Sider

mandag 27. januar 2014

House of Stark

025

Minstebror har vel lest alle Game of Thrones-bøkene, trur eg… Så han måtte få ei ekstra julegåve…

Hakking er ein flott teknikk når det gjeld å lage mønster. Med tjukt garn og 7 mm nål gjekk det ganske fort også.

027

Og så kom eg heldigvis på at ullstoff måtte vere perfekt til bakside. Sydde tungesting rundt først, slik at eg kunne hekle fram- og bakside saman. Veldig praktisk!

Til slutt ein omgang med krepsemasker.

029

Broren vart fornøgd, og hinta berre litt om det var mogleg å lage ei Lannister-pute også…

-----

House of Stark pillow made for my brother.

Made in tunisian crochet.

søndag 19. januar 2014

Fibi the Fox

31f0b7967f8f11e3ae8a12d278585555_8

Minsteniese blei 2 år i helga. Ho er ganske hekta på reven og vil ofte sjå "fåsjei" (What does the fox say) monge gongar på rad.

Så då eg oppdaga mønstra til Lalylala måtte det berre heklast ein rev. Og det er berre kjekt å hekle etter godt skrivne mønster. Eg kjøpte like godt tre mønster på ein gong – her blir det fleire som får heklegåver i år!

55e300007aa811e3a91412128f76ceb1_8

Ta ein kikk på Lalylala sine nettsider. Mange fine mønster!

Attende til reven min. Rikke Rev på norsk – eller kanskje berre Reven. Eg fann garn frå lageret. To trådar tynt ullgarn i raud og oransje ga passande revefarge. Eg hekla med 3 mm krok, det ga eit ganske fast resultat. Kunne kanskje ha godt opp til 3,5. Men det kan også vere ein fordel med fast hekling i leiker som skal handterast litt…

04d804b47f6511e3a6bb1272bb146ed9_8

69e7157a7f6511e3a93712ad17a4fb22_8

Og til slutt fekk også Rikke Rev (og babydokka) sjå dei "skikkelege" revane på video. Medan 2-åringen forsikra om det ikkje var "falig".

f4f24cea801c11e3a785129179c830b0_8

My niece turned 2 this weekend. She likes the fox, and can watch the famous song a lot! So when I discovered Lalylala's patterns I had to make her a fox. The patterns are well written and fun to crochet. I bought 3 patterns, so there will be more dolls…

mandag 6. januar 2014

Ei oppsummering…

… av 2013 kan vel passe no, sånn før vi kjem altfor langt inn i det nye året.

Det blei eit labert år på bloggefronten… men eg kjem til å halde fram med blogginnlegg i ny og ne… Eg bestemte meg allereie frå starten av blogginga at eg ikkje skulle ha noko press på meg sjølv om å blogge kvar dag eller noko slikt.

No har også Instagram tatt over litt ser eg – det er litt enklare å slenge ut eit bilde enn å skrive eit innlegg.

Men attende til oppsummeringa.

janfeb13

febmars13

maijuni13

juliaug13 (1)

oktnovdes

This is what I made in 2013… many things finished and some not… and I think I can find even more projects started and not even photgraphed…

Happy New Year!!

149c

152b

torsdag 2. januar 2014

Julegåver

Eg som hadde planar om litt blogging kvar dag i fram mot jul… skal seie det enda med mageplask Smilefjes

Men jula kom og gjekk – i morgon er det jobb igjen.

No kan eg i alle fall vise fram dei julegåvene som rakk å bli ferdige. Beklager dårlege blits bilder. (Slik er det i desember…)

-----

My blogging plans for December didn't get very far… but Christmas still came and went.

At least now I can show some of the presents I managed to finish.

IMG_20131220_195620

Stripete Bulle-kjole nr 1. Strikka i Drops Lima. Ravelry link

Mønster: Bulle av Karen Borrel

011

Stripete Bulle-kjole nr 2. Også i Drops Lima.

I made two stripy Bulle dresses in sizes 2 and 7 years.

034

Samuel si sauejakke. (Måtte berre strikkast sidan Samuel sin morfar har villsau.)

Mønster: Villsauene på Runde av Ann Myhre (Pinneguri), strikka i Rauma finull.

-----

A sheep cardigan for Samuel.

Pattern: Where the Wild Sheep Roam by Ann Myhre. Knitted in Rauma Finull.

036

038

039