Sider

onsdag 29. september 2010

Mønster

Slett ikkje meininga at det skulle bli så stille her, men dei siste vekene har vore litt travle. Har så smått begynt å flytte over saker til det mønstra rekkehuset mitt.

Den komande haustferien vert nok prega av flytting, maling og avgjerder om panel, parkett, kjøkkeninnreiing +++

5030417669_bbb609ac0b_o

Her er eit knippe av mønstera eg har på veggane no. Hadde dei berre vore dynetrekk!…

Sjølv om eg likar gamle mønster vert det litt mykje med alt dette på veggane. Eg ønsker vel å gjere alt lysare, og så kan eg trygt sette fram alle dei fargerike sakene mine.

Spennande blir det i alle fall.

mandag 20. september 2010

Elvis has left the building…

Dei siste par vekene har både Priscilla

shopping P

og Rita

rita

vore på besøk i Ørsta (i lag med sine “mødre” på besteforeldre-opphald).

Priscilla har venta lenge på sin Elvis. Og no fekk han endeleg sjå dagens lys.

DSCF3989

Med mjukt svart hår og djupe brune auge, sjarmerte han Priscilla i senk.

Han er ein smule glamourøs, med sans for klede med “det-lille-ekstra”…

DSCF3987

Priscilla syns det er sjarmerande også. (Sjølv ser ho ut til å trivast godt i jakke og underbukse…)

DSCF3991

Kva med Rita då?

Vi trudde lenge ho dreiv og brevveksla med ein kjekkas som heitte Roy, men no viser det seg at hennar utkåra er Billy Ray C. Han skal vist nok ha grøne auge, dongeribukse, T-skjorte og skinnjakke… (Det spørs vel kva tante kan få til…)

Billy Ray C. blir ein ekte postordre-brudgom, og må reise med Posten nedover om nokre dagar. For no har både Rita, Priscilla og Elvis forlate huset for denne gongen.

Takk for besøket!

----------------------------------

I’m making Knitted Babes again. This time boyfriends for Rita and Priscilla.

Elvis was the first one to get finished. As you can see he likes clothes with a bit of bling. Priscilla finds him totally charming.

Rita is still waiting for her chap. We thought she was involved with a boy called Roy, but my niece told me that Billy Ray C. is Rita’s boyfriend…

He is still waiting for his arms, legs, green eyes and brown hair…

mandag 13. september 2010

Husflidens dag

På laurdag var det husflidens dag.

Her i bygda ordna nokre damer i Husflidslaget ekstra utstyr til to karar som sit og står på sokkel her.

 DSCF3974

Det såg ut til at han Ivar (Aasen) og han Anders (Hovden) var ganske fornøgd med det.

DSCF3969

tirsdag 7. september 2010

cottagehouse2green Det blei litt stille her, men dei siste vekene har det vore mykje å tenke på. Og lite hobbyaktivitet og fotografering.

houseleadpink2

Eg har visst kjøpt meg hus. Mitt første – by the way- så her er det mykje å sette seg inn i. Det vart nok ikkje heilt eit slikt hus som på bilda her (frå The Graphics Fairy), men eit rekkehus med plass til eit hobbyrom eller to. housesgfairy003

Eg kjem nok tilbake med fyldig reportasje etterkvart som eg kjem meg inn og får starta med tapetsering og maling og parketering(…) og slikt.

------------------------------

Sorry for the silence, but I just bought my first house.

Very exciting and lots of new things to learn. I’ll be back with more info and photos. There will be painting…