Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg

søndag 19. juli 2009

…der leikade fisk ned i kavet…

Vi var på Raudøytur no i veka. På veg heimatt tok vi ein tur ut på Fluda (god fiskeplass) for å sjekke om der var fisk.

Det var det!!

DSCF0740

Ekkoloddet peip i eit sett. Vi rakk nesten ikkje å få snøret til botnen før det var fullt.

26 småsei i løpet av nokre minutt. Det var nok til kveldsmaten og festmiddag til kattane.

DSCF0737 

Spennande å sjå etter fisk, men nesten litt skummelt når dei kjem opp i båten.

DSCF0745

DSCF0755 

We went fishing this week, after a trip to the island (see R in my ABC-posts). The sea was full. In a few minutes we had enough for a late dinner, for us and the cats.

tirsdag 12. mai 2009

Tysdagsmoro

Manglar du litt futt i kvardagen? Skulle du gjerne hatt superkrefter?

Veit ikkje om dette kan hjelpe, men hos the HEROFACTORY kan du lage superheltvarianten av deg sjølv.

Dette er meg. Til ære for nevø Øystein valde eg eit lyssverd som ekstrautstyr. Ganske moro og heilt unyttig…

MyHero1

Vi (storfamilien) har forresten vår eigen superhelt: Truse-Lars. Han bur i leikehuset heime hos mamma og pappa når han ikkje er ute og reddar verda. Lurer forresten på om han har pensjonert seg – det er ei stund sidan han viste seg sist… (Litt intern familehumor her.)

---------

For ein strikkar og heklar må vel det verste vere å skade ei hand. Men skulle uhellet først vere ute kan det kanskje vere kjekt med ei fatle som dette? Med forklaring på, slik at ein slepp å fortelje om og om igjen kva som har skjedd?

Bilde frå craftzine. Idéen kjem frå Bem Legaus.

funny_accident_slings1funny_accident_slings2

Og skulle ein mangle idéar til strikke/hekle-prosjekt kan ein ty til strikkegrafitti. Her er ein buss frå Mexico.

PD*26392062

Bilde: BNPS via Telegraph

fredag 1. mai 2009

Blomster

2009_04290040b

Treng du nokre nye blomstrar til vinduskarmen din? Nokre som verken treng vatn eller stell? Dei passar veldig godt i eit klasserom for eksempel…

Du treng litt kartong i ulike fine fargar, ein liten bit papp, ein blomsterpinne eller eit lite grillspyd og litt lim.

2009_04290042

Do you need some new flowers in your window? Of the kind that doesn’t need watering? They look very good in a classroom…

You need some cardstock or construction paper in nice colours, a piece of cardboard, a little wooden flowerstick or skewer a little bit of green paint and some glue.

2009_04290048

Klipp ut ei blomsterpotte av pappen og dekorer som du vil med maling eller papir.

Cut out a flowerpot from the cardboard. Decorate it with paint or paper.

2009_04290049

Av kartongen kilpper du ut delar til blomsten og eit par blad.

Using the coloured paper cut out pieces for the flower and leaves.

2009_04290050

Lim saman delane til blomsten.

Glue the flowerpieces together.

2009_04290051

Legg klar alle delane. Mal pinnen grønn dersom du treng det.

Eg brukar limpistol til å sette dei saman (sidan eg er vaksen og litt utålmodig), men du kan sjølvsagt også bruke vanlig skulelim. Då tar det berre litt lenger tid før alt er tørt. Born bør ikkje bruke limpistol utan tilsyn.

Paint the flowerstick or skewer green if you need to.

I’m using a gluegun for putting all the pieces together. You can  use ordinary craft glue too (it just takes a little longer to dry). Children should not use the gluegun – it’s hot.

2009_04290053

Fest blomsterpinnen først.

Attach the flowerstick first.

2009_04290054

Dersom du vil at blomsten skal sjå fin ut på begge sider av vinduet kan du lage ein til i kartong. (Den treng ikkje vere lik den første) Lim den på den andre sida av blomsterpinnen.

If you want your flower to look nice on both sides of a window you can make two flowers (they don’t need to look the same) and glue them to both sides of the flowerstick.

2009_04290055

2009_04290056

Lim på bladet og blomsterpotta til slutt.

Attach the leaves and at last the flowerpot.

2009_04290064

Og så har du ein blomst.

And you have a new flower.

Mønster til blomsterdelane finn du her.

You can find pattern for the flowers here.

søndag 8. februar 2009

Vintersøndag

Nesten påskestemning her i dag. Med snø, kuldegrader og sol. Eg kjente nesten suget etter kvikk-lunsj, appelsin, kakao og ski.

Men eg tok ein spasertur i byen. Ein dobbel latte gjer også nytta :)

2009_02080020

Den beste akebakken i byen var sjølvsagt full av folk.vabua

På elva ventar båtane på varmare tider.

0802b

Desse trea i byen er alltid pent friserte.

0802c

Frå Festningsgata har vi fin utsikt til sjøen.

0802d

Til slutt utsikta frå bakken min.

0802

Eg håpar vinteren varer nokre dagar til.

Lovely weather today. I went for a walk. Enjoy the photos.

onsdag 19. november 2008

Nesten helg igjen...

2008_11190007 2008_11190009

Fekk ein idé, og hekla ein slags (jule)pynt i ettermiddag. Den er litt polstra, så det vart ei flat kule. Litt søt synest eg. Men då eg gjekk forbi kjøkkenskapet skjønte eg fort kvar fargeinspirasjonen kom frå...

Kanskje eg må ringe Green Gate og høyre om dei vil kjøpe designen min :)

Eg trur eg går for ei fargerik jul.

2008_11190011

I crocheted this little ornament today. Had to try en idea. When I passed my kitchen shelves I could see where my colour inspiration came from. It matches my Green Gate cups.

2008_11190016

Såg nokon som hadde laga ein handoodle på flickr, og eg fekk lyst til å gjere det samme. Eg likte å lage slike formar fulle med mønster før, men no var det lenge sidan sist. Er det å drodle vi kallar det? Har også laga ei grøn hand.

I saw this idea on flickr and had to try to make "handooldes". I haven't doodled like this in a while. It was fun.

2008_11190015

Og sidan det nesten er helg igjen legg eg ved ein Feist-video til. (Her kan de lære nokre danse-steg for neste gong de er på flyplass-rulleband.)

søndag 16. november 2008

messetid

   2008_11160002

I går var det den store julemessa. Eg var oppteken med åresalg heile dagen. Mykje folk, mange gevinstar, mange vinnarar. Eg har vanlegvis ikkje så mykje hell i lotteri og slikt, men eg fekk faktisk med meg ei kransekake :)

Den skal nytast litt etter litt. (Må tilstå at eg har smakt på ein ring eller to)

   2008_11160025 

   2008_11160028

Etter å ha vore på messa heile dagen var det deilig å plassere seg på sofaen i går kveld. Der fant eg denne filmen (Titanic, sjølvsagt) på ein kanal - og då var kvelden redda. Ikkje akkurat megastor flatskjerm her i stova, som de kan sjå.

Christmas fair at my church yesterday. I was busy all day helping with the lottery. I even won a "kransekake" (usually I don't win much)- my favourite cake. I will put this in the freezer and enjoy it piece by piece.

The rest of the evening was spent watching this movie. (Titanic as you can see)

   2008_11160035

Litt strikking til filmen. Dette skal bli ein kjole.

   2008_11160038

Og er har kome til siste arma på FLS-jakka mi.

And I'm knitting Christmas presents. The dotty knitting is going to be a dress. And I'm on the last arm of my purple FLS.

onsdag 12. november 2008

Månelyst...

... er det ute i kveld. Vi har til og med fint ver slik at månen kan nytast. Han stod akkurat opp når eg gjekk heim frå jobb.

2008_11120027

(Skulle berre hatt betre fotoapparat og zoom.)

Til helga er det julemesse og speidarjentene og eg har laga magnetar som vi håpar nokon vil kjøpe.

2008_11120028

Desse er veldig enkle å lage. Du treng berre glass-steinar, festleg papir/stoff, ein magnet (15 mm) og godt lim.

Klipp papiret slik at det er ca på størrelse med magneten. Lim det fast på magneten. Ha ein klatt lim oppå der og trykk fast glass-steinen.

2008_11120010

Så langt kom eg på sjalet med garnnøstet eg kjøpte i Bergen. Sjalet blei i minste laget - så no har systra mi i Bergen fått i oppdrag å skaffe meg eit nøste til.

Dette er forreasten det mest ruskete garnet eg har vore borte i. Frykteleg mykje kvist og kvas inni tråden synest eg.

2008_11120033

Nesten ferdig med ei julegåve. Det skal bli ei jakke som de ser.

Og sidan det snart er helg igjen sluttar eg med musikk. Denne har eg hatt på hjernen i det siste. Dama som syng er canadisk og kallar seg Feist.

Ein fargeklatt av ein video - noko å prøve i gymtimen...

mandag 6. oktober 2008

Var det ikkje det eg viste....

Måtte knipse denne plakaten i eit butikkvindu - nesten som eg skulle sagt det sjølv...

40år

Vel - det var kanskje nokre år på 80-90 tallet då "velkledd" kanskje ikkje var mest dekkande, men det seier vi ingenting om no :) (Og det er vel kan hende ikkje meg Dressmann har i tankane heller.)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails