Kom ikkje heilt på eit brukbart G-ord først…
Men etter å ha kika meg litt rundt i den lille stova mi, blei eit ord veldig tydeleg…
Garnkjøp er ein konsekvens av å ha strikking og hekling som hobby. Dessverre er lysta til å kjøpe nytt garn noko større enn kapasiteten til å få laga ferdig ting. Eit aldri så lite garnlager er følgane.
Her har vi ei korg. Litt av kvart her.
Her har vi nokre litt finare nøster. Nokre påbegynte skjerf også ser eg…
Ei lita korg med restar. Desse brukar eg på eit sekskantteppe som har hatt pause i det siste.
Og der har vi eit anna teppe i arbeid…
Meir tør eg ikkje vise fram, men det er fleire bokser med garn rundt her…
Også ein del UFOar (UnFinished Objects). Denne jakka har eg endeleg tatt fram igjen etter over eitt års pause.
Fleire G-ar finn de hos Petunia.
G is for garn = yarn. This is just some of my stash. I allways feel I need more yarn, but I’m not able to make use of everything it seems…. Funny that…
Maybe I should try to stay away from the yarn shops for a while, and try to finish some UFO first.






Fleire F-innlegg finn de borte hos 



Niese H spurte så fint om tante kunne strikke ein kylling, så då bar det ut på handletur etter gult garn. 
Dagen etter kom det ein kylling til. No har største kylling reist sørover, men vi har fått selskap av ein lilla onkel (som sikkert let seg fotografere i morgon).
Rykta vil ha det til at det muligens dukkar opp fleire fjørkre også. (Kanskje nokon med filmkarriere også.) Vi ventar i spenning... Som de ser har dei tatt godt for seg av påskegodtet...

(Bilde frå ETSY)
Bildet i bakgrunnen her er frå butikken til
Her er nokre stoff frå 
Det siste eg kjøpte var nokre stolbilder frå
Ho hadde salg då eg var innom, så eg kjøpte to stolbilder og fekk eit gratis. Trur dei blir fine inramma på veggen min etterkvart :)




