Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg

tirsdag 7. august 2012

Snart ferieslutt…

Ja, no er det visst snart slutt på ferien…

Som det kanksje har fått med dykk har det blitt mykje maling på meg denne sommaren. Ingen store turar eller noko slikt. Noko anna handarbeid enn maling har det sjølvsagt blitt. Men dessverre har laptopen min blitt sjuk så eg får ikkje lagt inn bilda frå fotoapparatet. Håpar å få retta på det snart.

I mellomtida serverer eg fleire Instagrambilder frå sommaren min.

This summer holiday is allmost over. I’ve spent it mostly around the house with a paint brush. I have done some other crafting as well, but my laptop is sick so I can’t use the photos from my camera right now. Instead you get some more Instagram photos from my summer.

and

dyra

Sommarfesten på Giske var artig. On a one-day-music-festival

miks

Eg har kjøpt miksar. I bought myself a mixer.

baking

Og bakt kaker!  And made cakes!

kake

Og strikka ein postmann til. Han brukar linser for tida…

And I’ve made another Postman. He’s still missing his glasses…

pat-ar

The new Pat and his owner.

pat og e

Kafébesøk har det blitt tid til. Allways time for coffee.

på kafe

Men ein treng vel ikkje reise nokon stad når vi bur så fint til som her?

Who needs to go places when this is where we live?

slogen

øya

Og mi nygamle solseng passar til terrassen.

My new old sunbead.

solseng

onsdag 6. juni 2012

Fleire perlebilder

012
Eg måtte berre prøve eit par andre mønster frå Cath Kidston boka mi…
I just had to try a couple of other patterns from my Cath Kidston book…

torsdag 29. desember 2011

Vasketips!

Brukar ein del gule post-it lappar på jobb. Treng litt hugselappar til både det eine og andre.

Men eg ser no at det kan vere lurt å fjerne lappane frå jakkelomma før vask…

Eg får vel leite fram tøyfargen og farge heile jakka, trur eg. Muligens ein annan farge enn Post-it-gult…

017

Note to self: Remember to remove Post-it notes from pocket before washing!…

tirsdag 5. juli 2011

Søndagstur

Nesten fint ver på søndag, så vi tok ein søndagstur til Bjørke.

040

Sommarferieminner frå barndommens lange køyreturar strøymde på då vi møtte denne gjengen.

042

Dei hadde parkert midt i vegen og meinte tydelegvis at det var ein flott plass å opphalde seg…

045

Sjølv om regnet stort sett haldt seg vekke, var fjella meir eller mindre dekt av skodde.

057

051

Vi besøkte Bakketunet – eit freda gardstun. Fine gamle hus, med ny kunst og utstillarar.

050

053

055

060

059

Nokre detaljar frå husa…

061b

Tett ved tunet står dette huset, som dessverre ikkje har fåt mykje stell. Det kunne nok ha vore eit fint hus. Blir litt trist når eg ser slike tomme hus…

064

Og alle var samde i at det var ein fin tur Smilefjes

065

We went for a local trip this Sunday. The rain allmost stayed away the hole day, but the fog was here – hanging around the mountains. Meeting the goats lying in the road is not vey unusual in these parts of Norway. They were not very interested in moving away from the car…

We visited an old farm that now also is an art gallery.

søndag 8. august 2010

Boblar

I Bergen kjøpte eg meg eit lage-kjempestore-såpeboblar-sett (stav og bok). Såpeboblar er kjempemorro!

Men vi fekk ikkje heilt svingen på oppskrifta første gongen vi prøvde. Etter å ha surfa litt på youtube sette minstebror i gong med å bygge sitt eige boblesett og såpeboblemiksen virka mykje betre etter å ha stått litt (og med ein del meir zalo…)

DSCF3778 

DSCF3779DSCF3780

DSCF3781

Fantastisk!

 DSCF3785

Og nokre gongar knipsar ein akkurat for seint…

DSCF3782

Det er berre å ta eit kjapt søk på google etter bubbles, så får de opp mange sider med bobletips.

Sjekk også på youtube.

-----------------------------------

We’re having funn with bubbles!

lørdag 27. mars 2010

DSCF2584

Fine fargar og fine mønster = fine stoff.

Eg har ikkje noko imot å ta over andre sine avlagte sengeklede. Sjølv om enkelte er ganske tynnslitte nokre stader… Kan dei ikkje brukast til sying kan dei heilt sikkert brukast som materiale når eg får opp vevstolen min ein gong.

På bruktbutikken i dag fann eg eit par gamle rammer. Dei er fine til familiebilder og slikt har eg tenkt. Den eine ramma var litt spooky. Ser de avbildinga etter brudebildet som ha vore inni?

I got some old bedsheets from a collegue of my mother. They were quite worn thin some places, but I can allways use them one way or the other…

I also found a couple of old frames at the thrift shop. One was a little spooky. Can you see the “print” of the wedding photo that used to be in frame?

DSCF2590

Eg strikkar “armar” til å ha attåt finekjolen min. Bryllupet den skal brukast i er på laurdag, så det er jammen bra at eg er nesten ferdig.

I’m making a shrug to go with the dress I’m wearing at my brother’s wedding next saturday. Allmost done.

DSCF2437 Og så noko søtt til slutt. Vi har “laga” ekte kyllingar på skulen. Sååå søte, og nesten alle torde å halde dei. No har dei flytta heim til hønsehuset sitt.

And at last; look at these cute chicks we “made” at my school before easter.

chick

DSCF2550

onsdag 24. mars 2010

Onsdagsvideo

I dag vil eg vise dykk ein video eller to.

Eg blei tipsa om denne av ein Ravelry-ven frå USA.

Fascinerande med slike videoar der ein berre kan ane arbeidsmengda bak.

Sjekk også ut videoen om prosessen bak.

Ha ein fin onsdagskveld. Snart helg igjen :)

søndag 10. januar 2010

Isslott

 DSCF2045

Kvifor ikkje nytte alle desse minusgradene vi har for tida?

No er det perfekt å leike seg med snø og is.

DSCF2049

På skulen skyl og brettar vi melkekartongar kvar dag. Men vi gløymde visst å hive posen med kartongar i søppelkassa før jul… Det var jammen bra.

På torsdag bretta vi opp igjen mesteparten av kartongane, fylde dei med vatn (med og utan maling) og sette dei ut. 120 kartongar hadde vi til slutt. I tillegg fann eg ein del rømmebeger.

DSCF2048

På fredag (i –15) var vi klare for å lage isslott. Snøsørpe brukte vi som sement.

Det var kaldt, men kjekt. Og no står slottet der ei stund (håpar eg). Eg tømde på ein del vatn til slutt.

   DSCF2046

DSCF2050

Why not use all the cold degrees we have these days? (-15 C on friday).

At school we took all the used milk kartons and filled them with water and put them outside. Next day we had lots of ice cubes to make an ice castle

It was cold, but fun.

torsdag 24. september 2009

Regnvêrsdraumar…

Det sluttar visst aldri dette regnet… Alle dei fine haustfargane slepp ikkje til.

Og eg ønsker meg ny regnjakke/kåpe.

Skulle ha vore ein tur i Danmark og handla… Ei regnjakke frå Danefæ hadde lyst opp haustmørket:

(Alle bilda her er frå nettbutikken deira.)

mintudkrut_regn

helen_grn_newregn

 truerainbow_regn

Og dersom regnet skulle minke litt kan det kanskje bli bruk for andre slags jakker også…

elseRED

Dessverre har eg har ingen Danmarkstur i planane så langt… Men eg skal til Bergen i haustferien!

Og då har eg tenkt å leite opp butikkar som har kule regnkåper (m.a. frå Danefæ)! Så då får eg berre håpe at ikkje bergensarane har kjøpt opp alle…

(Kan sjølvsagt også bestille på nettet frå sjølve Danefæ-butikken, men då kjem det alle slags momsar og gebyr og toll i tillegg :_( Det får vere naudløysinga.)

-------

It is non-stop-rain here. And it has been for the most part of September (& August)… SO I’m dreaming of a new raincoat to cheer myself up. These coats are from Danefæ in Denmark.

mandag 27. juli 2009

Ferietid

Enno ferietid, heldigvis. Men plutseleg er det slutten av juli…

Eg var ein liten tur til Byneset i forrige veke. Tok bussen ned til Sunnmøre igjen og i buss-skuret satt denne karen. Han satt der heilt aleine. Han ventar vel på venen sin, eller så skulle han kanskje på jobb. DSCF0807

Ser på drakta at han jobbar på Rikshospitalet. Litt av ein pendleveg…

I går hadde eg bursdag, og fekk endeleg laga litt kaker og slikt.

DSCF0824

Sitronmarengspai var det lenge sidan eg hadde laga no. Den er søt og syrleg og god :)

Og eg har visst ordna eit par bursdagsgåver til meg sjølv i det siste…

DSCF0813

Snopa litt stoff frå Japan,

DSCF0797

og kjøpte meg nye Camper-sko til halv pris.

Happy birthday to me :)

------

It was my birthday yesterday. I made some cakes and had i little party. Lemon Meringue Pie is good!

And I’ve bought a couple of presents for myself: New fabric from Japan and Camper shoes on sale :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails