Viser innlegg med etiketten Sylvi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sylvi. Vis alle innlegg

torsdag 5. mars 2009

Litt fakta om Sylvi

Takk for alle hyggelege kommentarar om Sylvi :)
Jakka har fungert bra i eit par dagar no, og den er varm nok for dagar som dette.

Eg har brukt garnet Topp t'tå frå Gjestal. Kunne sikkert ha brukt mange andre sortar med strikkefastheit 12 m = 10 cm.
Men sidan eg fekk Topp t'tå for 17 kr nøstet vart det valet mitt.
Eg har nemleg brukt 27 nøster!! Godt eg tok godt i (trudde eg) og bestilte 30 nøster...
Eg har då strikka jakka i str L, og ho veg ca 1350 gram. Litt tung altså, men det merkar eg ikkje så mykje til når ho er på.
Og mønsteret kan kjøpast her, hos Twist Collective
Det er på engelsk, men det er godt forklart.
Kan anbefalast!

tirsdag 3. mars 2009

Sylvi og knappesnop

Her kjem bilda som eg lovte. Har traska rundt i Oslo ganske så fornøgd i dag. Er berre litt forundra over at ikkje alle har spurt meg om kven som har strikka den fine jakka mi. 
Men eg kom nesten på tv då eg gjekk nedover Karl Johan. Berre sånn ca 3-4 tv-team ute  i dag og intervjua folk  som eg gjekk forbi.
Eg er veldig fornøgd med ryggen. Fronten treng enno litt strekking og blokking. Knappestolpane har ei heilt anna lengde enn perlestrikkinga så dei svingar litt hit og dit. Men ikkje verre enn at jakka kan brukast.
I går var det heller vått i oslogatene, så skoa mine hadde det ikkje bra. 
(Tok dei andre, ikkje fullt så fine, skoa i dag.)
I tilleg gjekk eg rundt og kika opp på taka heile tida. Litt redd for takras...
Betre ver i dag, og eg og søster var på snopetur til Snella & Petronella. 
Det blei nokre knappar og en ny ring.
This is my Sylvi. Used for the first time today. Yes, I'm pleased. The front need some more blocking. But I'll do that when I come home. Until then I will use it as it is. 


Ferdig

Jepp, Sylvi er ferdig! Må nok prøve litt våt-blokking når eg kjem heim igjen, men intil vidare kan ho sikkert brukast. Eg skal sjekke temperaturen ute og sjå om ikkje eg kan ta ei testrunde i dag :)

Skal sjå om eg kan kome med nokre bilder seinare idag. Bloggar frå lånt mac sidan eg er på tur, og eg trur ikkje eg skal prøve å legge inn bilder her utan lov.

Ha ein fin tysdag.

fredag 27. februar 2009

God fredag

Ekstra god fredagskveld i dag. Vinterferien står for døra.

Blei eg ferdig med Sylvi spør du kanskje? Nei…

2009_02240002

Men dei eg skal besøke i Oslo skal ut i selskap, så då kan eg sitte heime hos dei og montere og strikke ferdig så lenge. Eg skal nok få ho i bruk.

2009_02240011

Og siste lengderapport etter litt damping av ryggen viser at jakka blir lang nok :)

(Og ikkje for lang får vi håpe.)

2009_02240012

Satt og kikka i eit koseleg svensk blad før i veka. Her har de nokre fine bilder frå “Drömhem og trädgård”.

Fin vårstemning med slike fargar.

2009_02240003

2009_02240006

2009_02240007

2009_02240009

Dette var ei annonse for maling, men det var litt kult med turkis piano.2009_02240008

I allmost finished with my Sylvi. Hope to have it all done this weekend.

The last photos are from a swedish magazine: “Drömhem og trädgård”.

Half term next week and I’m going to Oslo.

Have a nice week end.

tirsdag 10. februar 2009

Ei utfordring og litt Sylvi-nytt

Eg har fått ei utfordring frå Liv Irene: Vis fram det 6. bildet i den 6. mappa.

I dag vart det dette bildet, tatt i bryllupet til lillesøster i 2007.

br2

Fem av niesene var brudepiker, og eg brukte nokre sommarveker på å sy brudepikekjolane.

Sidan ikkje alle niesene viser på bildet her tek eg med eitt til (det sjuande). Det var ikkje så lett å få alle brudepikene til å stå stille og kanskje sjå i samme retning…

br3

Og så må eg helse litt ekstra til lillesøster og mannen som er i Mali for tida.

- Og så litt strikkenytt.

Eg er nesten ferdig med ryggen til Sylvi. Det har gått kjempefort med pinnar nr 7.

Men eg er eit stykke ifrå ønska lengde. Vil eg få det slik eg vil med damping og blokking? BUrde eg ha brukt pinnar 7,5?

Og vil perlestrikken halde seg på plass? Det “krympar” mykje i forhold til flettene som de ser.

2009_02100009

2009_02100011

Det ser ikkje ut til at jakka mi blir ein sånn stilig ned-til-knea-kåpe som på modellen på bilda her : (Og denne jakka er strikka i small – eg strikkar large!!) Kanskje fotomodellen er ei bittelita dame.

bilder frå twistcollective

Eg har heller ikkje bestemt for om eg skal strikke hetta. Kjem ikkje til å bruke den så mykje, men den er fin. Kva synes de?

Akk – så mykje å tenke på… Trur eg treng litt kaffi :)

-------

First a little challenge. Show my 6th photo from my 6th folder. Today it was a photo from my sisters wedding in 2007. Five of our nieces were brides maids. I spent a couple of week that summer making the bridesmaids dresses.

I’m allmost finished with the back of my Sylvi. It has been quick to knit, but I have not got the proper length yet. My row gauge is a bit off. I hope blocking will fix that… But the jacket will not be as long as on the pattern photos. And this is knitted in small! (The girl in the photos must be tiny…)

lørdag 7. februar 2009

Sylvi på pinnane

Eg er i gong! Henta garnet på torsdag og kunne ikkje venta, så klart.

2009_02070027

Starta med ei arm, men er ikkje heilt fornøgd med korleis perlestrikkinga oppfører seg når eg strikkar rundt. Det blir ein spiral som de ser. Så eg lurer på om eg skal gå attende til start og strikke ermene fram og tilbake. Har de nokre andre råd mot spiral-perlestrikk?

Eg har starta med ryggen medan eg funderer litt vidare på armane. Den er det kjekkaste uansett :)

2009_02070025

Det går fort med tjukt garn og tjukke pinnar. Og det sluker garnnøster…. Håpar eg har handla nok.

Ha ein fin laurdagskveld. Eg og Sylvi skal nok ha det fint her, med litt kaffi + sjokolade og rare grand prix songar…:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails