søndag 23. juli 2017

Ingunn sitt teppe

I mai var det konfirmasjon for ei ny niese. Så då heldt eg fram med tradisjonen å gi vekk eit teppe.
Konfirmanten fekk komme med ønsker om farge og form. Valet blei eit nytt harlekinteppe med fargane litt meir systematisk fordelt (i striper).

This is my latest blanket, made for my niece in May. She got to choose pattern and colours.


For å lage ein variasjon på teppet, og for å få det litt meir luftig, valde eg å lage forskjellige holmønster på "diamantane" denne gongen.

I wanted to do a variation on my Harlequin blanket, and decided to some sort of lace pattern in the diamonds.


Holmønstra blei til etterkvart som eg hekla. Eg fann etterkvart nokre favorittar. 
Planen var å skrive/teikne ned nokre av holmønstra, men det ser eg vert litt mykje jobb... 
så det har eg ikkje fått tid til så langt. 
Men eg legg ut ein god del bilder her, så kan de som vil finne ut litt av mønstra sjølv. 
Hola er stort sett laga av å hoppe over ei eller to masker og hekle ei eller to luftmasker i staden.

The lace patterns was made up as I crocheted. I soon got a few favourites. The holes are mostly made by skipping one or two stitches and making one or two chain st instead. 
I had planned to write down some of the patterns but have not had the time to do it. 
There's quite a few patterns so it would take a lot of time... But if you want to make them you should be able to figure the pattern out by looking at the photos. So I give you lots of photos :)


Eg skulle berre henge opp teppet for fotografering framfor vindauget, og oppdaga då at det vart ei ganske kul gardin når lyset skein igjennom...

The blanket could also be a nice curtain, as I discovered when I hung it up to take a photo...


Eg har brukt mine vanlege garnfavorittar når det gjeld teppehekling: Karisma, Smart, Falk og nokre få andre. Gjekk på jakt etter rosa/lilla nyansar denne gongen.


Eg brukte også ein annan  samanheklingsmetode denne gongen. Ikkje diagonalt stripevis slik som i den første harlekinteppe-oppskrifta mi. Denne gongen hekla eg dei vassrette stripene saman etterkvart. Mykje lettare å handtere. 
Det kjem eit innlegg seinare med forklaring på den metoden.

I used another way to crochet the diamonds together this time. 
Join-as-you-go across, not in diagonal stripes as in my first halequin pattern.
I will make another post showing you this method.


Borda rundt har eg henta frå ei bok:
Around the Corner Crochet Borders av Edie Eckman.

The border is #30 from Around the Corner Crochet Borders by Edie Eckman.









7 kommentarer:

  1. OMG It's SPLENDID ... CONGRATULATIONS !

    NADINE

    SvarSlett
  2. Amazing blanket! I love the colours your niece chose. She will cherish it for sure. :-)

    SvarSlett
  3. Deilig... så fint... jeg liker veldig. Fantastiske fargkombinasjon.
    Super du har gjørt dette teppet.
    Hilsen til deg fra Viola

    SvarSlett
  4. Veldig fint teppe! Fine farger!

    SvarSlett
  5. This is absolutely magical. Your niece does have excellent taste in colors. I just love this blanket.

    SvarSlett
  6. This is a magnificent blanket. Lovely design and colors.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails