Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg

mandag 31. mars 2014

Lampeskjerm igjen

I'm making lampshades again.

IMAG3021

Eg har hekla ein ny lampeskjerm, og er litt nærare målet om 3 lampeskjermar over spisetuebordet… Kan gjerne anbefale å hekle dine eigne skjermar altså.

Du treng eit gammalt skjermskjelett med fin form, nokre gram garn (eg brukte 200-250 g bomullsgarn) og ein heklekrok som passar til garnet ditt.

Eg har før hekla ein skjerm med viftemønster. Denne gongen vart det boblar.

Ei eksakt oppskrift er det vanskeleg å gi dykk. Når du heklar lampeskjerm bør du vere klar for å improvisere undervegs. Du bør auke/minke på maskeantal slik at det du heklar ligg fint rundt skjelettet. Det er heilt greitt å jukse til litt også. På ein lampeskjerm vil sikkert ingen sjå at mønsteret ikkje er heilt likt alle stader…

I've made another lampshade, my plan is to have three above my dining room table… You should try to make one or two too! 

You'll need an old lampshade frame, yarn of your choice (I've used 200-250 gr cotton yarn) and a hook that matches your yarn.

I've made a lampshade in a shell pattern before, this time it was bobbles. It is hard to give you an exact pattern. Every frame is different, and you must be able to improvise as you go. You will have to increase and decrease so your crochet fabric fits the frame. Sometimes you might have to cheat a little. People will probably not notice that your pattern is not excactly the same everywhere…

001b

Start med å hekle rundt kanten nede. Det blir finast om du heklar ganske tett her. Prøv å få like mange masker mellom kvar stang på skjelettet. (På denne skjermen vart det 15 fm mellom kvar stang).

Start by crocheting around the bottom ring of the frame. It will look best if you cover the frame as much as you can.

420b

I neste runde hekla eg 1 stav i kvar fastmaske.

The next round I made one dc in each sc.

419

No hadde eg litt for mange stavar i forhold til omkrinsen på skjelettet. Derfor måtte eg minske på neste omgong (første boblerunde).

På denne skjermen vart det 15 runder med bobler. På bildet under har eg notert ned mønsteret på dei rundene (på engelsk). Eg passa på at boblene ikkje kom rett over kvarandre. Då må du justere korleis du startar rundene. Nokre gongar måtte eg starte med nokre stavar istaden for boble. Det må du tilpasse di eiga hekling. På mønsteret under startar alle rundene med bobler, berre for å gjere det enkelt for meg å skrive ned :)

Boblene er laga av 5 doble stavar hekla i same maske. For kvar dobbelstav lar du siste løkke vere igjen på kroken. Når du har laga 5 har du 6 løkker på kroken. Då avsluttar du med å trekke tråden gjennom alle løkkene = ei boble.

Innimellom boblerundene er ei runde med stavar. Der hekla eg ein stav i kvar maske på forrige runde. På dei sto siste rundene med stavar er det felling.

Her er boblerundene på norsk:

1: * Boble, 2 st, 2 st saman, 2 st* heile vegen rundt. 2 – 8: *Boble, 5 st* heile vegen rundt.

9: *Boble, 3 st, 2 st saman, boble, 5 st* rundt heile. 10: *Boble, 4 st, boble, 3 st, 2 st saman* rundt heile.

11: *Boble, 4 st* rundt heile. 12: *Boble, 2 st, 2 st saman* rundt heile.  13: *Boble, 3 st*

14: *Boble, 3 st* .  Neste runde med stavar heklar du 2 st, 2 st saman.

15: *Boble, 2 st* . Siste runde med stavar heklar du 1 st, 2 st saman.


I ended up with too many stitches after the first round of dc, so I had to decrease on my first round of bobbles. On this lampshade I made 15 bobble rounds. On the photo below I've numbered the bobble rounds. In between the rounds of bobbles I made a dc round, and made one dc in every st. On the two last dc round I decreased. See note on the photo. I didn't want the bobbles to end up directly above each other so on the even bobble rounds I started with a few dc so the new bobble ended up in between the bobbles on the row before. You'll figure it out :)

The bobbles are made of 5 tr made in the same stitch, leaving the last loop on the hook. When you have made 5 you'll have 6 loops on the hook. Yarn over and draw a loop through all 6 loops.

005text

004text

Den siste runda er fastmasker som eg heklar rundt skjelettet på toppen. (2 fm i kvar st)

The last round is sc around the top of the frame.

459b

97bb2792b5da11e3a7be0e3a371770fe_8 2e4c6194b5cc11e3a753127fda40c468_8

Eg håpar du blir inspirert til å lage din eigen skjerm. Som sagt, dette er ikkje eit fullstendig mønster, men ein guide til å lage ein liknande skjerm. Lykke til!

I hope this can inspire you to to make your own lampshades. As I said, this isnot a complete pattern, just how I made this one. It should give you a few tips on how to do it, I hope.

PS: Here are my other lampshades too.

032

004

IMAG0979

tirsdag 24. juli 2012

Stolar

Dei siste dagane har eg funne fram symaskina igjen. No var det på tide å gjere ferdig stolane som har stått her sånn halvvegs oppussa.

Eg har samla på spisestue-stolar i forskjellige variantar og dei har fått kvar sin farge av meg.

028

Den turkise stolen vart ferdig for eit par år sidan. Dei andre har stått her med fin farge, men med stygge setetrekk. Dei skulle nemleg få lappetrekk dei også.

025

Og no mange lappar seinare:

029

030

031

Alle trekka er laga som ein firkant og quilta med bomullsvatt på baksida for meir stabilitet. Dei er stifta fast i seta, og skulle det vere nødvendig kan dei takast av og vaskast (og stiftast på igjen).

--------

My (vintage) diningroom chairs have been standing here half done for a long time. I finally got round to making the patchwork seat covers this week. I made a square patchwork piece, quilted it with som batting  for more stability. I then stapled the patchwork piec on to the seat. Now I only need a red and an orange chair…

033

040

039

041

tirsdag 6. mars 2012

Lampeskjerm nr 2

- eller nestenkråkebolle om du vil.
Denne lille, rare lampen kjøpte eg på loppemarknad i haust.
I bought this funny little lamp at a fleamarket.
012
Lampeskjermen her var ikkje noko å samle på, så lampen har stått her og venta på fornying. Og no som eg har starta med lampeskjermheklinga var tida inne for å gjere noko.
The lampshade was ugly, so I knew I was going to do something better with it. And now was the time.
005
Sjølve foten fekk ein omgang med spraymaling.
Used spray paint on the lamp.
001
025
Denne gongen vart det boblehekling i gult. Vart fakstisk nesten ein gult påskeegg ser eg no…
I went for the yellow bubble stitch look this time.
026
027
032
Dei to skjermane mine i lag ser nesten ut som ein blomst.
My two crocheted shades together. Allmost like a flower.
006
Eit litt uskarpt bilde av den ferdige lampen. Eg var ei stund redd for at eg har hekla for tett skjerm, men som de ser så lyser han godt opp.
As you can see it gives a pretty light.
004
PS:
Eg brukar berre 25 w pære i denne, for å hindre at det blir for varmt. Det ser ut til å gå bra, men eg har berre lampen på når eg er i nærleiken.
Lagar du heklelampar sjølv, så pass på dette med varmen frå lyspæra.

To prevent the lamp from overheating I'm using a 25 watt lightbulb. That has worked fine so far. But the lamp is only on when I'm around.
It's important to consider the heat from the lightbulbs when making lamps. We don't want any accidents...

søndag 4. mars 2012

Lampeskjerm, del 2

011

Så langt kom eg altså sist helg. Eg fann heldigvis eit nøste av samme farge på ein annan garnbutikk slik at eg fekk avslutta.

This is how far I got last weekend. Luckily the shop had one more skein in the right colour so I could finish it.

012

For dei spesielt interesserte, her er kva eg gjorde:

Starta med 9 dobbelstavar i kvar vifte, så vart det 7 dobbelstavar i 4 vifterunder, deretter 5 dobbelstavar i 3 runder, så 5 stavar i 2 runder  -før eg triksa litt og slo to og to vifter saman – Så vart det ei runde med 7 dobbelstavar, ei runde med 5 dobbelstavar og ei runde med 5 vanlege stavar til slutt.

Noko betre oppskrift trur eg ikkje det er råd å legge ut. Det er berre å prøve seg fram til det passar…

This is what I did:

Started with 9 tr in every fan, so 7 tr in every fan for 4 rounds, then 5 tr for 3 rounds, so 5 dc in 2 rounds – then i made two fans into one – Then one round of 7 tr in every fan, then one round with 5 tr and at last one round of 5 dc in every fan.

I don't think I can give you a more exact pattern. You'll just hav to try it out until it looks good.

022

De ser eit lite skifte i mønsteret der eg "slår saman" viftene, men satsar på at det berre er eg som legg merke til slikt.

Eg har no fått dilla på desse skjermane og har planar om fleire – i andre fargar. Og så hadde det vore kult om eg fekk til å henge dei opp i saman.

You can see a shift in the pattern where I mad two fans into one, but hopefully most people will not notice it too much.

This was so much fun, that I have plans to make more. It would be cool if I found a way to hang them together over my dining table…

018b

Og jammen blei det ikkje nesten ein fin hatt også :)

Maybe making hats will be the next thing… :)

søndag 26. februar 2012

Lampeskjerm – Lampshade

Ute i internett-verda fins det rikeleg med inspirasjon. Nesten litt for mykje av og til. Det kan lett bli for mykje klikking og for lite konkret handarbeid.
Og mange gongar havnar ting eg finn på “Det må eg prøve å lage sjølv”-lista. (Som er ganske lang etterkvart.)
Desse lampeskjermane her for eksempel. Først sett på Pinterest. Frå der fann eg vegen til den franske bloggen og nettbutikken (?) som hadde laga dei. Les petites bohemes (Trur i allefall dei kom frå ein slags nettbutikk, fransken min er ikkje heilt som han aldri har vore…) Dette bildet er frå ei utstilling i butikken Serendipity i Paris.

I first discovered these lampshades on Pinterest. 
They are from a French blog (and web shop?) Les Petites Bohèmes.


This is a photo of a window display at the Paris store Serendipity. From this blog
These are not my lampshades...

Fine ikkje sant. Og dei passar heilt flott hos meg. Men å handle frå Frankrike er ikkje aktuelt – og ikkje finn eg dei i butikken heller – så då ma eg hekle sjølv.
Og no i veka kom Marie Claire-bladet i postkassa, og der var det jammen eit bilde av lampeskjemen igjen. Og eit såpass bra bilde at eg kan finne ut av mønsteret (som er eit heilt vanleg viftemønster der ein minkar på antallet stavar oppover på skjermen).

I decided I had to try to make them one day. They would fit perfectly into my home. And in the latest Marie Claire magazine was another photo of the lampshade. Perfect!
004
I den gamle handarbeidsboka mi ser eg fleire heklemønster som liknar:
I can see many similar patterns in my old needlecraft book. The English title of the book is: Step by Step Needlecraft Encyclopedia (Judy Brittain).
005
006
I følge bladet kostar lampeskjermen 185 Euro – trur det kan lønne seg å hekle sjølv…
028
Denne lampeskjermen frå bruktbutikken er absolutt klar for ei fornying.
025
Eg starta først med noko gult bomullsgarn. Måtte prøve nokre runder før eg fann ut kor mange masker eg skulle starte med.
030
Begynner å finne ut av mønsteret her, men var ikkje fornøgd med garnet.
033
Så eg starta på nytt med litt tjukkare og blankare garn.
035
Er godt i gong her, og er litt spent på korleis det blir med “fellinga” oppover i skjermen… Men det ser bra ut så langt.
037
I found an old lampshade in the thrift shop. It really needed a make over! I started out using a yellow cotton yarn, but was not happy with that so I changed to a slightly thicker yarn. Did a few trial rounds while figuring out the pattern. I think I know the pattern now, but are still not quite sure about how to do the decreasing on the top of the shade. (ETA - actually it wasn't so difficult after all...)
011
012
Allmost out of yarn now, so I’ll have to buy more before I can finish it completely.
--- Edited to add details about the book…

fredag 13. august 2010

Moro med maling

Eg har vore flittig med penslar no på slutten av sommaren. Ein kommode og ei bokhylle har fått ei fornying. Kommoden var frå bruktbutikken. Brun og litt slitt med messinghandtak. Eg skrudde av beina då eg skulle frakte den heim. La beina i veska mi, men kva for ei veske var no det den dagen? DSCF3719DSCF3720

DSCF3721

DSCF3816

Eg fann i alle fall ikkje beina no, så kommoden har fått låne dei turkise beina til krakken min så lenge. Dei er litt for høge så kommoden står litt på tå…   

Men kvit blei kommoden og messinghandtaka spraya eg raude. Synest det blei litt tøft med raude handtak og turkise bein… Så det er mogleg at dei ekte kommodebeina også blir turkise… når dei dukkar opp…

 I’ve been painting some things these last weeks. An old dresser from the thriftshop is no longer brown. It was abit worn and needed a facelift. I took off the legs to get it into my car (home from the shop). Put the legs in my bag, but wich bag. I could not find the legs now. So the dresser had to borrow the aqua and (higher) legs from a stool I have… The handles was brass – I spray painted them red.

I quite like the aqua and red combination so I might just paint the real dresser legs aqua too. They’re still brown – in a bag - somewhere in the house…

DSCF3740

Bokhylla var ei enkel (og billig) hyllle eg kjøpte då eg flytta heimanifrå. Sponplate og look-alike-tre-folie. Kanskje ikkje akkurat slikt som kan malast (særleg haldbart) men eg var lei den brune hylla…

Grunning og maling på den også. Og for ei stund sidan kjøpte eg blomstrete “kontaktpapir” på fargehandelen. Den klistra eg på bakveggen.

----------------------------

I also painted an old bookshelf. It was a cheap shelf not solid wood with a look-alike-wood foil. I painted it white as well and found a pretty flower foil to stick on the back.

 DSCF3741 

DSCF3807

Ahhh… mykje betre enn det brune…

----------------------

Much better than the old brown shelf…

DSCF3810

Og nokre intet-anande småting frå bruktbutikken har fått seg eit par dusjar med spraymaling. (Har ikkje bilde av alle tinga enno.)

DSCF3811 

Så langt er fargespekteret litt kjedeleg, raudt og oransje. Utvalet i sprayboksmaling var dårleg her i bygda. Skulle gjerne hatt spraymaling i turkis og lysegrønt for eksempel…

-----------------

I’ve also spray painted a few thrifted things. So far I only have red and orange paint. I wish for aqua and green spray paint, but haven’t found it anywhere.

Ha ei fin helg!

Have a nice weekend!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails