I helga var det konfirmasjon i storfamilien igjen. Eg har som mål at å lage konfirmasjonsgåvene, så då var det berre å ta fatt. I vår var det mykje som hende, så eg rakk ikkje å starte på teppet før for 4 veker sidan. Men med full konsentrasjon om eitt prosjekt og nokre kveldar på sofaen, rakk eg faktisk å bli ferdig i tide. Ny rekord kanskje.
Eg tok utgangspunkt i Flowers in the snow-mønsteret mitt. Nokre av sirklane fekk ein variasjon på andre runde.
192 sirklar vart hekla før det var tid for samanhekling.
Skulle bruke samanhengande samanhekling, så alle sirklane vart lagt i rett rekkefølge og så tredd på ei snor, slik at eg berre kunne plukke dei fram etter som eg hekla. Frykteleg grei måte, synest eg.
Skal vise dykk meir om samanhengande samanhekling etterkvart.
I bilen på veg til Trøndelag om også kantborden på plass. Den blei ganske enkel.
Strategiske mål og detaljar:
Garn: Karisma, Smart, Falk og noko anna. Heklenål: 4,5 mm
192 ruter, 142 X 104 cm (passe stort til sofakosen).
Vekt: 1265 gram. Farga garn: 672 g (sirklar) + 19 g (kant), 574 g kvitt garn (samanhekling + kant)
My niece had her confirmation this weekend. I wanted to make her gift. The spring has been busy, and I didn't have time to start her blanket before 4 weeks ago. But when I managed to stick to this one project it was time enough to get it finished.
I based it on my Flowers in the snow-pattern, but changed the 4th and last round. I also made a variation on the second round on some of the circles. And I now use the continuous join as you go (cjayg) as often as I can. When all the circles where joined and the border done I had only 30 ends to weave in.
I used wool, DK yarn – 4,5 mm hook
192 circles – finished blanket is 142 x 104 cm
Weight: 1265 grams, 691 grams coloured yarn, 574 grams white yarn