Sider

søndag 24. april 2011

Første sommardag?

Neida, det var visst påskeafta…

Men vi har hatt mange sommardagar med kaldare ver enn vi hadde i går. Rett og slett nydeleg var det! Og systra inviterte til bursdagsfeiring på Raudøya. Der hoppar 34 ganske ferske lam rundtomkring med mødrene sine. Eg gløymte vist å ta bilde av dei i går. Her er nokre andre bilder frå dagen på øya.

017

014

We had beautiful weather yesterday, and celebrated my sisters birthday on our island. On the island is the little farm where my grandmother was born and raised. My father keep his sheep there, and 34 new lambs are now jumping around on the fields. I forgot to take a photo of them yesterday.

013

018

028

034

019

God påske!

onsdag 20. april 2011

Kjøkkenhjørne

 

002

Eit lite glimt frå kjøkkenet mitt. Eg prøver å  rydde på plass saker og ting, men det tar visst aldri slutt på dei…

Nokre av sakene fekk plass i denne hylla. Ho var kvit då eg fann ho på bruktbutikken, og blei mykje finare etter ei runde med raud spraymaling.

Dessverre vert det litt dårlege blitsbilder frå denne kjøkkenkroken – mørkaste plassen på kjøkkenet. (Taklamper er ikkje oppe enno.)

Eg har endå igjen å skru saman eit par skuffer, pluss få på plass vifta, skru fast ei dekkside, lage ei hylle til fjøler, sette på plass hjørneskaphylla etc. etc.

----------------------------------

I’ve started to put things away into my new kitchen. It’s not all finished, but I need to figure out where to put things and to get things out of the boxes.

This is a little shelf i found at the thrift shop. It was white, and i gave it a coat of red spraypaint. It fits perfectly in the darkest corner of my kitchen.

2. plass!

HNDLAG~2

Jippi! Teppet mitt kom på delt 2. plass i Håndlaga 2011!

Stor stas. Og takk til alle som stemte på det Smilefjes

DSCF3059[3]

Sjekk dei andre vinnarane her.

onsdag 13. april 2011

Vår!!

Jammen kom våren. Hagen min er plutseleg snøfri. (Men ikkje skrotfri…)

Etter ein tur på den nye Plantasje-butikken har eg fått meg nye favoritt-vårsko. Ekte tresko, faktisk. Gode å bruke, men det kan bråke litt på enkelte golv…

DSCF4800

Teppet her er eit nytt prosjekt som plutseleg var i gong…

Eit teppet for golvet mitt, inspirert av hekledukar. Materialet er gamle laken og dynetrekk klipt opp i 1,5 – 2 cm breie remser. Eg brukar heklenål nr 12.

Dette teppet heklar eg etter fri fantasi, men har tenkt at eg ein annan gong berre kan bruke ein liten hekleduk som mønster. Vi får sjå kor stort dette teppet blir. Eg må på jakt etter fleire laken i rett farge, og dessutan merkar eg at det er litt slitande å hekle så stort i lengda.

DSCF4799

Finally it is spring. All the snow around my house has gone. I visited a new garden shop and found myself new favourite spring shoes. Real clogs! They’re comfortable to wear, but can be a little noisy on some floors…

The rug  is a doily rug I’m making. I’m using cut-up old sheets (1,5 – 2 cm wide strips) to crochet. I’m making up the pattern as I go. But I next time I might use a little doily as pattern. I’m using a 12 mm crochet hook.

torsdag 7. april 2011

Nye hekleprosjekt??

Vel, skulle eg gå tom for ting å hekle (lite truleg), så kunne eg kanskje satse på hekling av antrekk for lokale band. (Vassendgutane, kanskje??)

Sjå berre på desse hekla kjole-poncho-helsetrøye-slengbukse-sakene. Med gull- og sølvkantar! Kan det bli betre?

Dette er altså omslaget på ei gammal Lp-plate, Bonnie St.Claire og gutta. Eg har ikkje høyrt på musikken, kjøpte nok plata på bruktbutikken berre på grunn av desse fantastiske heklesakene…

DSCF4773

I bought this old LP just because of this photo. Look at those outfits!

Håndlaga 2011

HNDLAG~2

Berre ei lita påminning om å stemme på Håndlaga 2011. Avstemminga stenger 12. april.

(Og teppet mitt er ein av finalistane altså. Hint, hint…)

---------

Håndlaga 2011 – Handmade 2011 is a blogcompetition in handmade things. My crochet afghan is one of the finalists in category #8 – For the home. Really fun!

The voting is open until April 12.