onsdag 11. mai 2016
17. mai - Hurra!!
mandag 12. mai 2014
17. maipynt!
På tide å finne fram 17. maipynten igjen!
Desse 17. maiblomstane mine som eg hekla først i 2011 er like fine framleis. Også er dei litt berømte, sånn heilt for seg sjølv.
Svigerinna mi fekk ein reklamemail for nokre dagar sidan der det var linka til desse.
Og for nokre månader sidan fekk eg spørsmål om bilde av blomstrane kunne vere med i Norsk Ukeblad no i mai.
I dag er bladet ute – og baksida (!) av blomsten er til og med på framsida.
Dei har berre med bilda av blomsten, oppskrifta finn du her hos meg.
I dag tok eg fram tjukt garn og heklenål nr 6,5 og hekla ein diger blomst. Tenkte å pynte bilen med den. Mimra litt om maiblomstane vi hadde før i tida.
We're getting close to Norway's national day – as you can see
This year it's 200 years since we got our constitution so it is even more celebrations than in a normal year…
My crochet flowers in the flag colours are getting a bit famous, appearing in a magazine this week.
mandag 16. mai 2011
Dagen før dagen…
I år vert det ikkje bunad på meg. Operasjonssår på magen og stram bunad (merkeleg nok har bunaden ikkje blitt større sidan i fjor…) går liksom ikkje heilt i hop.
Så, i staden for å stryke skjorte kan eg hekle 17.mai-pynt.
Ein ganske vanleg hekleblomst blir fin 17.mai-rosett. Fint alternativ til sløyfa.
Her er ein heilt ferdig med hekleknapp i midten.
Til og med baksida er fin… Men her må eg sy på ei nål.
Ha ein fin dag i morgon!
PS! De finn oppskrifta på blomsten under oppskriftsfana øverst!
----------------
We are getting ready for Norway’s big day, May 17.
I’m making some flowers to wear on my coat – in the colours of our flag, of course. They turned out really nice, even the back looks good as you can see on the last photo. But I’ll have to sew on a pin there…
Maybe I’ll show you how to make them later.
PS! Look under tutorials to find pattern for the flower!
mandag 17. mai 2010
Det gjekk…
(Bench Monday – bildet mitt i dag.)
… å få seg bunaden altså… Men du verden så deilig det var å ta han av også.
Her må det nok skje saker og ting før neste bunadsdag.
Og då tenker eg at bunaden skal få henge i fred – det er nok heller denne dama som må opp og røre litt meir på seg…
Her hadde vi ein grå dag, med nokre regnbyger innimellom. Men toga fekk gå tørrskodde, heldigvis.
Håper alle har hatt ein fin dag.
søndag 16. mai 2010
17. mai – Hurra!!
Hos Sew, Mama, Sew! har dei organisert “giveaway day” fleire år. Då har mange med blog/nettbutikk giveaway samtidig.
Og sidan dagen i år fell på 17. mai (Hurra!!) tenkte eg å bli med.
Eg tenkte å lodde ut eit par gryteklutar og eit par stoffbitar.
Vil du vere med på trekninga kan du legge igjen ein kommentar. Utloddinga er åpen til og med 20. mai.
God nasjonaldag til alle! No skal eg snart stryke bunadskjorta (Hurra!!).
(Satsar på at eg kjem inn i bunaden på eit vis morgon… litt spent på akkurat det…merkeleg korleis slike plagg kan “krympe” i skapet…)
-------------
I’m taking part in Sew, Mama, Sew!’s Giveaway Day. The price will be a pair of crocheted potholders and some fabric. If you want to take part leave a comment on this post. I’ll chose a random winner May 20th (Norway time). I’ll send internationally.
(PS: Remember to leave a way for me to contact you, if you should win.)
søndag 18. mai 2008
Dagen










