Då har sykkelen min fått litt stash. Stiligaste sykkelsete eg har sett på lenge, om eg skal får seie det sjølv. Trekket har strekk nederst slik at eg kan svippe det av og på. veit ikkje om eg tør å ha sykkelen ståande pynta utan påsyn. Kunne jo hende at nokon andre plutseleg får lyst på litt heklepynt…
Idéen til hekla setetrekk kjem frå det danske bladet Hendes Verden. Ei oppskrift finn de der. Sjølv brukte eg ikkje oppskrifta, men hekla ein topp som ca følgde formen på setet mitt. Etterpå hekla eg sidene passe lange og tredde i strekk til slutt.
Men ein av desse dagane bør eg gje sykkelen ein god vask og litt smøring og stell. Den må nemleg stå ute heile året. (Har ikkje garasje). Ein del spindelvev og rusk og rask her og der.
Kanskje i morgon… eller torsdag…eller fredag… (Neidå, eg brukar aldri å utsette ting.)
Edit:
There's a pattern here . I did not use the pattern though. I traced the top of my seat and crocheted a top after that pattern. As you can see I changed colours whenever I felt like it. When the top was finished I crocheted around the sides. Make the sides as high(low) as you need. In the last round of the side I put an elastic band.