søndag 14. juni 2009

Og vinnaren blei…

995429-070

Eg har trekt ut ein vinnar mellom dei 21 som la igjen kommentar på bursdagsinnlegget mitt. Og den heldige vart nr 16 : Beate.

Ho må sende meg ein e-post med adressa si, og så skal eg få sendt ein premie avgarde etterkvart.

(Så fort eg får det til, denne siste veka før ferien blir hektisk…)

lørdag 13. juni 2009

O

O for Opera! Og då spesielt den nye Operaen i Oslo.

Eg har enno ikkje vore på noko forestilling i det nye bygget, men håpar eg får høve til det snart. Enn så lenge får eg nøye meg med operamusikk på cd, og spaserturar i området når eg er på Oslotur.

Desse bilda er frå spaserturar der i mai og juni ifjor.

opera2

opera3

opera4

opera5

Kan de sjå fotografen?

opera7

opera9

Fine detaljar både ute og inne.

opera11 

Solnedgang

opera1 opera3

opera2

Fleire o-innlegg her.

mandag 8. juni 2009

Diggiloo, diggiley,……

… når eg går i mine gylne sko…

Nei, eg har ikkje akkurat gått rundt og tenkt at eg treng eit par gullsko. Men eg stakk innom bruktbutikken på torsdag, og der stod det eit par.

2009_06040073 2009_06040074

2009_06040075 2009_06040076

2009_06040077

Italienske…, skinn både over under og inni…, høge hælar…, rett str. …. Vel, -dei vart med meg heim. Så no manglar eg berre invitasjon til ballet :)

(Vær så snill og oversjå mine vinterbleike bein.)

Eit par andre saker blei også med meg:

2009_06040078

Dette freshe dynetrekket som eg tenker kan bli til både det eine og det andre,

2009_06040079

og denne koselege Hans og Grete-tallerkenen frå Figgjo.

PS: De tåler kanskje eit gjensyn med andre i gullsko?….

-------

My latest thriftshop finds. Yes, I now have golden shoes :)

N

N for Natt-og-dag (som eg kallar den eller Stemorsblomst som den heiter i bøkene…).

Ein av dei finaste vårblomstarne etter mi meining.

1

Denne fantastiske marka fann eg rett ved sidan av skulen min i fjor. Dessverre vart ho pløyd i år, så då kom det ingen blomstrar.

2

Visste de at dei mørke stripene på kronblada er “landingsstriper” for insekt? Stripene og den gule fargen viser insekta tydeleg kvar dei skal lande for å få tak i nektar (og pollen slik at dei gjer jobben sin).

Navnet “Natt og dag” kjem av fargane på kronblada; den lyse dagen nede og den mørke natta oppe.

Navnet Stemorsblomst finst i fleire land. Forklaringa på det er slik: Det største kronbladet er stemora. Ho sit på to krakkar (to begerblad) og har rømmegrautfatet (den gule flekken) i fanget. Hennar eigne døtre (kronblada på sidene) har ein stol (eit begerblad) kvar og dei får også litt rømmergraut (litt gult på dei), medan dei to stedøtrene (dei øverste kronblada) har ein stol (eit begerblad) på deling, og dei får ikkje graut.

abc

Fleire innlegg om N hos Petunia.

torsdag 4. juni 2009

Sirkel i kvadrat… Circle in a square...


ETA: You can find an all English version of the pattern here.

Her skal eg prøve å skrive ned ei oppskrift. Det finst sikkert mange forskjellige måtar å lage bestemorruter som dette, men her er min metode. Håper de gir beskjed dersom noko er vanskeleg å skjøne. (Heklespråket er lettare å lese enn å skrive ned… )

I will try to translate this to English. Please let me know if something is difficult to understand. I’m using US terminology.
ch = chain, st = stitch, ss = slip stitch, dc = double crochet
(Follow the link to pages explaining the stitches.)
2009_06030071 2009_06030072
Start: Hekle 5 lm, samle til ein ring m 1 kjm i første lm.
Start: make 5 ch, join with ss into a ring.
2009_06030074
1. runde: 4 lm (=1 st,1 lm), 1 st + 1 lm 11 g. Slutt m 1 kjm i 3. lm. Til saman 12 st.
1st round: 4ch (=1dc,1ch), 1dc + 1ch 11 times. Join with ss in 3rd ch. 12 dc.
2009_06040081 2009_06030076
2. runde: Start i ei av lm-buene. 3 lm (=1 stav), 1 st, 1 lm, *2 st, 1 lm* i resten av lm-buene. Slutt m 1 kjm i 3. lm. Til saman 12 grupper m 2 st.
2nd round: Start in one of the ch spaces. 3 ch (= 1dc), 1dc, 1ch, *2dc, 1ch* in the remaining ch spaces. Join with ss in 3rd ch. 12 groups of 2 dc.
2009_06030077 2009_06030078
3. runde: Start i ei av lm-buene. 3 lm (=1 st)+ 2 st i lmb, 1 lm, *3 st,1 lm* i resten av lm-buene. Slutt m 1 kjm i 3. lm. Til saman 12 grupper m 3 st.
3rd round: Start in one of the ch spaces. 3 ch (= 1dc), 2dc in ch space, 1ch, *3dc, 1ch* in the remaining ch spaces. Join with ss in 3rd ch. 12 groups of 3 dc.
2009_06030081 2009_06030084
2009_06030085 2009_06030086
4. runde: Start i ei lm-bue. 4 lm (=1 dst), 1 dst, 3 lm, 2 dst, (=1. hjørne), *1 lm, (2 st, 1 lm, 2 st) i neste lm-bue, 1 lm, (2 st, 1 lm, 2 st) i neste lm-bue, 1 lm, 2 dst, 3 lm, 2 dts, (=2. hjørne)**, gjenta * til ** 2 gonger, 1 lm, (2 st, 1 lm, 2 st) i dei neste to lm-buene, 1 lm, slutt med 1 kjm i 4. lm.
4th round: Start in one of the ch spaces. 4ch (= 1 tr), 1tr, 3ch, 2tr, (=1st corner), *1ch, (2dc,1ch,2dc) in next ch space, 1ch, (2dc,1ch,2dc) in next ch space, 1ch, (2tr, 3ch, 2tr) (=2nd corner)**, repeat * to ** 2 times, 1ch, (2dc, 1ch, 2dc) inthe next two ch spaces, 1ch. Join with ss to 4th ch.
Eg likar samlebandsmetoden, så eg heklar opp ein haug med sirklar før eg tar siste runda.
I like the assemblyline method so I prefer to make a lot of circles before I start the 4th round.
2009_06030080
Eg heklar firkantane saman på siste runda. Prøver å vise det her. Moonstitches har også ei veldig fin forklaring på denne metoden. (Ho heklar saman sekskantar, men prinsippet er det same).
I join the squares in the last round, like I show here. Moonstitches have a great tutorial for joining hexagons. It’s mostly the same. The squares are joined together in the corners and at two places on the sides.
2009_06030087
Start i eit hjørne. Hekle 2 dst, 1. lm, 2. lm heklast gjennom hjørnebua på forrige firkant, hekle 3. lm vanleg.
Start in a corner. Crochet 2tr, 1ch,next ch through the corner of the other square, 1ch, 2tr. (The first corner is done)
2009_060300882009_06030089
På sidene heklast lm mellom st saman med forrige firkant.
Side: 1ch,(2dc, 1ch through 1ch on other square, 2dc), 1ch (2dc, 1ch through 1ch on other square, 2dc), 1ch
2009_06030090 2009_06030091
Neste hjørne: Hekle første lm, andre lm heklast saman med firkanten til høgre, tredje lm heklast saman med firkanten rett over (sjå på bildet),
Next corner (where you will join square to the square to the right and the one above): 2tr, 1ch, 1ch through corner of square to the right, 1 ch through corner of the square above, 2 tr.
2009_06030093
På langsida heklast lm mellom stavane saman. I neste hjørne hekle 1 lm, 2. lm heklast gjennom hjørnet i ruta over (sjå bildet). Hekle resten som vanleg.
Do the next side as the first. In the next corner you crochet 1 ch through the corner of the square above. Finish the round as in pattern.
2009_06030094
2009_06030095
Var dette forståeleg? Håpar det :)
Hope you understand this:)
------------------
Edit: Details about my blanket and the border here.

Ravelry - "Flowers in the snow"


And, if you use this pattern, come and join the flickr group too!

onsdag 3. juni 2009

Bloggbursdag!

På fredag spanderte eg på meg ein muffins frå bakaren. Denne lille bloggen hadde nemleg 2-årsbursdag :)

Hipp hurra for blogging!

2009_05290055

Det har vore spennande å oppdage bloggeverda og alle talentfulle og flinke folk der ute.

Og tusen takk til alle de som legg igjen så hyggelege kommentarar her hos meg. Eg set stor pris på alle :)

- Og sjølvsagt (som det er vanleg ved bloggfeiringar) må eg ha ei lita utlodning. Legg igjen ein kommentar på dette innlegget så er du med på trekninga av ein liten premie. (Frist onsdag 10.6.)

-----------

Friday was my blog birthday. It’s 2 years since I started. It’s been fun to discover all the talented bloggers out there in the blogworld. And thanks to everyone who leave comments here with me! :)

And to celebrate the blogbirthday, I’ll have a give away. Leave a comment on this post (before June 10) and you have a chance to win something.

mandag 1. juni 2009

M

Eg har fundert litt på M medan eg har vore bortreist i helga, men kom plutseleg på at eg kunne ha slått saman M-innlegget med forrige innlegg her i bloggen min.

M – for merker og merkelappar – rett og slett.

merker

Og då får eg vise til veska mi i forrige innlegg. Som er eit lappeteppe av forskjellige merker frå klesplagg. Merkene er både gamle og nye. Dei gamle kan vekke minner om konfeksjonsfabrikkar som er vekke for lenge sidan. Eg har fleire merker frå gamle lokale fabrikkar her, det var ganske mange klesfabrikkar på Sunnmøre før i tida. På Konvall-fabrikken jobba fleire i slekta, og alle vi ungane hadde Konvall-underskjorter når vi var små…

merker2

Merkene på klesplagga kan bety mykje. Nokre gongar betaler ein nesten meir for merket enn for klesplagget…?  Vi hadde aldri noko særleg av dei dyrare merka i vårt hus. Den eine krokodilla her kom nok inn i huset som arvegods.

Men uansett så kan merka av og til vere små kunstverk. Og som de ser – kan det vere verdt å samle på dei.

 merker3

2009_05290041 

Fleire innlegg her.

abc

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails