Skulle ønske noko som dette skjedde neste gong eg er innom Oslo S...
fredag 10. april 2009
torsdag 9. april 2009
Fredag allereie?



Niese H spurte så fint om tante kunne strikke ein kylling, så då bar det ut på handletur etter gult garn. 
Dagen etter kom det ein kylling til. No har største kylling reist sørover, men vi har fått selskap av ein lilla onkel (som sikkert let seg fotografere i morgon).
Rykta vil ha det til at det muligens dukkar opp fleire fjørkre også. (Kanskje nokon med filmkarriere også.) Vi ventar i spenning... Som de ser har dei tatt godt for seg av påskegodtet...
søndag 5. april 2009
Tidleg opp
Eg deler rom med to små prinsesser som tenkte det var greitt å stå opp kl 0600. Å ligge stille i køysenga å kviskre med kvarandre var ikkje aktuelt for to søskenborn. Så då blei eg med opp for å leite etter barne-tv på kanalane.
Eg tok med meg dyna og surfar litt på sofaen. No sit det 7 tantebarn rundt meg, det varte ikkje så lenge før fleire av gjengen var oppe.
Barne-tv, Nintendo og origami er greie morgonsyslar. Og under dyna mi er det to par ekstra bein...
God palmesøndag!
lørdag 4. april 2009
E for...
(Bilde frå ETSY)
Bildet i bakgrunnen her er frå butikken til Belle and Boo.
Her er nokre stoff frå Namolio.Og så litt andre ting eg har handla... Ein fin kalender frå Paper&inkling (Bilde frå butikken)
Scrabblesmykker frå ThePendantFactory. (Bilde frå butikken)
Det siste eg kjøpte var nokre stolbilder frå mywireempire (Bilde frå butikken)
Ho hadde salg då eg var innom, så eg kjøpte to stolbilder og fekk eit gratis. Trur dei blir fine inramma på veggen min etterkvart :)
Eg går ikkje på handletur der inne heile tida altså, men det er spennande å vere innom av og til. Og så er det kjekt å støtte folk som likar å skape og som prøver å ha det meir eller mindre som leveveg. Ta dykk ein tur innom!
Fleire innlegg på bokstaven E finn de inne hos Petunia.
April allereie...





søndag 29. mars 2009
D
Tok litt tid å kome på eit høveleg ord på D. Men eg har bestemt meg for Dører.
Synest dei er så spennande, spesielt dei som har litt historie.
(Og litt praktisk var det at eg faktisk hadde ein del dørbilder liggande etter å ha vore på dørsafari her i byen og andre stadar...)
Her er nokre dører frå Posebyen.
Og her er nokre fleire frå Bergen.
Fleire D-ord finn de borte hos Petunia.
D for doors…
onsdag 25. mars 2009
Shetland Triangle
Dette sjalet vart ferdig for ei stund sidan, men eg har visst gløymt å vise det fram.
Mitt første Shetland Triangle.
Mønsteret er av Evelyn A Clark og du finn det i boka “Wrap Style”
Eg tok bilda på veg heim frå jobb ein dag, så her har de sjalet både med og utan gul solnedgang :)
Eg har brukt ca akkurat eit nøste av Noro Kureyon Sock til dette.
-----------------
I’ve finished my first Shetland Triangle. The yarn is Noro Kuryon Sock.
søndag 22. mars 2009
C
C for Crocus Vernus
Måtte ty til latin for å finne passande ord på c. (Litt pysete kanskje?)
Kunne sjølvsagt ha analysert CD-samlinga mi…
eller fortalt at eg hadde Couscous-salat til middag i dag…
Men Crocus Vernus – altså vårkrokusane blomstrar så fint no i byen.
Og så artig det er med eit parkvesen som er kreative i laukplantinga si.
C is for Crocus. It is spring and these photos are from the town park. Nice to see the creativity in th planting :)
fredag 20. mars 2009
lørdag 14. mars 2009
B
Eg har tenkt å bli med på Petunia sitt ABC-prosjekt. Fekk ikkje sveiva meg i gong med A forrige helg, men skal prøve å henge med vidare.
B for brukt og bruktbutikk. I dei siste åra har eg blitt ganske hekta på desse. Eg har store vanskar med å å gå forbi ein loppemarknad eller ein brukthandel, noko som famile og vener nok har oppdaga. Og skapa mine ber preg av det etter kvart. Dei er ganske fulle og nyare koppar og fat har blitt bytta ut til fordel for gamle saker. Eg likar ting med historie og saker eg kan bruke til å lage nye ting. Og så er det kjekt å ha noko som ein ikkje finn i alle sine skap.
Her i byen er eg mest innom Shalam og Gjenbruksbutikken i Tollbodgata. Var innom sistnemnte i går og fekk med meg desse sakene.
Her er litt fleire favorittar henta heim frå diverse butikkar og marknader…


