Sider

fredag 22. februar 2013

Vinteferien…

… er visst nesten over… sukk…

Eg har ikkje vore på ski, men har brukt beina (og broddar). Oppover skogsvegane. Det var til og med så lyst at eg måtte bruke solbriller.

cc2c544e7a9711e2a82422000a9e07ae_7

53018a247a9e11e2b74c22000a9f1427_7

Ellers har eg forbarma meg over hobbyrommet. Det har likna meir på eit lager (eller kott) siste året, og absolutt igenting kreativt har skjedd der inne…

2a4b5d427a8211e28a6422000a9e08ee_7

No forsvinn 70-talstapeten litt etter litt. Halve rommet er mala no, andre halvparten må nok vente litt for der står tunge hyller med mykje stasj…

c563b5c87cca11e2a9ed22000a1fb773_7

Gjenbruksskrivebordet mitt får også ny farge.

d751b3e8792d11e28ed122000a9f1311_7

Men på kveldstid blir det litt hekling. Har fått med meg at geometriske former er inn, så då prøver eg å lage ei pute med trekantar.

-------

Half term this week. Nice to have a week to do other stuff.

I have not been skiing but have gone for walks. And I've painted half my craft room. My craft room has been used mostly to store things lately, no crafting has been done in there. It's time to freshen it up a bit. The 70's wallpaper is disappearing. And my desk is getting a new colour.

søndag 17. februar 2013

Korssting…

…på endå ein ny måte!

011

I sommar prøvde eg meg på "brodering" med nabbiperler. Eg brukte eit rosemønster og likte godt resultatet. Har sett fleire variantar av korststing rundt omkring, og fekk ein idé om å prøve brodering på lerret.

Eg kjøpte eit lite lerret på Clas Ohlson, malte det blått og så var eg klar til å prøve.

Eg teikna først av rosemønsteret på eit rutepapir.

001b

Festa det til lerretet med tape.

002

Så stakk eg hol i alle kryssa (der det skal syast).

003

006

Då er det berre å sy i veg… Litt tid tok det, men det bei ferdig til slutt. Eg sydde med broderitråd her. Med større lerret kan ein sjølvsagt sy med tjukkare tråd.

015

011

009

Another cross stitch variation.

This summer I used the cross stitch pattern with some melting beads. Now I wanted to use it on a canvas.

I bought a little canvas and painted it blue. I used the same rose pattern from my Cath Kidston book. After making holes in the canvas I started stitching. I used embroidery thread here, but with a larger canvas you could use thicker thread.

I quite like the result…

torsdag 14. februar 2013

Heklekurs

3730254868_47c47c76ed_o

Vil du lære å hekle? Og bur du i Ørsta-området?

Då kan du melde deg på heklekurs for nybyrjarar!

013

Ørsta husflidlag arrangerer (og eg skal vere lærar).

Vi vil ta for oss grunnteknikkane i hekling: ulike masketyper, hekle rundt, hekle fram og attende, bestemorruter, auking/felling og samanhekling/montering.

Planlagt kursstart 28. feb. 4 kveldar (12 timar).

Fleire detaljar på Ørsta husflidslag sine sider.

Bli med!

560945733_c158e54d7f_o

søndag 10. februar 2013

Bursdagsgåver

I tantebarnflokken rasar det på med bursdagar no i januar/februar. Eg rekk ikkje å strikke til alle, men har gjort ferdig eit par bursdagsgåver denne veka.

Eg har strikka ei tredje Top-down Cable Yoke Jacket. Denne gongen i nesten største storleik…

Starta i str 8 år, men etter prøving på mottakar måtte eg rekke opp og strikke den større… (kva? prøvelapp?? Nei, det gidd vi ikkje…)

Fletta fekk vere som ho var, eg berre plukka opp masker til 10-års str frå den. Eg auka også i sidene for å få litt utsving på jakka. (2 m på kvar side, 6 gongar.)

Hetta var meir enn stor nok i 8-års str, så den strikka eg 5 cm kortare enn i mønsteret.

Eg sette også i ekstra knappar slik at jakka kan latast att heilt ned.

001

003

Minstenevø vart eitt år nettopp og han fekk ein islender.

Mønster frå boka til Susie Haumann.

Eg har strikka i Vamsegarn (Rauma) som er ein del tjukkare enn garnet i mønsteret. Så her måtte det ein del matematikk til…

Strikkefastheit i mønsteret i forhold strikkefastheit i Vamsegarn… gonging, deling, måling… Fann til slutt ut at eg skulle dele maskeantall i mønsteret på 1,31! Og det stemte faktisk ganske så bra til slutt også…

006

008

009

Two projects I've finished this week. Both birthday presents for a niece and a nephew. It's my third Top-down Cable Yoke Jacket. I did some changes to the pattern. Knitted the hood shorter, made increases in the side of the body (2 st, 6 times), and added more buttons.

And the sweater is from Susie Haumann's pattern. I didn't knit it in the yarn in the pattern, so I had to do some math to find out number the of stitches.