Snart første søndag i advent. Kvar kom den ifrå? Og stova har blitt gjort om til hobbyrom. Likesom litt betre plass her nede…
Eg skal visst vere med på eit par julemesser. Så då var det berre å finne fram det eg hadde av julete stoff. No får eg endeleg bruk for dei metrane eg kjøpte på IKEA for nokre år sidan…
Har hatt litt vanskar med å bestemme meg for kva eg skulle lage. Har liksom ikkje noko signatur-produkt. Så då stiller eg med litt av kvart… Og eg får stadig nye idear, men det byrjar å skorte på tida.
Papirjulestjernene synest eg er fine…
Julestrømper kan vere kjekke å ha…
Og så blir det kanskje nokre vaser med heklepynt, babysko, sauar…
Så spørs det om dette er noko folk vil kjøpe… Første gong eg prøver dette her så det blir spennande.
PS: Oppskrifta på stjernene har eg sjølvsagt funne der ute. Desse vert kalla finske papirstjerner. Eg fakstisk sett dei laga av trespon. Men papir går også bra. Her er ei oppskrift på engelsk.
----------------------
Allmost December and time for Christmas fairs. I’m going to take part in a couple of fairs this year (my first time ), so I’m trying to make stuff now. November has been busy, so I will not have many, many things…
PS: Here is a pattern for the stars.