Så er andre søndag i advent snart over. Eg skal straks tenne det andre lyset mitt, før eg skal ut og ete. Har ikkje fått tent lyset før idag sidan stovebordet er fullt av sysaker.
Eg har laga eit lite hus i dag. - og oppdaga at det ikkje er lurt å endre på oppskrifta utan å tenke gjennom heile arbeidsprosessen...
Her skulle eg liksom sy ein rett søm, og toppen av endeveggen skulle ikkje stikke opp på denne måten. Litt handsaum måtte til.
Alle delane kom på plass til slutt. De skal få sjå bilder av det heile seinare.
Eller henta eg ein spennande pakke på posten i går. Eg synest det er kjekt å bake, og bestilte litt utstyr frå Bake It Pretty. No skal det bli fine muffins her!
Det så kjekt å få pakkar, sjølv om det berre er frå meg sjølv :)
Ta gjerne ein tur innom butikken de også. Sjå berre på desse fine muffinsane:
Bilde frå Bake It Pretty
I've been making a little house today. I altered the pattern a bit and discovered that I should have thought through the hole sewing process before changing anything. Well, I just had to do some sewing by hand to fix it. The house is almost finished, I'll show photos later.
I also picked up a nice little box from the post office yesterday. I ordered some baking things from Bake It Pretty. I just have to make lots of cupcakes in the future :)



