onsdag 18. februar 2009

Grøn onsdag

Eg gjekk glipp av dagslyset i dag, så eg tok eit lite dykk ned i bildemappene mine etter grøne motiv. Og eg fann ein del :)

Eg likar grønt, og snart er det vår!

New Campers2

Vårskoa mine, inne og ute.

green on allmost green

etasjefat2

Loppefunn

grønnmugge

ferieøya

Sommardagar på Raudøya. 

utesofa

veske til O

Vesker

apple forrest

Denne kålveska er frå vår-08 nummeret av Marie Claire idées.

marie claire 1

are you done

Strikking og hekling

froggedbutton on knitting

anne #8

snøklokker

umbrellas

Rundtomkring

dør11

b21

Today’s colour is green. I dived into to my folders looking for photos with green motifs. I found a few, from here and there… I like green :)

tirsdag 17. februar 2009

Blå tysdag

Blå er fargen i dag. Og sidan eg veit at eg ikkje har så mykje blå ting heime tok eg ei runde med fotoapparatet på jobb.

2009_02170018

2009_02170035

2009_02170024

2009_02170020

Her heime er det mest turkis og litt lyseblått – bortsett frå dongeribuksene mine. Her ser de ein kjole eg fann på bruktbutikken i går (fann to til også, men dei får eg vise fram seinare) og litt vinduskarmpynt.

2009_02170005

2009_02170044

The colour today is blue. I don’t have many blue things at home (mostly light blue and teal), so I looked around at work. 

The two last photos are from my home. I found the dress at the thrift shop yesterday.

mandag 16. februar 2009

Fargeveke

Eg likar fargar, så då eg såg at Koselig Koselig inviterte til fargeveke måtte eg vere med.

Mandagsfargen er raud, og knipsa litt av det raude som er framme her hos meg.

Først Sylvi, så klart. Sidan sist har eg rett og slett strikka ryggen på nytt. Bestemte meg for å gå opp til pinnar nr 8. Så då får eg håpe ho vert ca stor nok. (Dessverre for deg AB…)

2009_02160010

Eg måtte også knipse eit bilde av denne lille kaffikjelen som eg fann på loppemarknad i Bergen i haust.

2009_02160013

Raudt med kvite prikkar er også fint. Slik som desse oppbevaringsboksene.

2009_02160011

Og knappeøska frå Cath Kidston.

2009_02160012

 

-------- Og så over til noko anna…

Vi har enno vinter her sør, kanskje i ei veke til. Til helga skal eg på tur til Hovden og ha ski på beina for første gong på ei stund…

Ein dag i forrige veke stod denne doningen utanfor skulen.

2009_02110021

I går prøvde eg meg på frihands-quilting. Må nok øve litt meir på å ha kontroll over stoffet og stinga.

2009_02150006

I’m joining Koselig Koselig in her colour week. Monday’s colour is red. I found some red things at home.

tirsdag 10. februar 2009

Ei utfordring og litt Sylvi-nytt

Eg har fått ei utfordring frå Liv Irene: Vis fram det 6. bildet i den 6. mappa.

I dag vart det dette bildet, tatt i bryllupet til lillesøster i 2007.

br2

Fem av niesene var brudepiker, og eg brukte nokre sommarveker på å sy brudepikekjolane.

Sidan ikkje alle niesene viser på bildet her tek eg med eitt til (det sjuande). Det var ikkje så lett å få alle brudepikene til å stå stille og kanskje sjå i samme retning…

br3

Og så må eg helse litt ekstra til lillesøster og mannen som er i Mali for tida.

- Og så litt strikkenytt.

Eg er nesten ferdig med ryggen til Sylvi. Det har gått kjempefort med pinnar nr 7.

Men eg er eit stykke ifrå ønska lengde. Vil eg få det slik eg vil med damping og blokking? BUrde eg ha brukt pinnar 7,5?

Og vil perlestrikken halde seg på plass? Det “krympar” mykje i forhold til flettene som de ser.

2009_02100009

2009_02100011

Det ser ikkje ut til at jakka mi blir ein sånn stilig ned-til-knea-kåpe som på modellen på bilda her : (Og denne jakka er strikka i small – eg strikkar large!!) Kanskje fotomodellen er ei bittelita dame.

bilder frå twistcollective

Eg har heller ikkje bestemt for om eg skal strikke hetta. Kjem ikkje til å bruke den så mykje, men den er fin. Kva synes de?

Akk – så mykje å tenke på… Trur eg treng litt kaffi :)

-------

First a little challenge. Show my 6th photo from my 6th folder. Today it was a photo from my sisters wedding in 2007. Five of our nieces were brides maids. I spent a couple of week that summer making the bridesmaids dresses.

I’m allmost finished with the back of my Sylvi. It has been quick to knit, but I have not got the proper length yet. My row gauge is a bit off. I hope blocking will fix that… But the jacket will not be as long as on the pattern photos. And this is knitted in small! (The girl in the photos must be tiny…)

søndag 8. februar 2009

Vintersøndag

Nesten påskestemning her i dag. Med snø, kuldegrader og sol. Eg kjente nesten suget etter kvikk-lunsj, appelsin, kakao og ski.

Men eg tok ein spasertur i byen. Ein dobbel latte gjer også nytta :)

2009_02080020

Den beste akebakken i byen var sjølvsagt full av folk.vabua

På elva ventar båtane på varmare tider.

0802b

Desse trea i byen er alltid pent friserte.

0802c

Frå Festningsgata har vi fin utsikt til sjøen.

0802d

Til slutt utsikta frå bakken min.

0802

Eg håpar vinteren varer nokre dagar til.

Lovely weather today. I went for a walk. Enjoy the photos.

lørdag 7. februar 2009

Sylvi på pinnane

Eg er i gong! Henta garnet på torsdag og kunne ikkje venta, så klart.

2009_02070027

Starta med ei arm, men er ikkje heilt fornøgd med korleis perlestrikkinga oppfører seg når eg strikkar rundt. Det blir ein spiral som de ser. Så eg lurer på om eg skal gå attende til start og strikke ermene fram og tilbake. Har de nokre andre råd mot spiral-perlestrikk?

Eg har starta med ryggen medan eg funderer litt vidare på armane. Den er det kjekkaste uansett :)

2009_02070025

Det går fort med tjukt garn og tjukke pinnar. Og det sluker garnnøster…. Håpar eg har handla nok.

Ha ein fin laurdagskveld. Eg og Sylvi skal nok ha det fint her, med litt kaffi + sjokolade og rare grand prix songar…:)

fredag 6. februar 2009

Noko muffins

Eg må berre vise fram dei fine muffinsane (eller cupcakes som dei kallast på utanlandsk) som systra mi laga til Settlersturneringa si forrige helg.

Sjølvsagt var dei pynta som settlersbrikkar.

IMG_1458_1

IMG_1460_1

IMG_1464_1

Stikk innom bloggen hennar – ein liten engel – så kan de lese meir om korleis pyntinga gjekk føre seg.

Inspirasjonen kom frå nokon som har prøvd dette før.

Hurra for tema-muffins! Tidkrevjande å lage, men artig å servere :)

mandag 2. februar 2009

Ferdig med januar

Då er tann nr 28 ute. Den kom ut utan for store protestar. Så no et eg mjuk mat i nokre dagar. Og sidan det stod på lappen at eg skal unngå større fysiske anstrengelser det første døgnet, så slappar eg av med pc og strikking.

Eg har visst eit nytt prosjekt på veg. Dette skal vare heile året. Eg blei med i ei gruppe på Ravelry der ein skal hekle ein ny lapp kvar månad. Eg har ein del smart-garn liggande (i mange fargar så klart), og med det og heklenål nr 5 blei det ein ganske stor lapp (23 cm). Eg må nok lage eit par av kvar månadslapp skal det bli eit litt større teppe. Me får sjå. Dette er januar-lappen:

2009_02010042

Vil de vere med på prøve å vinne bakeutstyr? The Crafty Crow har “giveaway monday” og deler ut eit gåvekort på $50 frå Bake It Pretty. BIT har utruleg mange artige ting til baking og pynting og pakking. Eg har også handla der ein gong. (Og leitar de gjennom bilda i galleriet der finn de bilde av snømann-muffinsane vi laga i jula.)

De bør også kikke litt rundt på The Crafty Crow. Der finn de mange idear til kreative prosjekt med born.

All went well at the dentist today. The tooth is out and I’m eating soft food :)

I’ve joined the 12” Crochet Block-A-Month CAL Group over at Ravelry. This is the January block. I’m using stash yarn in different colours.

If you like baking you should visit The Crafty Crow . They have a giveaway this week and you can win a gift sertificate from Bake It Pretty.

PS!

Mønsteret til lappen heiter Mandala og de finn det her.

The square is called Mandala, and you can find the pattern here.

søndag 1. februar 2009

Helgerapport

Kva har eg fått gjort denne helga, då…

Eg var på bytur i går, med eit lite kafébesøk. Satt oppe altfor seint for å få med meg slutten på ein film (som eg trur kanskje eg har sett før…) Laga kyllinggrytemiddag i dag, som blei ris- og grønnsakgryte sidan eg hadde gløymt å kjøpe kylling…

Eg har strikka litt vidare på desse prosjekta:

Cherry-skjerfet

2009_02010011

Topstykke

2009_02010038

Eg har også begynt på berre to nye strikkeprosjekt :-) Då eg handla Noro-garn til mamma sitt julesjal, kjøpte eg eit nøste til meg sjølv også. No har eg så smått starta på mitt første Shetland Triangle med det. Å strikke med Noro er reine fargeterapien no på mørke vinteren. Stadig like spennande å sjå kva fargar som dukkar opp inne i nøstet.

2009_02010001

I dag har eg laga ein liten lappepose.

2009_02010014

Posen er både bursdagsgåve og gåveinnpakning. Så sparer vi litt papir…

2009_02010016

No skal eg lage meg litt te, og planlegge litt neste veke. I morgon skal eg til tannlegen igjen og trekke ut ei visdomstann :-(

Ha ei fin veke.

What have I done this week end?

I’ve knitted more on the Cherry scarf and Topstykke. I’ve only started one new knittingproject, a Shetland Triangle with Noro yarn I bought before Christmas. And I’ve made a little drawstring bag birthday present.

Now I’m going to make myself some tea. Going to the dentist again tomorrow. She’s going to remove one of my wisdom teeths :-(

Have a nice week.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails