torsdag 16. desember 2010

16.

Det snør og det snør. Og det er like spennande kvar morgon; kor mykje snø må måkast i dag? Har nemleg ikkje garasjeplass til den lille bilen min, og eg må ha bil til jobb…

Heldigvis har det vore ganske bra brøyta og framkomeleg på vegane.

Får håpe at det snart gir seg med snøen for ei stund slik at brøytemannskapa også kan ta det roleg i jula.

Temaordet idag for desemberblogginga er SØTT.

Hmmm, ja, ikkje vanskeleg å finne søte ting akkurat no. For meg er marsipan favoritt-søtsakene i jula. Og julemarsipanen skal ikkje etast før desember (sjølv om salget startar i oktober)…

Og det beste med at juleferien er slutt på nyåret er at julemarsipanen kjem på halv pris. Sjølv om det ikkje akkurat er marsipan og ekstra kaloriar som behovet då…

Har faktisk ikkje noko bilde av marsipanen, men har endeleg bilde av trea som eg mast om i fleire dagar no Smilefjes

DSCF4405

I dag fekk eg endeleg pynta ferdig juletrea mine. No står dei oppå pianoet og ventar berre på selskap av små søte hus. Trur eg har samla på oppskrifter på slike hus, må sjå om eg finn igjen lenkene.

DSCF4408

Eg har tråla butikkane etter isoporkjegler og har enno nokre igjen. Kanskje eg treng nokre i andre (litt sterkare) fargar også.

Trea er enkle å lage. Eg surrar med dobbel tråd (to fargar). Startar nederst på kjeglene, limer fast garnet nederst (eller festar med knappenåler) og surrar oppover. Eg hadde eit tynt lag med lim innerst slik at garnet sit fast.

På toppen festar eg med knappenåler igjen før eg surrar eit nytt lag nedover. Fest nederst med knappenåler eller limpistol.

Pynt treet etter smak og behag.

DSCF4409

----------------

Here are my Christmas yarn trees. These were fun to make. I bought several cones so I will probable make more. Maybe in different colours.

december

onsdag 15. desember 2010

15.

Raudt var ordet for i dag. Og det er ikkje vanskeleg å finne raude ting akkurat no. Eg fann nokre ting på mi runde i stova, men raudt er ikkje den enklaste fargen å fotografere med blits…
DSCF4378
Handleposar står det rundt i krokane…
DSCF4379
Støvsugaren ventar på oppdrag…
DSCF4381
Endå ein pakke skal avgarde med posten, sjølv om fristen kanskje var i går?…
DSCF4384
Deilig julete…
DSCF4386
Også nokre mini-julekuler til eit nytt prosjekt…
Her er nokre flickr eksempel på juletrea av garn. Følg lenka for å komme til originalbilda.

PS. Formulerte meg litt feil igår. Desse er ikkje mine tre, men flickr-eksempel på andre sine tre.
Mine har eg altså ikkje fått ta bilde av endå...
5264519810_6ac4d209f7_b
------------------------
The topic today was red. I just took a look around the house. Not difficult to find red things right now. But it is a difficult colour to photohe last photo is of some yarn trees from flickr. I’ve made some too, but have no photo yet. Missed the daylight again today.
december

tirsdag 14. desember 2010

13. + 14.

christmas-clipart-pointsettias-graphicsfairy010b

Eg gløymte meg heilt vekk igår, visst. Ettermiddagen gjekk til julegåvehandel og innpakking. Må få avgarde dei pakkane som skal sendast i posten…

snowchildren-christmas-graphicsfairy005b

Også i dag blei det litt handel og no har eg ikkje så mange namn igjen på lista. Ellers har eg laga meg ein liten juletreskog dei siste kveldane. Skal nok ta bilde og vise fram, men i dag var det ikkje tid til å ta bilder i dagslys. Merkar at vi er på det mørkast no.

Eg har lyst til å lage ein liten julelandsby som kan stå på pianoet her. Så langt har eg berre skog (juletre), får eg laga nokre små hus også så blir det kanskje ein landsby… Har sjølvsagt sett bilder av slike julebyar ute i bloggverda, så eg har inspirasjon derifrå. Skal sjå om eg ikkje kan finne nokre linkar eg kan dele.

snowman-gnomes-graphicsfairy002

Bilda her i dag kjem frå The Graphics Fairy.

-----------------

I have several Christmas presents that must be sent by mail, so these last days I’ve been shopping and wrapping.

I still have some presents left, but they can wait.

We have the shortest days now. It’s getting dark before I leave work. We haven’t seen the sun for a while either. Even if there’s no clouds on the sky, the sun is so low now that it can’t climb over the mountains to shine on us. Still a few days before the days are starting to get longer again.

The images today are from  The Graphics Fairy.

december

søndag 12. desember 2010

12.

DSCF4377

Julesongnotane mine.

I ettermiddag var det Synge-jula-inn i kyrkja her. Korps og kor og dei to som har sunge duett på “O helga natt” i over 30 år. Det blir litt julestemning av slikt.

Og ute dryssar ny snø over slapset som har blitt til is over natta. Skummelt føre, med andre ord. Ingen ser kvar det er glatt.

Men det passar vel fint å avslutte med ein julesong i dag.

Today we had the usual Christmas carol service in church. My choir took part, along with other choirs and bands.

december

lørdag 11. desember 2010

11.

Så måtte vi finne fram støvlane igjen. På julegåvehandel i dag var det det mest fornuftige å ha på beina.

Bra at eg har så fine støvlar, då…

DSCF4345

Eg kom meg litt nedover lista, men det er heldigvis nokre dagar igjen før gåver bør sendast i posten.

I ettermiddag har eg kika i gamle fotoalbum. Leita etter bilder som eg ikkje fann, men eg fann derimot mange andre motiv.

Alle dei fine strikkajakkene vi (eg, sysken og alle dei andre på den tida) hadde før.

Takka vere farmor og mormor og tanter.

DSCF4363b

Nokre av jakkene veit eg fins her i foreldrehuset ein stad enno, men andre har forsvunne.

Eg får lyst til å kopiere og strikke alle, – nesten…

Legg de forresten merke til genseren bror Elias heilt til venstre har på seg?

DSCF4363c

Det er visst genserversjonen av juletre-hua eg strikkar på no. Artig!

DSCF4323

Lys er Merete sitt ord for i dag. Og no i desember har vi lys overalt. Antalet julelys rundt omkring har auka voldsomt dei siste åra.

Frå å ha ei enslig stjerne i vinduet (som når vi var små) har vi no lys her og der, inne og ute. Og for det meste synest eg det er koseleg. Sjølv om eg kanskje meiner det kan bli noko for mykje enkelte stader…

No på mandag er det Luciadagen, med feiringar i skuler og barnehagar. Eg fann eit bilde av dette også i fotoalbumma. Eg vaks opp på ein folkehøgskule og der fekk vi lærarungane gå i Luciatog og vekke alle elevane tidleg om morgonen 13. desember. Dette bildet er frå 1977, sidan vi er på veg inn i stova vår får eg gå fremst (sjølv om eg ikkje Lucia). Stor stas!

DSCF4357

----------------------

Still raining today. And rather wet outside. So I had to take out my pretty buttonboots again to do some Christmas shopping.

And I’ve been looking in old photo albums today.

I was looking for a photo i didn’t find, but found many other motifs of course. All the knitted cardigans and sweathers we had before. (Knitted by grandmothers and aunts). I want to copy and knit them all…

And look – one of my brothers is wearing a sweater with the tree motif like the hat I’m knitting right now.

december

fredag 10. desember 2010

10.

Nok ei førjulsveke ferdig og vi er snart klare for inspurten. 7 skuledagar til før ferien.

I dag hadde vi juleverkstad for heile skulen. Eg styrte tove-gruppa, der vi i år laga julepynt-epler.

Busy days at school now. But I enjoy the Christmas preparations. Today we had a crafty day. I was in charge of the felting group. Apples this year.

DSCF4331

DSCF4334

Og jammen hadde yr.no rett denne gongen. Regnet kom, og no silar det ned ute Trist fjes.

Den stakkars snøen skal bli god og hard når temperaturen havnar nede på minus mykje uti neste veke. (Dersom yr har rett i det også…)

We got lots of new snow this week – and today it’s raining… not so nice.

DSCF4339

På kjøkkenet driv dei med grisekirurgi i kveld, eller syltaflesk som vi kallar det.

DSCF4341

Christmas food making in the kitchen. I really don’t know an English word for this. The main ingredients are pigs heads…

But it’s good, really! It looks a bit like this in the end.

julesylte

matoghelse.no

december

torsdag 9. desember 2010

9.

Herlegheit…

… på kjøkkenbenken i kveld. Det er vel mykje av slikt rundt på kjøkkena no for tida. Og vi tel ikkje kaloriane, gjer vi vel?

Sirup, sukker, peanøttsmør, cornflakes, sjokolade – jada!

Kanskje bra at konfektformene er ganske små…

DSCF4327

Og før i veka laga eg favorittkaka frå barndommen. Og ho er endå ein favoritt.

Oppskrifta på Lagkake kjem frå mormor si bok.

DSCF4328

Bra eg kjøpte gulrøtter idag. Føler av ein eller annan grunn behov for litt grønnsaker til lunsj i morgon. I wonder why?

december

onsdag 8. desember 2010

7. + 8.

Leik

Ein blir aldri for gamal til å leike, vel? Eller samle på leiker.

Eg kan like begge delar og kjøpte like godt ein Lego-adventskalender til meg sjølv Smilefjes

Og eg låner gjerne ut figurane til små nevøar på besøk.

 

I’ve bought a Lego advent calendar for myself.  Never to old for playing or collecting toys, I guess Smilefjes 

And I will let visiting nephews borrow my toys…

DSCF4322

Kvitt

Ny forsyning med snø idag, og eg bgynner å venne meg til tanken på at vinteren er her. Synest ikkje det er heilt greitt at yr.no truar med regn til helga då – før det liksom skal bli kaldt igjen… Likar ikkje heilt glatte vegar og slikt, eg…

Men inntil vidare er det kvitt og julestemnigsfullt ute.

Trea er også kvite slik som dei på denne hua her:

DSCF4323

Ein av brødrene har vel fått ho ein gong for lenge sidan og ho passar ikkje til vaksne akkurat.

Men yngste (og ikkje så veldig liten lengre) bror hadde lyst på ei slik.

Så då vert det ei ikkje-hemmeleg-i det-heile-tatt-julegåve.

DSCF4325

It’s been snowing today, and I’m getting used to the idea of winter being here. And it looks as if we will have a white Christmas this year. Even if the forcast says we’ll have rain this weekend… Hope they change that.

The trees outside are white as well, just as the trees on this hat. It has belonged to one of my (6 ) brothers, but is unfortunately quite small. My youngest (and not so small) brother wanted a hat like this. So now I’m knitting one. A not-so-secret Christmas gift…

december

mandag 6. desember 2010

6.

Er de klare til å brette/klippe snøkrystallar?

Eg fekk tatt nokre bilder av prosessen idag, medan eg venta på at adventsfesten med klassa skulle begynne.

Oppdaga først etterpå at nokre av bilda var ein smule uskarpe, men det får gå for denne gongen.

DSCF4304DSCF4305

Bruk eit A4-ark. Brett det i to med bretten mot deg. Brett det ein gong til – åpne igjen.

DSCF4306DSCF4307

Brett den eine sida inn mot midten. Åpne også denne bretten igjen. Brett opp venstre hjørne slik at det ligg inntil den siste bretten.

DSCF4308DSCF4309

Snu arket og brett det andre hjørnet opp slik at det ligg inntil siste brett.

DSCF4310DSCF4312

Brett på midten. Ser de kanten ved pila? Klipp der!

DSCF4314DSCF4315

Den lengste sida på trekanten du no har fått er “armane” til snøkrystallen. No kan du teikne opp eit mønster, eller klippe på frihand.

DSCF4316

Fint blir det sikkert i alle fall!

Lykke til!

(Og dersom de vil bevare snøkrystallane lengre så kan dei altså laminerast. Og vi har lamineringsmaskin i huset så då er det enkelt…)

----------------------------

Just a little tutorial to show you how to fold your paper to make a hexagon shape. So you can make perfect snowflakes!

I don’t have time to translate right now, but you should be able to follow the photos.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails