Garn: Tynn merinoull, Sandnes
Pinnar: 2,5 & 3 mm
Boble: Strikk i fremste, bakerste, fremste, bakerste og fremste maskeledd. Strikk fem omg fram og tilbake. Så feller du ved å løfte 2., 3., 4. og 5. maske over første maske. Denne videoen viser metoden.
Legg opp 89 masker på pinne 2,5. Strikk 7 omg vrangbord, 1 r/1 vr. Bytt til pinne 3. Strikk 2 omg glattstrikk.
1. boblerad: 8 r, 1 boble, * 7 r, 1 boble *, gjenta *-* 8 gongar, 8 r. Til saman skal du ha 10 bobler.
Strikk fem rader glattstrikk.
2. boblerad: 4 r, 1 boble, * 7 r, 1 boble *, gjenta *-* 9 gongar, 4 r. Til saman skal du ha 11 bobler.
Strikk fem rader glattstrikk.
Hald fram med dette - boblerad 1 og 2 med 5 omg glattstrikk i mellom – til du har 10 rader med boblar.
Strikk 3 omg glattstrikk.
No skal det fellast. Fellingane skjer på same stad på annankvar omg, slik at det blir 10 kiler til slutt.
(89 masker kan ikkje delast på 10 så eg juksar litt på første felleomgong…)
Felling skjer berre på rettsida. Vrang omg strikkast vanleg.
1. fellingsomg: * Strikk 7r, 2 saman * 9 gongar, 8 r.
2. felling: * 6r, 2 saman * 10 gongar.
Hald fram på denne måten med 1 maske færre mellom fellingane på kvar fellingsomgong til det er 10 masker igjen. Klipp av tråden med litt lang ende. Ta tråden igjennom dei siste 10 maskene, snurp saman og sy igjen åpninga bak.
Halskant:
Plukk opp 91 masker. Strikk 3 omg vrangbord, 1r – 1vr.
Holrad: Strikk 3, kast, * 2 saman, strikk 2, kast * 21 gonger, strikk 3.
Strikk 3 omg til før du feller av.
Fest alle trådar og hekle eller strikk ei snor til snøring.
Denne hua burde passe godt til dei som er 9 – 12 mnd. Har ikkje fått testa enno…
Eg har også laga ei som er litt mindre, strikka i alpakka-silke.
Då starta eg med 81 masker – altså ei boble mindre på kvar rad og eg laga 9 boblerekker til saman. Fellinga og halskanten vart gjort etter samme mønster som over her.