Viser innlegg med etiketten Brodering/Embroidery. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Brodering/Embroidery. Vis alle innlegg

søndag 17. februar 2013

Korssting…

…på endå ein ny måte!

011

I sommar prøvde eg meg på "brodering" med nabbiperler. Eg brukte eit rosemønster og likte godt resultatet. Har sett fleire variantar av korststing rundt omkring, og fekk ein idé om å prøve brodering på lerret.

Eg kjøpte eit lite lerret på Clas Ohlson, malte det blått og så var eg klar til å prøve.

Eg teikna først av rosemønsteret på eit rutepapir.

001b

Festa det til lerretet med tape.

002

Så stakk eg hol i alle kryssa (der det skal syast).

003

006

Då er det berre å sy i veg… Litt tid tok det, men det bei ferdig til slutt. Eg sydde med broderitråd her. Med større lerret kan ein sjølvsagt sy med tjukkare tråd.

015

011

009

Another cross stitch variation.

This summer I used the cross stitch pattern with some melting beads. Now I wanted to use it on a canvas.

I bought a little canvas and painted it blue. I used the same rose pattern from my Cath Kidston book. After making holes in the canvas I started stitching. I used embroidery thread here, but with a larger canvas you could use thicker thread.

I quite like the result…

onsdag 21. oktober 2009

Kurs

Eg har begynt på kurs! Sy-bunadskjorte-kurs!

Mi gamle skjorte er for liten (ho har i grunnen alltid vore litt lita, og no har ho i tillegg krympa litt – kremt).

Det har også begynt å bli hol eit par plassar, så det er på tide med ei ny. Og sidan dei ikkje har slike skjorter på H&M eller Cubus, så får eg lage ei sjølv.

DSCF1458 

Eg har ikkje kome så langt enno – mista 2 kveldar pga haustferie og at eg ikkje hadde stoffet klart. Men no er eg i gong.

Vi startar med armlinningane. Her må vi telle trådar og tråkle litt først, for å merke av der vi skal klippe og trekke ut trådar. Augene går litt i kryss etter ei stund med stirring på og telling av tynne lintrådar.

DSCF1462

På mandag var eg klar for å starte holsaumen. Så langt kom eg på ein kveld:

DSCF1475b

Det er langt att…….Slik skal ermene vere til slutt.

skjorte2

Holsaum er det også rundt halsen:

skjorte3

Skal tru om det vert ny skjorte til bryllupsfeiring i påska?… Det får nesten vere målet mitt.

skjorte1

PS: Dette er skjorta til Ørsta-bunaden. Her leikar eg og systra postkort i bunadane våre…

postkort

------------------

I need a new shirt for my “bunad” (Norwegian national dress). I’m taking evening classes to learn how to make one myself. As you can see from the photos of my old shirt, it has a lot of embroidery.

And I’ve not come very far. My goal is to have it finished by easter time.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails