onsdag 29. september 2010

Mønster

Slett ikkje meininga at det skulle bli så stille her, men dei siste vekene har vore litt travle. Har så smått begynt å flytte over saker til det mønstra rekkehuset mitt.

Den komande haustferien vert nok prega av flytting, maling og avgjerder om panel, parkett, kjøkkeninnreiing +++

5030417669_bbb609ac0b_o

Her er eit knippe av mønstera eg har på veggane no. Hadde dei berre vore dynetrekk!…

Sjølv om eg likar gamle mønster vert det litt mykje med alt dette på veggane. Eg ønsker vel å gjere alt lysare, og så kan eg trygt sette fram alle dei fargerike sakene mine.

Spennande blir det i alle fall.

mandag 20. september 2010

Elvis has left the building…

Dei siste par vekene har både Priscilla

shopping P

og Rita

rita

vore på besøk i Ørsta (i lag med sine “mødre” på besteforeldre-opphald).

Priscilla har venta lenge på sin Elvis. Og no fekk han endeleg sjå dagens lys.

DSCF3989

Med mjukt svart hår og djupe brune auge, sjarmerte han Priscilla i senk.

Han er ein smule glamourøs, med sans for klede med “det-lille-ekstra”…

DSCF3987

Priscilla syns det er sjarmerande også. (Sjølv ser ho ut til å trivast godt i jakke og underbukse…)

DSCF3991

Kva med Rita då?

Vi trudde lenge ho dreiv og brevveksla med ein kjekkas som heitte Roy, men no viser det seg at hennar utkåra er Billy Ray C. Han skal vist nok ha grøne auge, dongeribukse, T-skjorte og skinnjakke… (Det spørs vel kva tante kan få til…)

Billy Ray C. blir ein ekte postordre-brudgom, og må reise med Posten nedover om nokre dagar. For no har både Rita, Priscilla og Elvis forlate huset for denne gongen.

Takk for besøket!

----------------------------------

I’m making Knitted Babes again. This time boyfriends for Rita and Priscilla.

Elvis was the first one to get finished. As you can see he likes clothes with a bit of bling. Priscilla finds him totally charming.

Rita is still waiting for her chap. We thought she was involved with a boy called Roy, but my niece told me that Billy Ray C. is Rita’s boyfriend…

He is still waiting for his arms, legs, green eyes and brown hair…

mandag 13. september 2010

Husflidens dag

På laurdag var det husflidens dag.

Her i bygda ordna nokre damer i Husflidslaget ekstra utstyr til to karar som sit og står på sokkel her.

 DSCF3974

Det såg ut til at han Ivar (Aasen) og han Anders (Hovden) var ganske fornøgd med det.

DSCF3969

tirsdag 7. september 2010

cottagehouse2green Det blei litt stille her, men dei siste vekene har det vore mykje å tenke på. Og lite hobbyaktivitet og fotografering.

houseleadpink2

Eg har visst kjøpt meg hus. Mitt første – by the way- så her er det mykje å sette seg inn i. Det vart nok ikkje heilt eit slikt hus som på bilda her (frå The Graphics Fairy), men eit rekkehus med plass til eit hobbyrom eller to. housesgfairy003

Eg kjem nok tilbake med fyldig reportasje etterkvart som eg kjem meg inn og får starta med tapetsering og maling og parketering(…) og slikt.

------------------------------

Sorry for the silence, but I just bought my first house.

Very exciting and lots of new things to learn. I’ll be back with more info and photos. There will be painting…

mandag 30. august 2010

Lopper :)

I helga var det loppemarknad. Hurra!

Vi drog avgarde uten altfor store forventningar. Best slik.

Etter å ha observert folka som kasta seg over møblane, sikta vi oss inn på nips og småtingavdelinga.

I tillegg til nokre bilder og bøker blei det sjølvsagt nokre bokser på meg. (Kakebokssamlinga er vel no oppe i tosifra antal…)

DSCF3954

Desse boksene er danske. Erik Kold.

DSCF3950

Jungelboken er ein favorittfilm frå barndommen, så eg jubla litt for denne kakeboksa.

DSCF3947

Og så fann eg nokre festlege plastikk-eggeglas, ei oransje vase (har no to i samlinga mi), ein sukkerbøsse og ei raud kakeboks.

Denne marknaden hadde ikkje tekstilar nesten, så det vart ingen nye stoff i samlinga. Kanskje like greitt…

-------------------------------

This is what I took home from Saturdays fleamarket.

mandag 23. august 2010

Buttercup

Eg har faktisk strikka litt i det siste, faktisk.

Har hatt genseren Buttercup på ønskelista mi lenge.

Kjøpte nokre nøster Extra Fine Merino frå Pickles som tenkte kunne passe til den. I fargen safran (=oransje).

DSCF3750

Etter ei stund begynte eg å ane at eg muligens ville få for lite garn. Liten nedtur der…

Men så kom heldigvis Pickles med eit nytt restesalg, og heldigvis hadde dei meir av min farge.

No er eg snart ved kanten nede. Og eg tenker å lage halvlange ermer.

Men det er vel snart på tide å prøve gensaren på for å sjå om han passar…

-------------------------------

This is my current knitting project. I bought some Extra Fine Merino from the Pickles-shop. Thought it should be nic to use in the Buttercup pattern, which has been in my queue for a long time.

It’s time to try it on again now I think…

Bruktnytt

DSCF3855 Sjå kva eg fann på Fretex i Bergen (Åsane)!

Originaløskje og greier. Eg løfta så vidt på lokket og såg at alle delar såg ut til å vere der.

Syns ho var verdt 70 kroner, sjølv om ho ikkje skulle virke.

Etter å sett på plass nye batteri og lest litt bruksanvisning så viste det seg at maskina virkar!!

HURRA!

Så då kan tanteborn på besøk få prøve :)

DSCF3857 I found this little sewing machine at a thrift shop.

All the pieces seemed to be in place so I had to take it with me.

And with new batteries inside it actually works!

fredag 20. august 2010

Prøvebilde

Og sidan det er NRK Fjernsyn jubileum og greier, så må eg berre vise fram dei kule øyredobbane eg kjøpte i Oslo.

Her hengande i mine fregnete øyrer…

DSCF3847

Butikken heiter Skaperverket og ligg nederst i Markveien.

Back in business

DSCF3849

Og så var ferien brått over…

Sjølvsagt samtidig som vi fekk dei aller finaste dagane i sommar. Og personalrommet/kontora på loftet i det gamle skulehuset vårt var oppe i 28 varme grader på det meste… Litt fro varmt for dei fleste.

Men no begynner ting å kome på plass. Eg har 2. klasse i år og det er deilig å starte med ein gjeng som vande med systemet og klare for alt.

DSCF3886

Og i år hugsa eg også å ta med blomstrar frå hagen til å pynte på kateteret.

I sommar fann eg meg ekte skinnveske på bruktbutikken, så no er eg skikkeleg lærar med skikkeleg lærarveske :)

DSCF3854  This week has been the warmest and sunniest this summer, and of course this was the first week back at work…

The children started thursday and it was fun to meet my class again. 2nd grade this year.

One day at the thriftshop I found this leatherbag. Perfect for my schoolbooks. A typical teacherbag :)

søndag 15. august 2010

Filmtips

Hugsar de Nemistripa eg delte for litt sidan?

DSCF3744

Filmen Nemi (og eg) kan mange av replikkane på er Prinsessebruden frå 1987.

Har du ikkje sett den?

Vel då har du berre ein ting å gjere, skaff deg filmen. I alle fall dersom du likar eventyrfilmar, god humor og gode replikkar.

Plot (sitat frå imdb.com): A classic fairy tale, with swordplay, giants, an evil prince, a beautiful princess, and yes, some kissing (as read by a kindly grandfather).

Filmen ber sjølvsagt preg av å vere frå tida før dataanimasjon gjorde det meste mogleg, men den er fantastisk likevel. Synest i alle fall vi.

Her er ein liten smakebit frå youtube, der finn du sjølvsagt mange andre også.

This is one of my faourite movies. Seems that Nemi likes it too. Have you seen it? If not, you must…

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails