På tide med ei lita oppsummering av handarbeidsåret 2014. Mange prosjekt blei ferdige, nesten like mange ligg påbegynt i ei eller anna korg…
Og lista over kva eg vil lage i 2015 byrjar også å bli lang… Berre å halde fingrane varme, altså :)
Eg har framleis litt putedilla. Heldigvis har dei fleste av desse flytta inn hos andre. (Så er det mogleg å finne sitteplass i sofaen min…)
-----
So what did I make in 2014? It's allways nice to look back a little. Quite a few projects was finished, but looking through my baskets I can see that allmost as many just got started… And the list of things I want to make in 2015 is allready getting long… Better keep my fingers warm and busy :)
I still have a thing for cuchions. Luckily most of these moved to other homes, so I can still find a seat on my sofa.
Litt anna blei også hekla, eller laga av hekla ting. Og så nokre teppeprosjekt som ikkje er ferdige.
Here are a few other crochet projects, and a few of the not-finished ones.
Eg oppdaga hekledokkene til Lalylala. Fire dokker har eg fått laga så langt: Fibi the Fox, Mici the Mermaid, Lupo Lamb, Kira the Kangaroo. Liggande i arkivet har eg bjørn, drage, flugesopp og løve så det blir nok meir dokkehekling.
-----
I discovered Lalylala's crochet dolls. I have made four so far: Fibi the Fox, Mici the Mermaid, Lupo Lamb, Kira the Kangaroo. And I have the bear, dragon, toadstool and lion on my to-do-list.
Også vart det tid til litt strikking også, innimellom. Flest småplagg, jakke til meg og sauegenser til pappa. Og til slutt nokre huer.
-----
In between the crochet there was some knitting. Mainly clothing for small people. A sheep sweater for my dad, and the Blue sand cardigan for myself. And a few hats.
Håpar på gode krokar, smidige strikkepinnar, knutefritt garn og fleire møter med symaskina i 2015.
Lets hope 2015 will be a good year for crafting!