Viser innlegg med etiketten Sommar/Summer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sommar/Summer. Vis alle innlegg

tirsdag 22. juli 2014

Sommar

IMG_0022

For ein nydeleg sommar vi har! Varmen og sola tar visst aldri slutt. Eg må rett og slett innimellom søke tilflukt innandørs, det bllir for varmt ute…

IMG_0080

Og blomstrane likar også sola, sjølv om ikkje alle plantene er fornøgde. Vinter og vår vart for tørre, så peonane mine vart det ikkje noko fres over i år. Ripsbærbuska skrantar også litt – veldig få bær, og stikkelsbærbuska har nokon gnafsa veldig på – ingen blad og ingen bær.

IMG_0081

Men i staudebedet mitt er det liv.

IMG_0083

Og klematisen er flott også i år!

IMG_0085

God sommar vidare der du er!

Just a few images from my garden. We are having a lovely summer and these flowers are enjoying the sun.

onsdag 3. juli 2013

Instagram i juni

2423bbe6d6a111e2be0d22000a9f14df_7

Sommarneglene er på plass – kunne berre varmen kome også…

My summer nails are ready – if only the weather could get a little bit warmer…

48f0f646de3a11e2854522000a1f9e45_7

47240908d60011e2912922000a1fceb7_7

15fce46ce0fa11e28db822000a1f9720_7

2c3ee5aad84311e29ce222000a1fd1f4_7

Det gror ute i alle fall… eg har laga eit par hyller til terrasseveggen.

The flowers like this weather… I have made a couple of shelves for my patio wall.

1ac213bad76c11e2be0322000a9f38f1_7

a9e6ec0cd77411e2a90b22000ae91343_7

Eg har rydda i gamle kasser – fann gamle klede og kindereggfigur-samlinga…

I've been going through old boxes – found my old clothes and my Kinderegg toys collection…

c1bc7eeadbc611e2852a22000a9e0709_7

40d2a120dbd911e2a4cb22000a9e0859_7

cadb936edb0611e2adc122000a1f9ace_7

622810e8db6211e2ade722000a1faea4_7

9501a3aadc1411e282b422000a1f9ab7_7

Oslotur for å besøke familie.

Visiting famliy in Oslo.

c3781e04db2d11e2b01422000aaa05b1_7

180ab90edbe711e2978222000aa80103_7

941d4596dcf711e2ab9622000a9f1423_7

7f01cf84dd0011e2912b22000a1fa8d6_7

e1c82ed4dc3211e2a1fa22000a1f9261_7

God mat i Oslo.

Good food in Oslo.

tirsdag 24. juli 2012

Maleferie

Eg har ikkje vore så aktiv her i sommar, men eg har ikkje vore ute og reist. Det har vore den store malesommaren… Og når regnet har stoppa maling utandørs har eg svingt malarkosten inne.

No når det nærmar seg slutten på feiren (hulk) kan eg heldigvis sjå et eg har kome litt nedover på lista av ting som skal gjerast.

It's time to show you what I've been doing this summer. I have not been traveling, I have spent the summer in company of a paintbrush – outside and inside.

043

Veggane ute har fått seg eit etterlengta strøk med maling (har berre bittelitt igjen som de ser). Burde nok ha fått eit strøk til, men det spørs om eg får det til i år.

The outside walls got a much needed coat of paint. I only have a little bit left.

044

Terrassen har også fått ny beis.

I also stained the floor here.

045

Trappa har gått frå mørkebrun til kvit, veggane (øverst) har gått frå mørkegrønne til lys grå. (Før-bilde under her).

trappa-før

My staircase has gone from dark brown to white. The walls (top) has gone from dark green to light grey. (Before picture above).

047

Til og med undersida av trinna fekk nokre strøk. Resten av trappetrinna skal nok bli kvite seinare.

And I crawled under the stairs to paint under the steps too. I mostly managed to not get paint in my hair…

mandag 11. juni 2012

Søndagstur

030

I går hadde vi utflukt til Hakallegarden. På tide at eg fekk meg ein tur dit, synest no eg!

015

Glade fargar og artige detaljar møtte oss over alt.

018

020

Og så dyr då, sjølvsagt.

021

022

Og inne i løda er det butikk og kafé. Eg måtte begrense shoppinga litt (sidan feriepengane ikkje heilt er på plass endå) men eg fekk meg ein ny fin salatbolle.

Så er de på Sunnmøre er det vel verdt ein tur dit!

023

016

We visited a very colourful open farm yesterday. Not far away, and well worth a visit.

mandag 11. juli 2011

Hage

No har eg faktisk eigen hage. Men der har hekkeplantene fått vakse fritt i mange år. Så dei var på god veg til å ta over heile området. Eg har gått hardt til verks med hagesaksa og har tenkt å ta vekk alt. Vil heller ha nokre bærbusker der.  Heldigvis har eg ein sterk bror som kan hjelpe til med å grave vekk røtene.

013

Ei rot har vi fått opp no, og hagen byrjar å likne på ein åker…

035

Men sjå, noko fint har eg som skal få stå. Rhododendron og peonar. Hurra for dei! Og så har eg ei rosebusk som har overlevd vinteren.

Dei stakkars peonblomstane låg nesten flate etter styrtregnet vi har hatt i det siste, så eg tok med meg eit par inn i ei vase. Nydeleg!

043

Og til neste år vil eg plante fleire peonar i andre fargar.  

046

-------

I have peonies in my garden! The only things that looks good there right now. I’m still trying to get rid of the bushes that have been left to grow for a long time. My brother helped to dig up the roots.

I think I should plant more peonies next year.

lørdag 7. august 2010

Rett opp…

DSCF3772

DSCF3769 I dag var det motbakkeløp i bydga. Saudehornet rett opp.

DSCF3756

Vi som ikkje sprang, gjekk opp fjellet tok frukosten i gågata.

DSCF3759 Der kunne vi kikke opp på fjellet, ser du nøye på bildet under kan du skimte folk og målbanner på toppen.

DSCF3762b

Så heia vi litt då konkurranseløparane sprang forbi. Vi kunne trøste dei med at det ikkje var langt igjen. Berre ca 1300 høgdemeter…

DSCF3764

Etterpå rusla vi via bondens marknad ned til småbåthavna der vi på storskjerm kunne sjå bestemann gå i mål etter ca 49 minutt.

DSCF3776

Ja, det er bratt på toppen. Og langt der nede kan de skimte bygda. DSCF3768

Og alt i eit nydeleg sommarver!

-------------------------------

Just some photos from today.

Lovely weather, many people in town, Farmer’s Market, and an up-the-mountain-race. As you can see people ran up on the highest mountain around here. 1303 m. The winning time today was 49 minutes.

I did not go up there today, but have been there and I used a bit more than 49 minutes. Just a little bit… (slightly ironic here…)

mandag 19. juli 2010

Familieferie

Foreldrehuset har vore fullt i eit par veker  - med fleire søskenfamiliar heime og 23 rundt bordet (og i senger, sofaar og madrassar rundt omkring…) på det meste.

No har det stilna, nesten ingen igjen – berre 9…

Her er nokre glimt frå dei siste vekene.

DSCF3591

Tilskodarar på første rad då containeren vart henta.

DSCF3639b

4-åringane drog med seg sakene frå leikehuset ut og hadde piknik på plenen.

DSCF3643

Nintendo er visst ein hit…

DSCF3649b

Biltur til Flø

DSCF3651

Lokal katt passar på.

DSCF3653

På veg til stranda.

DSCF3661

Deilig sand…

DSCF3662b

DSCF3666 

Og litt sying på tampen. Ein ny “rynkekjole” av gamle dynetrekk.

Just a few photos from the last week.

The parent’s house has been full for a couple of weeks. Sibling families on holiday and 23 people around the table (and in beds and on sofas and floors around the house…)

It is more quiet now, only 9 people left.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails