





Er ganske fornøgd med melis-krimskramspynten vi fekk til i mønet på huset.
Til slektsjuleselskapet i går laga vi snømann-muffins. Dei blei vi også svært fornøgde med. Bror vår syns vi er ein smule nerdete som legg så mykje arbeid i nokre skarve muffins...

Lite tid til blogging no.
Her får de litt musikk. Dette er eg med å syng på konsert i kveld.
I morgon reiser eg avgarde på juleferie. Jippi!
Eg kjøpte dette smykket på Etsy for ei stund sidan. Det kan vel passe bra i desse tider, og ganske greit på jobben som lærar også.
Kanskje eg skal bruke det i morgon når 63 andreklassingar skal spele, synge, danse og vise skuespel for mange foreldre. Det blir spennande å sjå kor mykje dei hugsar på generalprøva i morgon formiddag. Kanskje det vert øving resten av dagen.
Og så har eg heilt gløymt å takke Maret for denne utmerkinga eg fekk frå henne for ei stund sidan. Tusen takk!

Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold. Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte,og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,vil enda flere vennskap ha forplantet seg.Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.
Eg ser at denne har vore rundt på mange bloggar i det siste, så eg vel å gjere det enkelt akkurat no. Er du innom her så får du denne med meg.
Håpar de har hatt ei fin helg.
Eg begynnar etterkvart å skjønne at eg ikkje rekk å lage stort meir før jul.
Komande veke blir altfor travel med klassa si juleavslutning og to kveldar med julekonsertar. Og så bør eg vel bruke litt tid på å pakke kofferten før eg reiser.
Så då blir i morgon siste ordne-pakkar-og-pakke-inn-kveld.
Det skal nok gå.
Bilda av kransane har eg funne på Flickr. Klikk på bildet så får de vite meir.
Svart senker natten seg...
Om ei veke er det juleferie:) Eg reiser avgarde og feirar jula saman med familie.
Ser at mange har fått pepparkakehuset alt. "Heime" har det liksom blitt min jobb å lage pepperkakehuset. Kan ikkje hugse når eg gjorde det første gongen, men det er vel iallfall over 20 år sidan no. Prøvde å gje vekk oppgåva til ein yngre bror eit år (akkurat då var eg litt lei), men han spurde så mykje om hjelp at det blei vel eg som gjorde det til slutt likevel.
Dei første husa var ganske enkle, men så byrja variasjonane. Og no er det vel berre fantasien som set grensene. Eg har bladd igjennom bunkane mine med bilder, men det ser ut til at eg stort sett har gløymt å fotografere desse husa gjennom tidene. Men her har de nokre av bilda eg fann.
Her er borga/kyrkja frå 2004.
Prinsesseslottet (Rapunzel) 2006
Det kan ta litt tid å kome på kva slags hus vi vil lage. I fjor var niesa mi designer.
Eg fekk med alt på tegninga; hund, hundehus, jente og juletre.
Og oppskrifta vi brukar er frå dette velbrukte matbladet.
I'm starting to look foreward to making this years gingerbread house at "home". It has been my "job" for more than 20 years now I think. The most difficult part is coming up with a design idea... Last year my niece was the designer.
I've tried to find photos of the houses, but it seems that i've mostly forgotten to take a photo of them. These are the photos i could find.
Fredag igjen... Og vi er halvvegs til julafta.
Veit ikkje om han er så ofte her inne, men eg må sende ein gratulasjon til eldste lillebror som er 39 i dag. Hipp hurra!
Har de eit vindu utan pynt. Kva med å lage ei stjerne i papir til å henge der. Ser fin ut og er enkel å lage. Oppskrifta finn du her.
Kva eg gjer i kveld? Ordnar med eit par julegåver, så klart. Eit lite glimt her:
I morgon skal eg ta med tre nieser på teater.
Ha ein fin laurdag.
If you have one or two windows that need some decoration you can make this 3D snowflake. How to here.