Viser innlegg med etiketten Bryllup/Wedding. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllup/Wedding. Vis alle innlegg

lørdag 16. juli 2011

Muffins!

Eller cupcakes som det heiter på godt norsk…

For ei stund sidan vart eg spurt om å lage cupcakes til eit bryllup. Klart eg ville prøve på det!

007

Dei skulle vere “bryllupskaka”, og då må det sjølvsagt eit stativ til. Eg leita opp bilde av slike på nettet. og (eks-sløydlærar-)pappa og eg tenkte ut ein måte å lage eit tårn med fem etasjer.

004

Og designen vår virkar bra! Kvit blonde rundt kanten var prikken over i-en! Den er berre limt på med dobbeltsidig tape, så den kan skiftast ut ved behov.

006

På toppen skal det vere ei lita kake som brudeparet kan skjære i. Forrige helg måtte eg prøvebake denne, for å sjå om eg fekk til pyntinga. Det gjekk bra…

013

Og dei siste par dagane har gått med til baking av 100 ++ muffins. Vanilje og sjokolade.

020

I går stod pyntinga på programmet. (Tør eg å nemne at det gjekk med 8 pk melis?)

021

Desse rosene er så fine, og faktisk ikkje så vanskeleg å få til – berre ein har rett sprøytespiss…

022

025

Vi måtte prøvestable alt på kjøkkenbenken. Derfor der det litt rotete ut rundt stativet.

030

Håpar dei fell i smak!

-----------------------------

I was asked to make cupcakes for a wedding. To present the cupcakes in style you need a cupcake stand. My father and I figured out how to make one. The design we came up with worked!

The last couple of days I’ve been making the cupcakes (100) and the little cake. I made a trial cake a week ago to see if I could make the roses. And the roses are easy to make, if you have the right tip.

Here is a tutorial for making the rose cake.

IMAG0096

Og her er alt stabla ferdig på kakebordet.

011b

Gratulerer med dagen til brudeparet!

mandag 5. april 2010

my brother’s wedding

Vi har hatt ei flott bryllupshelg i Trøndelag.

DSCF2628

Rolege morgonar med påskelabyrinten.

DSCF2635

Programkonspirering kvelden før. Veldig artig.

DSCF2637

Siste finpuss på brudesvennen. Litt bestikkelse måtte til for å få fireåringen til å gå med lilla blomst…

DSCF2639

Ein siste peptalk mellom andre brudesvenn og brudgom.

DSCF2670

Etter ei fin vigsle (kjem nok attende med meir om den seinare), fotografering på trappa i lys, lys, påskesol.

DSCF2668

Såpeboblegjengen

DSCF2698b

Bryllupskaka kom seg fint ut av formene, og smakte godt.

DSCF2712

Og brødrene fek vise fram resultatet av konspireringa: The Gee Bees.

Ikkje akkurat pene, men du verden så engasjerte.

------------

Just some photos from my brothers wedding this weekend. We had a wonderful time, and a fun party! The last photo is of the rest of my brothers – they allways sing a song in the familyweddings. This time in the style of Bee Gees… I can assure you they don’t look as ugly as this normally…

lørdag 18. august 2007

Litt meir bryllup

Kvelden før bryllupet var det tid for å ordne neglene til brura.
Vi systrene ordna det.
Under lakkeringa passa det med litt romantisk oppladning - og kva høver betre til det enn Pride & Prejudice...
Badeepisoda og siste episode sjølvsagt.
"...And your family are in good health?..." (Mitt favorittsitat.)

onsdag 15. august 2007

Bryllaup og brudepiker

Sjølv om fløyel ikkje var noko artig å sy med, og vi skulle finne på mønsteret sjølv så vart eg ferdig med alle fem brudepikekjolane i tide.
Og systra mi rakk også å sy ferdig pynten på sin brudekjole.

Her heng alle kjolane klare til bruk. Jentene ventar ute i gangen.
Fem ganske konsentrerte jenter går sakte inn.
Den aller minste brudejenta.



Det var ikkje så enkelt å få samla alle jentene til fotografering, eller å få dei til å stå stille lenge...

Her har den minste jenta fått nok og vil heller til mamma.

Dei tre største brudejentene.


My sisters wedding. I made the five flower girl dresses. The velvet fabric was not easy to work with, but it came out ok in the end. The girls were very proud. It was difficult to get them to stand still so we could take some photos after the wedding... The girls are daughters of three of our brothers.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails