Viser innlegg med etiketten Bøker/Books. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bøker/Books. Vis alle innlegg

torsdag 17. januar 2013

Klassisk barnestrikk

Klassebilder frå 50- og 60-talet er stas! Sjå på alle dei fine strikkemønstra!

018

Tydeleg at Fana-kofta var svært populær i 1954…

019

020

021

Eg skulle gjerne hatt mange av desse mønstra. Mine bestemødre og gamletanter har heilt sikkert brukt mange av desse, men dei mønstra er nok borte for lenge sidan.

022

~Alle gamle bilder her er frå Ørsta albuma~

023

Litt før jul fekke eg ein hyggeleg e-post frå Samlaget med spørsmål om eg hadde lyst på ei strikkebok.

Klart eg hadde det!

024

Tone Fevang har gått igjennom arkivet til SandnesGarn og ho har plukka ut 25 av dei klassiske mønstra. (For ein jobb!)

025

Trur eg skal strikke denne…

026

Denne er også fin…

027

Og Fana-kofta er like fin no som i 1954…

028

029

Og boka har også ein trinn-for-trinn del bakerst med forklaring av diverse teknikkar. Lurt!

--------------------

Old school photos from the 50's and 60's are full of lovely knitted sweaters and jackets. I wish i had many of those patterns.

Luckily the yarn factories has arcives. The author of this knitting book has picked out 25 patterns from SandnesGarns arcive.

mandag 11. mai 2009

JJJ

Eg stod litt fast når det kom til å finne på noko tema for J-innlegget mitt.

2009_05090002b

Kunne jo nemne at symaskina mi heiter Janome, og eg kunne jo også seie at eg gleder meg til jordbærsesongen…

jordbær

Men då eg gjekk gjennom bilda mine no hoppa det fram eit anna ord: Japan.

Det ser ut til å vere eit spennande land. Men eg har nesten mest lyst til å reise til Japan for å gå i bokbutikkar og stoffbutikkar og hobbybutikkar og ….

japan2

Det tok ikkje lang tid frå eg begynte å besøke bloggar rundt omkring før eg fekk sans for dei japanske hobbybøkene. Synd Japan ligg så langt borte… Men takka vere internettbutikkar har eg fått tak i nokre smakebitar. Nydelege bøker.

Litt vanskeleg å lese teksten…. For eg kan ikkje japansk...

Men heldigvis er dei flinke til å lage enkle og forståelege diagram. Og på nettet eg har funne tyding av dei mest vanlege tegna brukt i strikke- og hekleoppskrifter. Så då er det mogleg å skjønne det meste av det ein skal gjere, trur eg.

japan4 japan3

motif Jklærchoto crochet

japan6 japan5

Dei japanske stoffa er også til sikle etter… Sparar dei til dei spesielle prosjekta…

4 pencil rolls

J is for Japanese crafting books and fabric.

søndag 20. juli 2008

Nye bøker og litt meir...

Det har blitt lite innlegg frå meg siste veka. Skyene og regnet har vore sterkt til stade (bortsett frå dei siste par dagane)- og det har blitt mykje inneliv. Eg har vore barnevakt for nevøen på to.
Her ein dag kom postdama med pakkar på døra. (Resultat av nettshopping i regnveret...) Nye crocs og japanske bøker til meg.

It's been plenty of rain lately. I've been looking after my nephew. One day I got a little axtra in the mail (results of online shopping in the rain...) New Mary Jane crocs and Japanese craft books for me.
Inneliv
Japanske bøker er framleis på japansk, så no har eg funne hjelpesider på nettet og prøver å tyde oppskriftene. Eg har lyst til å prøve å lage denne toppen.

Japanese books are still written in Japanese so I have found help-pages online and am trying to read the patterns. I want to try making this top.

I denne boka er det mønsteret til sekskantteppet eg har hekla på. Fann ut at eg har gjort nesten heilt rett heile tida. (Eg har fundert ut mønsteret ved å sjå på bilder).
This book has the pattern for the hexagonblanket i've been making. I've figured out the pattern by looking at photos - and i've done allmost everything correct. Thinl i'll keep doing them my way.

Sjå, dette bladet skal lesast bak fram!
Så eit lite framskrittsbilde. Nevøen er modell og visar fram sekskantane mine.

I've been crocheting this week. My nephew shows the progress so far.

torsdag 1. mai 2008

Nye bøker

Kvittering frå amazon.co.jp
"Kvifor kjøpe bøker på eit språk ein ikkje forstår?" kan ein spørre. I alle fall når språket er japansk og det ikkje går ann å lese teikna ein gong...
Men så er det berre det at bilda er nydelege, og oppskriftene er godt illustrerte, hekleoppskriftene har tabellar, idéane er gode/inspirerande,.... så då tok eg sjansen likevel.

(Og på amazon.co.jp har dei engelskversjon av sidene sine.)

Og bøkene kom etter tre-fire (!!!) dagar. Skjønar ikkje heilt korleis det går ann. Det tek nesten lengre tid å få ein pakke frå ein plass i Noreg...

Og berre sjå på desse nydelege bøkene, - og skriftteikna er også ganske kule.


I've bought some books from amazon.co.jp. They have english versions of their pages now, so ordering was no problem. I don't read Japanese, but the book are well illustrated, so I think I will be able to do most of projects if I want to. And the photos are inspirating. My new books look so pretty :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails