torsdag 11. desember 2008

11.

Eg hadde så lyst til å ta bilde av lysa i byen idag. Men med lang eksponeringstid og utan stativ blei det heller eksperimentell fotografering. 2008_12110004

Men de kjenner stemninga, ikkje sant?

 2008_12110007

Butikkane hadde langt-på-kveld-åpent i dag, men eg følte meg ikkje freista til å vere ute så lenge.

2008_12110012

Eg har høyrt på Fredspriskonsert og gjort ferdig strikkeprosjekt i staden. Festa trådar, dampa og sydd på søte små blomster.

2008_12110016 2008_12110019

- Og plutseleg er det helg igjen.

Ha ein fin fredag.

-----

I tried to take some photos of the lights in the town to day. Couldn't hold the camera still, so they are a bit blurry. But you see the nice lights.

The shops were open late this evening, but I didn't want to do shopping today. I've been finishing this little jacket instead. Weaving in ends and sewing on some pretty flowers.

And tomorrow it's weekend again. Have a nice Friday!

onsdag 10. desember 2008

10.

2 veker igjen.

Vi har nydeleg ver for tida, men litt kaldt er det. Og jammen vert det tidleg mørkt. Einaste fordelen med det er at eg kan beundre stjernehimmelen på veg heim frå jobb.

Spesielt er Venus og Jupiter flotte på himmelen no for tida. Dei lyser sterkt i sørvest nokre timar etter solnedgang. Venus er størst, Jupiter er til høgre. Ta ein kikk de også. (Og på fredag er det fullmåne).

2008_12100001

Julegåveverkstaden hos meg går litt treigare enn eg hadde tenkt. Berre ei ny gåve i dag. Og den trur eg eg kan vise fram, sidan nevøen på 2,5 ikkje er så ofte her inne... Fekk tips frå mora om at han har begynt å kreve varmeflaske i senga om kvelden. Og han likar lokomotivet Thomas. Så varmeflasketrekk med Thomas på burde vere perfekt. Brukte mest tid på applikeringa av Thomas på fleecen, så sjølve utforminga av trekket tok eg ikkje så nøye denne gongen. Det vart litt skeivt og bulkete...

2008_12100002 2008_12100003

Og sidan det er onsdag og snart helg igjen, legg eg ved litt musikk.

 

I made this hot water bottle-cover today. My nephew want a hot water bottle in his bed at night, and he loves Thomas the tank engine. Maybe I get to be a favourite aunt for a while after this...

And since it's Wednesday and allmost weekend again I have some swedish Christmas music for you.

Have a nice Thursday.

tirsdag 9. desember 2008

9.

Eg har fundert litt på korleis eg skal få strekt ut swallowtail-sjalet eg strikka. Solveig tipsa meg om at puslematter kan brukast til blokking av sjal. Eg har dessverre ikkje ei slik matte - og det har heller ikkje butikkane i byen no for tida. Men i dag kom eg på at golv-stigespelet eg har i klasserommet nesten er av samme materiale og at det difor sikkert kan brukast. Hurra for gode idéar! Så no ligg sjalet til utstrekking. Stigespelet var dessverre ikkje heilt stort nok, så eg må sjå om det går ann å ta tuppane for seg i morgon .

2008_12090027

I'm using a floor game to block my swallotail . It was not quite large enough, so I'm hoping it's possible to block the remaining parts tomorrow.

thomas

Eg har stadig nokre julegåveprosjekt på gong heime. No nærmar det seg 16. og pakkane bør snart vere i postkassa. Har ingen planar i morgon, så då håpar eg på å få gjort ein del.

I dag har eg vore på korøving og Bach, Berlioz, Mendelssohn og Händel byrjar å kome på plass.

I'm still trying to make presents, not many days left now before they have to be in the mail... Hoping to get a lot done tomorrow.

ecard

mandag 8. desember 2008

8.

I ettermiddag har eg vore effektiv og blei nesten ferdig med eit lite hus til. Fekk retta opp feilen frå i går, og då gjekk det mykje fortare.

Eg har fått eit par utfordringar i det siste.

Frå Liv kom utfordringa om å fortelle 7 ting om meg sjølv.

1. Eg er storesøster til 9 (og etterkvart svigersøster til 5 og tante til 12).

2. Eg var au-pair i England rett etter gymnaset.

3. Har sidan vore anglofil, og kan drømme meg vekk berre eg ser ein bil med britiske skilt eller hører born som snakkar engelsk. Kan gjerne bruke 6 timar i strekk på å sjå ei eller anna Dickens-filmatisering, for ikkje å snakke om Austen...(sukk)

4. Eg har vevd ein 2,5 meter lang linduk til spisebord. (Den har eg enno ikkje fått brukt) Lærte veving på "husmorskulen" der eg tok teikning/form/farge+vev etter au-pair-året mitt.

5. Eg er ganske rotete - kronisk dårleg til å legge ting på plass med ein gong... Men har som regel system i rotet. Har det fullaste skrivebordet på kontoret, som regel.

6. Eg er kjempeflink til å starte nye prosjekt. Tør ikkje heilt å telle etter kor mange eg har liggande... Dei fleste blir ferdig ein eller annan gong.

7. Eg spelte cello før. Håpar eg kan kjøpe meg eit instrument ein gong.

Mandagens favorittar frå flickr. Bruk linken til å få vite meir om bilda.

Lise ville vite 5 ting eg ikkje ønsker meg til jul. Det vart litt vanskeleg å komme på noko, gitt. Men her har vi eit forsøk.ikkeønskertiljul

1. Eg ønsker meg ikkje nips og pynteting.

2. Heller ikkje tallerknar og fat. Har ikkje plass til fleire.

3. Ønsker meg ikkje nissepynt. Heller englar for meg.

4. Eg vil ikkje ha regn til jul. Helst litt snø (i passelege porsjonar).

5. Eg vil ikkje ha sukat i julebrøda. Berre masse rosiner :)

søndag 7. desember 2008

7. og andre søndag

Så er andre søndag i advent snart over. Eg skal straks tenne det andre lyset mitt, før eg skal ut og ete. Har ikkje fått tent lyset før idag sidan stovebordet er fullt av sysaker.

Eg har laga eit lite hus i dag. - og oppdaga at det ikkje er lurt å endre på oppskrifta utan å tenke gjennom heile arbeidsprosessen...

Her skulle eg liksom sy ein rett søm, og toppen av endeveggen skulle ikkje stikke opp på denne måten. Litt handsaum måtte til.

2008_12070010

Alle delane kom på plass til slutt. De skal få sjå bilder av det heile seinare.

2008_12070011

Eller henta eg ein spennande pakke på posten i går. Eg synest det er kjekt å bake, og bestilte litt utstyr frå Bake It Pretty. No skal det bli fine muffins her!

Det så kjekt å få pakkar, sjølv om det berre er frå meg sjølv :)

2008_12070005 2008_12070008

Ta gjerne ein tur innom butikken de også. Sjå berre på desse fine muffinsane:

   Vintage Village Cupcake Kit 

Bilde frå Bake It Pretty

I've been making a little house today. I altered the pattern a bit and discovered that I should have thought through the hole sewing process before changing anything. Well, I just had to do some sewing by hand to fix it. The house is almost finished, I'll show photos later.

I also picked up a nice little box from the post office yesterday. I ordered some baking things from Bake It Pretty. I just have to make lots of cupcakes in the future :)

lørdag 6. desember 2008

6.

...3/4 igjen av adventstida... Må visst skunde meg med desse julegåvene. Nokre skal med posten også. Og så var det julekorta. Hadde nesten gløymt dei :)

Men det er koseleg med advent.

I kveld såg eg ein nydeleg liten film som kan anbefalast. Ein song derifrå vann Oscar. Her er den: 

Ha ein fin laurdagskveld og søndag.

fredag 5. desember 2008

4. og 5.

Ein lokal stoffbutikk har hatt røyk- og vannskadesalg dei siste vekene. (50 og 80 % avslag hjelp mykje). Så har eg fått plussa på stoff- og bandlageret mitt litt ( kjekt å ha, kjekt å ha...)
Skal heilt sikkert få brukt det ein gong :)
Her er eg i gong med eit prosjekt som eg lurer på blir ferdig før jul. Det var ein gong nokre spisematter i plast...
Som de kanskje ser av formene skal det bli eit hus. Prøver meg på denne oppskrifta til UK lass in US (berre litt forstørra). I kveld er det julebord med jobben og i morgon tidleg er det frisøravtale. Tjo og hei!!
Ha ein fin fredagskveld!
I've increased my fabric and ribbon stash as you can see. A local shop had sale the last weeks. (There was a fire in the building and they had to sell everything. 50 and 80 % off)
And I'm trying to make a house of this tutorial.
Hope to get a couple houses finished as presents.

Have a nice Friday evening. We're having the Christmas party at work :)

onsdag 3. desember 2008

3.

2008_12030036

Eg har ikkje adventskalender heime i år, ikkje kjem eg til å pynte så mykje til jul heller (sidan eg reiser vekk i juleferien)

Det blir stort sett adventslys og stjerne i vindauget hos meg. Og det er berre advent enno, eg syns det er for tidleg med julepynten no.

Men i klasserommet pyntar vi litt. Det er noko spesielt med adventstida. Tenning av lys og adventstund kvar morgon. I kalendaren ligg eit kort som elevane har laga. Dei fekk velge mellom tre aktivitetar: synge ein song, leike ein leik eller ei julefortelling. Dei raude hjartene heng vi opp i vindauget - nesten som skomakergata.2008_12030044

I dei andre vindauga har vi pynta med hus. Det vart veldig fint synest eg. Husa er akkurat så skakke og rare som dei skal vere når dei er laga av 2. klasse. For ordens skuld - eg kutta ut vindua. Tapetkniv er for vaksne!

2008_12030045 2008_12030046 2008_12030047 2008_12030048 2008_120300522008_12030054

No er Noro-sjalet ferdig strikka. Her trengs det blokking. Eg har berre ikkje funne ut kvar og korleis eg skal få gjort det...

2008_12030068

Some photos from my classroom today. We decorated the windows with little houses. The houses are so nice and funny. I helped and cut out the windows. Sharp knives are for grown-ups.

And the Swallowtail is finished and need some blocking. I just have to figure out how and where to do it.

tirsdag 2. desember 2008

2.

Berre sett deg ned...

Ein gong skal eg ha meg ein stilig raud stol. Inntil vidare for eg nøye meg med å sjå på bilder av andre sine stolar. (Desse er bilde frå flickr). Alle her er kanskje ikkje noko a ta inn i stova, men...

I dag var det vaksinering for klassa mi, og det var ikkje lett å konsentrere seg om andre ting (som lesing og skriving). Men det gjekk bra og alle var samde om at det ikkje var farleg å ta sprøyte - det var berre litt vondt. Nokre konstaterte etterpå at dei hadde gløymt å seie "au".

No må eg sjå om eg kan få starta på nokre julegåver. Ha ein fin tysdagskveld.

mandag 1. desember 2008

1.

Desember starta med litt snø her på sørlandet. Trur ikkje det har skifta til regn enno, så då har vi kanskje snø i morgon også. Borna på skulen var klare med akebrett med ein gong, men det blei ikkje noko særleg liv i akebakkane med dei 4 mm snø som kom i dag...

Dette er dei siste favorittane frå flickr. Utruleg mange fine bilete, og mykje fin inspirasjon. Følg linken til flickr for å finne ut kven som står bak bileta.

We had snow today, not much though. Maybe we'll still have it here tomorrow. These are the latest favourites from flickr. Follow the link to flickr to see more about the photos.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails