det lenge sidan eg hadde laga no. Den er søt og syrleg og god :)

Og eg har visst ordna eit par bursdagsgåver til meg sjølv i det siste…

DSCF0813

Snopa litt stoff frå Japan,

DSCF0797

og kjøpte meg nye Camper-sko til halv pris.

Happy birthday to me :)

------

It was my birthday yesterday. I made some cakes and had i little party. Lemon Meringue Pie is good!

And I’ve bought a couple of presents for myself: New fabric from Japan and Camper shoes on sale :)

U

U for ULL rett og slett.

Eit flott materiale, takk til alle sauar! Eg brukar mest av ulla i ferdig spinna og farga form. Det er nok dei fibra eg likar best. Lagar ting i bomull også, men ulla er så mykje meir elastisk.

DSCF0821

Her har vi ulla vaska og karda. Dette er ull frå villsauane på øya. Mamma sit ved rokken og spinn garn av dette. Noko eg også kan tenke meg å prøve. Villsau-ulla er noko meir stikkete enn vanleg ull, så det passar ikkje så godt til alle slags plagg.

DSCF0826

Her har vi ulla i meir produsert form. Legg merke til labben øverst.

DSCF0827

Denne lille frøkna (trur det er frøken i alle fall) synest det er veldig kjekt med ull.

DSCF0828b 

Nøstene mine kan plutseleg berre forsvinne under sofaen.

DSCF0829

DSCF0834

Ull er topp!!

Meir om U borte hos Petunia.

3318690925_099f86f0a1[1] 

U is for ull - wool

søndag 19. juli 2009

…der leikade fisk ned i kavet…

Vi var på Raudøytur no i veka. På veg heimatt tok vi ein tur ut på Fluda (god fiskeplass) for å sjekke om der var fisk.

Det var det!!

DSCF0740

Ekkoloddet peip i eit sett. Vi rakk nesten ikkje å få snøret til botnen før det var fullt.

26 småsei i løpet av nokre minutt. Det var nok til kveldsmaten og festmiddag til kattane.

DSCF0737 

Spennande å sjå etter fisk, men nesten litt skummelt når dei kjem opp i båten.

DSCF0745

DSCF0755 

We went fishing this week, after a trip to the island (see R in my ABC-posts). The sea was full. In a few minutes we had enough for a late dinner, for us and the cats.

Heklekorg

Inne hos the Purl Bee kan de finne oppskrift på ei enkel heklekorg. I oppskrifta er ho meint til oppbevaring av garn. Eg hekle korga i tynnare garn og mindre heklenål og fekk ei korg som ikkje har plass til så mange garnnøster.

DSCF0774

Men den kan passe bra som godteskål tenkte eg… Så då gjekk eg på handletur. Twist og lakriskonfekt, mmmm…

 DSCF0779

Takk for alle Twist-kommentarar forresten. Godt å sjå at vi alle har forskjellige favorittar. No på søndag formiddag er det ikkje så mange Twistbitar igjen.

Som venta er det Banan, Cocos, Caramel og Nougat Crisp som ligg der nesten aleine. Men eg kjenner at dei ikkje kjem til å ligge der særleg lenge…

--------

I made this crocheted stash basket, pattern from the Purl Bee.

I made it with thinner yarn and smaller crochet hook, so my basket ended up much smaller than the one in the pattern. Not room for much of my yarn stash – it ended up as a basket full of choclate and sweets… That’s ok too :)

fredag 17. juli 2009

T

Tema for bokstaven T dukka plutseleg opp medan eg skulle fotografere noko anna (meir om det seinare). Eg var innom butikken og handla litt kos til fredagskvelden. Og der har vi T-en.

Twist

DSCF0786

Det vel nesten ingen som ikkje veit kva det er, men eg kan vel likevel sitere litt frå Wikipedia:

“Twist er en konfektblanding produsert av Freia/Kraft Foods. Twist selges i poser, som inneholder innpakkede konfektbiter av forskjellig slag. Navnet kommer av måten bitene pakkes inn i papir, noe som var en nyvinning da Twist ble lansert. Innholdet fornyes stadig, og biter kommer og går. Lakris og Cocos er nå de to eneste bitene som har vært med helt siden starten.

Twist ble lansert i Norge i 1957 og ble raskt populært.”

DSCF0785

På Wikipedia finn du også ei liste over alle konfekttypene som har vore i posane gjennom tidene.

Over til det viktigste. Favorittbitane.

Her har du mine:

DSCF0788 

Daim, Marsipan, og Sjokoladekaramell.

Også dei som er minst favorittar:

DSCF0789

Cocos og Banan.

Men eg kan like alle. Særleg når botnen på sjokoladeskåla nærmar seg…. :)

T

Fleire innlegg om T finn du her.

Frå Shabby til Chic

Den gamle krakken frå farmor sitt kjøkken er vel trygt det ein kan kalle shabby. Han har gjort jobben sin i vel 60 år. Den blei litt mindre shabby etter ein grundig vask, men toppen er likevel ikkje særleg fin.

DSCF0761

DSCF0762

DSCF0763

Godt inspirert av Wood & Wool Stool fann eg fram heklenål og garnnøster. 

DSCF0771 Etter litt meir enn ein kveld var kjempebestemor-ruta med litt ekstra kantpynt ferdig.

 DSCF0769

No kan den vel kallast Shabby Chic?

DSCF0768

This old stool is from my grandmothers kitchen. It been in use for 60 years, so it was quite shabby when I got it. A bit of washing helped, but the top didn’t look nice.

Inspired by Wood & Wool Stool I took out my yarn and crochet needle. A giant granny square and a little fancy edging did the trick.

Can we call this Shabby Chic now?

onsdag 15. juli 2009

Pay It Forward

Her i bloggverda er Pay It Forward ein fin “leik”. Eg var inne hos Olava og meldte meg på.

Det heile går ut på at du får ei gåve av den du melder deg på hos og du skal sjølv sende ei gåve til dei tre første som melder seg hos deg.

Gåvene må sendast avgarde innan eit år. Så dersom du vil ha noko eg har laga – og vil glede nokre andre, så kan du legge att ein kommentar her. Dei tre første (som fyller krava under her) blir med.

Håpar nokon vil vere med på “leiken”, så kan eg fundere litt på kva eg skal lage :)

990265-143

Du må oppfylle desse 3 krava for å vere med:


1. Du må ha eigen blogg, så alle kan sjå kva du sender og kva du får.

2. Du må ha lyst til å glede andre.

3. Du må sende dine eigne 3 gåver avgarde innan dei neste 365 dagane.

søndag 12. juli 2009

Innesyslar

Kan vi få litt meir vind, takk. Helst av den austlege typen ca. Slik at skodda kan blåse vekk – attende til havet….

Ser nesten ut til at ho kan forsvinne i dag, det tar berre litt for lang tid.

I alle fall har eg fått brukt symaskina litt no som sola har tatt pause (men det har nesten ikkje regna her ).

veske  

veske inni

Ei lita veske som var premien i 2 årsbursdags-trekkinga mi. Det rosa foret her er forresten eit gammalt dynetrekk.

kjole

Bursdagskjole til Oda, 6 år. Litt hekling og litt sying.

Det raude stoffet her er forresten også eit gammalt dynetrekk.

kjole2

kjole3 

Og så har eg vore på shopping i butikken til Tante Mimmi. Ho lagar nydelege ringar av gamalt porselen. Denne rosa fall eg for. Og ringen kjem i ein nydeleg pose som også er gjenbruk.

ring

pose

Ha ein fin søndag. No skal eg ut og blåse vekk skodda.

(Fornøgd no, Silje?)

------------------------------------------------------

Not so much sunshine these last days, so I’ve been using my sewing machine again. The bag was the price for my blog birthday give away.

The dress was a birthday gift for my niece. A little bit of crochet and fabric from an old bedsheet.

And I have visited this shop. (Only in Norwegian) Tante Mimmi makes rings from old plates. They’re rally lovely.

Have a nice Sunday.

lørdag 11. juli 2009

Sss

Eg treng berre ta ein liten sjekk i hyllene mine (eller kassene akkurat no) så ser eg lett kva S-en bør stå for.

Stoff – og då meiner eg tekstilar altså.

Etter at eg fekk symaskin, og oppdaga nettbutikkar har stofflageret ekspandert ein smule (liten understatement her…)

stoff3

Det er så mange flinke designerar der ute, og stadig kjem dei med nye kolleksjonar som er endå finare enn dei siste…

stoff4

Eg må nesten sitte på kredittkortet slik at ikkje stoffsamlinga veks heilt ukontrolert. Heldigvis får eg brukt litt stoff også innimellom. Til vesker og tepper og slikt.

stoff

Eit langt billegare alternativ til vanlege stoffbutikkar er sengekledehyllene i bruktbutikken. Eg tar gjerne med meg eit artig dynetrekk eller to. Det har blitt til både skjørt og kjolar hos meg.

stoff5

Fleire innlegg om S finn de her.

S