Sider

tirsdag 29. april 2014

Sauegenser

IMAG2983

Pappa er villsaubonde og fekk sauegenser til jul. Eigentleg fekk han berre garnet då, strikkinga vart det ikkje tid til før jul…

Men no i vinter kom eg endeleg i gong.

Eg tok utgangspunkt i denne islendaren som eg strikka til minstebror i fjor.

IMAG2995

Eg måtte gjere om på mønsteret på bærestykket for å få plass til sauane – starte med litt fleire masker og lage fellingar på andre stader. Fikla litt med mønsteret ei stund, men det blei bra til slutt.

Her er mønsterskjemaet eg laga.

IMAG3091

Ein god og varm genser til ein fornøgd pappa.

IMAG3093

Det einaste eg kunne gjort annleis er å ha brukt ein annan farge enn brunt i mønsterborda etter vrangborda. Koksgrått og brunt blei liksom for lik farge…

IMAG3095

My daddy has sheep. So for Christmas he got this sweater. Well, he actually got the yarn, since I had no time to get it done in December. So I've been knitting in winter.

I used this pattern that I used for the sweater my  brother got last year. I made a new sheep pattern for the yoke, and I had to modify the number of stitches and the decreases to have room for the sheep.

We (my dad and I) are happy with the result.

Here is the diagram for the yoke pattern.

Oops…

teppe1

Eg skulle berre redigere " sirkel i kvadrat"-mønsteret mitt då eit eller anna skjedde…

Plutseleg hadde eg ikkje noko innlegg som heitte det lenger, og alle gamle linkar endar ingen stadar Trist fjes

Heldigvis er sjølve innlegget og oppskrifta framleis her (i alle fall på mi maskin).

Men no heiter det "Sirkel i kvadrat – circle in square".

Håpar de som leitar etter mønsteret, finn det greitt… Det skal vere linkar både under oppskriftsfana øverst og i margen til høgre.

(Skulle berre ønske eg var litt meir html-kompetent, så eg kunne fikse slikt…)