Stova mi er så godt som ferdig. Manglar berre peisovn og maling på brannmur/pipe.
Så eg har byrja å smale i hop møblar. Litt hadde eg frå før, litt har eg fått her og der.
Og litt skal eg ha nytt. Sofa og vitrineskap f. eks.
Har plassert saken litt utover i stova, men har på ingen måte bestemt for korleis eg vil ha det. Har jo så god plass… Berre stova er no større enn heile leiligheita eg hadde i Kristiansand…
Stol frå bruktbutikken og skap frå ei eldre dame som skulle flytte og tømme huset sitt. Det må stå med åpne dører ei stund – luktar voldsomt gammel kjellar inni… får vel stappe det fullt av lavendelposar kanskje
Skjenk frå samme dame. (Utsikt til kjøkkenet i bakgrunnen – berre kaos der inne…)
Grøn stol, lampe og bord frå bruktbutikken. Den andre stolen er frå foreldrehuset. Og så min lille søte not-flatscreen-TV. (Endå rusk og rot i vinduskarmen, som de ser.)
Listene er eg ikkje fornøgd med. Kjem nok til å bytte til nokre som er same farge som golvet eller kvite.
Kjøkkeninnredninga vert levert neste veke, skulle gjerne ha malt litt før det. Men så er det tid for foreldrekonferanser og slikt.
----
Og så skal eg vist til København ein tur neste helg (langhelg)…
Turen blei bestilt i august, før huskjøp og oppussing og alt sånn…
Og no når avreise nærmar seg passar det sjølvsagt ganske dårleg…
Men vi skal nok kose oss der nede, mellomste syster, minstenevø og eg
Så sit de med gode tips når det gjeld København? Plassar vi absolutt bør besøke? Artige og fine butikkar?
Eg tar gjerne imot alle tips. Det er ei stund sidan eg var der sist.
--------
My living room is allmost finished. (Still have lots to do in the kitchen so I haven’t moved in properly yet.)
I’ve started collecting furniture. I mostly have used furniture so far – from the thrift shop, my grandparents, my parents, my sister and an old lady who was moving. I will buy a new sofa when I find one I like. And I might buy myself a new flatscreen TV. The one I have suddenly look very tiny…