Sider

søndag 29. januar 2012

Søndag

016

Ein nydeleg vinterdag idag. Vi tok ein biltur til Ålesund for å helse på nyaste niese og familien. På vegen møtte vi desse fly på langtur.

A lovely winters day today. We went to visit the newest niece and her family. Met these to planes on the way.

022b

Undertrøyene er i bruk som de ser. Og veslejenta er sjølvsagt den nydelegaste.

The vests are in use as you can see. And the little one is of course the most beautiful little girl.

033

Og dei har ei flott utsikt frå stovevindua. Ørstafjella!

The view from my sisters windows is quite something!

027

Ein fin søndag!

mandag 23. januar 2012

Wool eater

Det nye handarbeidsåret har hatt den vanlege starten… Med at eg startar eit nytt prosjekt annankvar dag – sånn cirka…

Eit av dei nye prosjekta er eit “wool eater”-teppe. Eg har hatt lyst til å prøve dette mønsteret lenge. Og når designaren Sarah London lokkar med “crochet-along” (hekle-ilag) slengde eg meg med.

The new crafting year has started as it often do – with me starting a new project every other day… One of the new projects is a wool eater blanket. I’ve wanted to try this pattern for a while, so when Sarah London started a crochet along, I joined.

008

Teppet ber namnet sitt med rette. No på runde 8 går det med cs eit halvt nøste på to runder… Så restegarnsprosjektet vart plutseleg eit kjøpe-meir-garn-prosjekt.

It started as a left-over-yarn project, but allready after 7 colour changes I had to go shopping for more. It really does eat yarn. So this will probably end up as a baby blanket.

009

Eg starta med garnrestane etter dette teppet frå i sommar.

I’ve used the yarn left over form this blanket from last summer.

cal

mandag 9. januar 2012

Rydding…

13. dag-jul i helga og eg plukka ned julepynten. Treet har flytta ut på terrassen. Men eg har visst ikkje funne fram støvsugaren enno for å få vekk dei nålene som ligg igjen på golvet…

002

Burde vel også snart vaske vindua også. Dagmar sørga for at dei er fulle av saltvatn og slett ikkje så enkle å sjå ut av lenger. Kanskje i morgon?…

010

Men ulltrøyene er ferdig. Og eg er igang med eit par til. (Du skal få du også, Kirsten!)

005

The Christmas tree moved out in the garden this weekend. I still have a  few needles to hoover up, though… And I really should wash my windows. They are full of saltwater after the storm (hurricane) we had Christmas Day. Maybe tomorrow…

But the little vests are done. And I’m knitting a couple more. (For my other sister.)

mandag 2. januar 2012

Undertrøye- og UFO-strikking

Romjulsdagane vart rolege med tid til strikking. Været ute la også opp til inneaktivitet, så då var det berre å sitte her…

Eg starta på desse strømpene i sommar, dei ramla ned i UFO-kategorien sidan det vart ei lang pause på strømpestrikkinga. No ser eg enden på strømpe nr 1. Men eg veit ikkje heilt korleis det skal gå med strømpe nr 2. Har nemleg brukt ei blanding av 2-3 oppskrifter på denne strømpa, er litt spent på om eg finn dei igjen, og om eg klarar å lage ein kopi…

I’ve had time to knit in these Christmas days. This knee sock is allmost finished now – I started it in July… But I have used a mix of 2-3 different tutorials for this, and I’m worried that I’ve forgotten which and where. Will I be able to make another sock like this. It is an advantage to have two similar socks…

004

Og så litt rosa. Vi ventar no (i januar) på ei lita ny niese. Søstra mi ønskar seg små ullundertrøyer til den lille. Eg strikkar i alpakka og brukar oppskrift av Lene Holme Samsøe. To trøyer i to gammalrosa-nyansar.

We are waiting for a new niece to arrive now in January. My sister asked for a couple of small vests (like this). I’m knitting in alpacca and the pattern is by Lene Holme Samsøe.

005

I morgon er det attende på jobb. JOHO!

Back to work tomorrow!

søndag 1. januar 2012

Oppsummering…

Mange som driv med årskavalkader og slikt ved årsskiftet.

Og eg hadde lyst å ta eit tilbakeblikk eg også. Heng med de som vil…

Ved gjennomgangen av bilda mine ser eg at det har vore for lite handarbeidskreativitet. Men litt meir arbeid på husfronten…

jan 11

Knuse pepparkakehus, strikking, maling, legge kjøkkengolv, brukthandel…

feb11

Meir brukthandel, bygge kjøkken, pusse opp lampe…

mars11

Snøvinter, stoffstrimmel-lampeskjerm, kvitevarer, møblering av stova…

apr11

Lamming, hekle golvteppe, nye tresko, sjalstrikking og pinneknekking, påske…

mai11

Hekleblomstersjal, nye raude treskosandalar, 17. mai-blomst, sjukehusopphald, popkornhekling…

jun11

Meir hekling, ullplukking, jonsokbål, brukthandel igjen, lage muffinsstativ…

jul11

Bryllupsmuffins, hekling, ferie, strømpestrikking, bursdagsfeiring…

aug11

Hekleteppe, fliser på kjøkkenet, pynting i stova, ny gryte til meg sjølv, småskostrikking…

sept11

Fleire småsko, brukthandel og loppemarknad, heklerammer, operabesøk…

okt11

Maling av gangen, sauesanking, strikking, barnedåp-familefest…

nov11

Julestrømper og julepynt, – tok visst veldig få bilder i november…

des11

Julepynting, julegåver, juleblomst og juleorkan…

2011 in my photos. I can see now that I have not done much sewing in 2011. I hope to spend more time with my sewing machine in 2012.

Godt nytt år!

Happy New Year!

069

Godt vær for fyrverkeri i natt. Pøsregnet sette inn først eit par timar inn i det nye året…

Nice weather for fireworks last night. The rain came later.

098b

Vi starta det nye året med ein time med stjerneskot-leik (som vanleg i nyttårsfeiringane våre).

We spent an hour of the new year playing with sparklers, as we usually do at our new year’s party.

105

030

111

136

139

134