lørdag 16. mai 2009

K for knappar

2009_05160020

Eg hugsar godt dei gongane eg fekk lov til å leike med knappeøska til mamma. Då kunne eg få full uttelling for systematikk-genet vi har i familien. Knappane blei sortert etter storleik, form, farge og mønster. Nokre gongar fann eg knappefamiliar med store foreldreknappar og små babyknappar som var nesten heilt like.

 2009_05160027

Så eg har sjølvsagt sørga for å starte mi eiga knappesamling. Knappar er fine, har mange mønster, kan brukast til pynt på vesker og nåler, dei blir fine ringar og så kan dei sjølvsagt også brukast som knappar.

 buttonrings

Knappane mine kjem i to kategoriar. Dei gamle og stilige knappane (også kalla vintage) og nyare hobbyknappar.

2009_05160025

Dei gamle knappane eg har kjem frå samlinga til farmor, antikvitetsbutikkar, loppemarknadar og slikt.

2009_05160029

Eg er sjølvsagt mest glad i dei gamle, og det bør vere eit heilt spesielt prosjekt som får slike knappar…

2009_05160032

Glasknappane er dei penaste.

2009_04220014

Fleire Innlegg om K hos Petunia.

abc

PS: Eg var på kino i går og såg Coraline i 3D. Kan anbefalast. Knappar spelar ei viktig rolle også der…

Coraline.com kan du også knappifiserere augene dine.

coraline

-----------------

K is for knappar, or buttons in english. I remember playing with my mothers buttons a long time ago. So I had to start collecting my own buttons :)

tirsdag 12. mai 2009

Tysdagsmoro

Manglar du litt futt i kvardagen? Skulle du gjerne hatt superkrefter?

Veit ikkje om dette kan hjelpe, men hos the HEROFACTORY kan du lage superheltvarianten av deg sjølv.

Dette er meg. Til ære for nevø Øystein valde eg eit lyssverd som ekstrautstyr. Ganske moro og heilt unyttig…

MyHero1

Vi (storfamilien) har forresten vår eigen superhelt: Truse-Lars. Han bur i leikehuset heime hos mamma og pappa når han ikkje er ute og reddar verda. Lurer forresten på om han har pensjonert seg – det er ei stund sidan han viste seg sist… (Litt intern familehumor her.)

---------

For ein strikkar og heklar må vel det verste vere å skade ei hand. Men skulle uhellet først vere ute kan det kanskje vere kjekt med ei fatle som dette? Med forklaring på, slik at ein slepp å fortelje om og om igjen kva som har skjedd?

Bilde frå craftzine. Idéen kjem frå Bem Legaus.

funny_accident_slings1funny_accident_slings2

Og skulle ein mangle idéar til strikke/hekle-prosjekt kan ein ty til strikkegrafitti. Her er ein buss frå Mexico.

PD*26392062

Bilde: BNPS via Telegraph

mandag 11. mai 2009

JJJ

Eg stod litt fast når det kom til å finne på noko tema for J-innlegget mitt.

2009_05090002b

Kunne jo nemne at symaskina mi heiter Janome, og eg kunne jo også seie at eg gleder meg til jordbærsesongen…

jordbær

Men då eg gjekk gjennom bilda mine no hoppa det fram eit anna ord: Japan.

Det ser ut til å vere eit spennande land. Men eg har nesten mest lyst til å reise til Japan for å gå i bokbutikkar og stoffbutikkar og hobbybutikkar og ….

japan2

Det tok ikkje lang tid frå eg begynte å besøke bloggar rundt omkring før eg fekk sans for dei japanske hobbybøkene. Synd Japan ligg så langt borte… Men takka vere internettbutikkar har eg fått tak i nokre smakebitar. Nydelege bøker.

Litt vanskeleg å lese teksten…. For eg kan ikkje japansk...

Men heldigvis er dei flinke til å lage enkle og forståelege diagram. Og på nettet eg har funne tyding av dei mest vanlege tegna brukt i strikke- og hekleoppskrifter. Så då er det mogleg å skjønne det meste av det ein skal gjere, trur eg.

japan4 japan3

motif Jklærchoto crochet

japan6 japan5

Dei japanske stoffa er også til sikle etter… Sparar dei til dei spesielle prosjekta…

4 pencil rolls

J is for Japanese crafting books and fabric.

tirsdag 5. mai 2009

Sykkelpynt

2009_05030005
Då har sykkelen min fått litt stash. Stiligaste sykkelsete eg har sett på lenge, om eg skal får seie det sjølv. Trekket har strekk nederst slik at eg kan svippe det av og på. veit ikkje om eg tør å ha sykkelen ståande pynta utan påsyn. Kunne jo hende at nokon andre plutseleg får lyst på litt heklepynt…
Idéen til hekla setetrekk kjem frå det danske bladet Hendes Verden. Ei oppskrift finn de der. Sjølv brukte eg ikkje oppskrifta, men hekla ein topp som ca følgde formen på setet mitt. Etterpå hekla eg sidene passe lange og tredde i strekk til slutt.
Men ein av desse dagane bør eg gje sykkelen ein god vask og litt smøring og stell. Den må nemleg stå ute heile året. (Har ikkje garasje). Ein del spindelvev og rusk og rask her og der.
Kanskje i morgon… eller torsdag…eller fredag… (Neidå, eg brukar aldri å utsette ting.)

Edit:
There's a pattern here . I did not use the pattern though. I traced the top of my seat and crocheted a top after that pattern. As you can see I changed colours whenever I felt like it. When the top was finished I crocheted around the sides. Make the sides as high(low) as you need. In the last round of the side I put an elastic band.

lørdag 2. mai 2009

Nytt på hobbyfronten

På tide med ei lita handarbeidsoppsummering.

Forrige fredag tok eg fram litt lin eg kjøpte for lenge sidan i Etsybutikken til namolio og eit nytt veskemønster (Buttercup bag) eg fann gratis her hos Made By Rae. I løpet av kvelden var veska ferdig.

I made this bag last Friday. The pattern is Buttercup bag from  Made By Rae.

2009_04260029

2009_04260030

No i ettertid ser eg at eg godt kunne ha spandert litt vlieselin i toppen av veska, og litt vatt i hanken. Men eg er ganske førnøgd med at eg klarte å få plassert den magnetiske låsen på rett stad.

I should have used some interfacing on the top and the handles, but I’m pleased I managed to put the magnetic snap in the right place.

2009_04260033

Eg har også handla remedier til å lage stoffknappar på Etsy. Sjølv med frakt blei det mykje billigare enn det eg får tak i her. Eg måtte teste dei ut med ein gong og med det japanske cupcake-stoffet fekk eg laga nokre søte knappar. Sjølv om den eine blei litt skeiv.

I’ve also bought a button making kit from Etsy. Had to make a few buttons right away.

2009_05020002

Blei endeleg ferdig med denne toppen også, som eg starta på i påska. Kanskje den rekk å bli brukt før sommaren tek til for alvor. Mønsteret er Roselette Top.

I’ve also finished this top I started at Easter. The pattern is the Roselette top.

2009_05020005

I går var det i alle fall ein smak av sommar. Eg fann fram favorittskoa, men fann dessverre ut at eg har brukt dei ganske godt…

2009_05010010

Held dei ein sesong til? I dagar utan regn a alle fall…

2009_05010013

Og ute i går hekla eg vidare på sykkelsetetrekket mitt. Sykkelen min skal nok blir den finaste i byen. Eg fantaserer også om å sy på hekleblomster på korga. Too much??

2009_05010015

Ha ein fin laurdagskveld og søndag.

We had lovely weather yesterday. A little taste of summer. I tokk out my favourite shoes, but see that they’ve been used too much… Maybe they’ll  last one last summer… And the crochetproject? A cover for my bicycle seat…

I for is

2009_05010002

Så klart! Ein klar favoritt når det gjeld dessert og ord som byrjar på I, også i leseopplæringa. Det er vel eitt av dei første orda alle klarer å lese.

Og når det gjeld is så har eit spesielt merke lenge vore min favoritt. Og det lenge før eg flytta til Kristiansand. Favoritten er Hennig-Olsen is. Eg lurte lenge på kven han Henning Olsen var, heilt til eg leste litt nøyare og fann ut at det var eit etternavn.

I 1924 starta Sven Hennig-Olsen produksjon av is på bakrommet i kiosken sin i Markens gate.

Begynnelsen_05_307_1P5956_350x350

No har dei ein stor og moderne fabrikk litt utanfor sentrum.

Eg besøkte den med ei klasse ein gong, og det var like spennande for meg som for elevane. På slutten av besøket fekk vi ein halvtime til å ete som mange is som vi klarte. Trur det berre vart to på meg, men ein av elevane klarte 5…

Eg likar dei fleste av isane, men er spesielt glad i daim-isen. Og i år ser eg at det har kome pistasj-sandwich. Den må eg nok prøve. Hmm, ser ikkje bort ifrå at eg må ein liten tur ut seinare i dag…

daimsand

Fleire nye isar og meir informasjon om bedrifta kan de finne på H-O sine nettsider der eg også har henta desse bildene.

I går, i det fine veret, gjekk turen til isbaren på Fiskebrygga. Det er nesten for mange sortar å velge mellom på slike stadar, men eg fekk bestemt meg for to kule til slutt.

 2009_05010006

Karamell og Daim.

2009_05010007

Mmmmm.

abc

Fleire innlegg om I finn de hos Petunia.

-------------------

The letter I this week. Not hard to choose I for Ice cream. My favourite brand is located in my town. I visited the factory here once with my class. Hard to say who enjoyed the visit the most…

fredag 1. mai 2009

Blomster

2009_04290040b

Treng du nokre nye blomstrar til vinduskarmen din? Nokre som verken treng vatn eller stell? Dei passar veldig godt i eit klasserom for eksempel…

Du treng litt kartong i ulike fine fargar, ein liten bit papp, ein blomsterpinne eller eit lite grillspyd og litt lim.

2009_04290042

Do you need some new flowers in your window? Of the kind that doesn’t need watering? They look very good in a classroom…

You need some cardstock or construction paper in nice colours, a piece of cardboard, a little wooden flowerstick or skewer a little bit of green paint and some glue.

2009_04290048

Klipp ut ei blomsterpotte av pappen og dekorer som du vil med maling eller papir.

Cut out a flowerpot from the cardboard. Decorate it with paint or paper.

2009_04290049

Av kartongen kilpper du ut delar til blomsten og eit par blad.

Using the coloured paper cut out pieces for the flower and leaves.

2009_04290050

Lim saman delane til blomsten.

Glue the flowerpieces together.

2009_04290051

Legg klar alle delane. Mal pinnen grønn dersom du treng det.

Eg brukar limpistol til å sette dei saman (sidan eg er vaksen og litt utålmodig), men du kan sjølvsagt også bruke vanlig skulelim. Då tar det berre litt lenger tid før alt er tørt. Born bør ikkje bruke limpistol utan tilsyn.

Paint the flowerstick or skewer green if you need to.

I’m using a gluegun for putting all the pieces together. You can  use ordinary craft glue too (it just takes a little longer to dry). Children should not use the gluegun – it’s hot.

2009_04290053

Fest blomsterpinnen først.

Attach the flowerstick first.

2009_04290054

Dersom du vil at blomsten skal sjå fin ut på begge sider av vinduet kan du lage ein til i kartong. (Den treng ikkje vere lik den første) Lim den på den andre sida av blomsterpinnen.

If you want your flower to look nice on both sides of a window you can make two flowers (they don’t need to look the same) and glue them to both sides of the flowerstick.

2009_04290055

2009_04290056

Lim på bladet og blomsterpotta til slutt.

Attach the leaves and at last the flowerpot.

2009_04290064

Og så har du ein blomst.

And you have a new flower.

Mønster til blomsterdelane finn du her.

You can find pattern for the flowers here.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails