søndag 27. februar 2011

Det liknar på…

…eit kjøkken, faktisk! Eg har hatt god hjelp av bror og svoger i helga og kjøkkenskapa er oppe!

006b

No manglar eg berre benkeplate og kvitevarer og slikt….

011b

Eg har berre ikkje fått bestemt meg for kva slags kvitevarer eg vil ha…Dei skal vere integrerte, og eg skal ha induksjonstopp, men ellers… Altfor mykje å velge mellom!

Har de nokre gode tips til merke/type? 

013b

Oooo, så mange skap!

Som de ser har eg også ein flisejobb å gjere etterkvart…

010b

I vitrineskapet har nokre småting fått plass, så lenge.

Og no ser eg fram til vinterferie og kjøkkenjobbing Smilefjes

--------------------------

Progress in my kitchen! With good help from my brother and brother-in-law, my kitchen cabinets are up on the walls!

It’s starting to look like a kitchen. With lots of space to put things!

Still many things to do, though.Smilefjes

 

fredag 18. februar 2011

Helg igjen…

Og vi er ei veke nærmare vinterferien. Det kan eg like.

Denne veka har eg hatt elektrikar innom, så no kan eg (vi) starte på kjøkkenmonteringa straks. Må berre gjere resten av skapa litt mindre flatpakka først…

Eg ser fram til å få ting på plass i skapa og litt meir orden der borte.

Innimellom oppussing i huset har eg også pussa opp brukte saker. Eg likar framleis oransje spraymaling, og har også fått tak i turkis maling no (hurra!).

Denne lampefoten var i metall og plast (!) og ikkje særleg pen.

255276

Mykje finare som oransje synest eg, og jammen fann eg ikkje ein passande skjerm på butikken også.

277

Dette var ei kvit porselensvase med flekkar. Så den blei finare med turkis maling.

278279

Og så fann eg eit slikt henge-opp-grytelokk-stativ. Det var faktisk oransje frå før. Litt slitt. Eg tenkte først å spraye i veg på det også, men lurer no på om eg skal behalde det slik det er. Kva synest de? Skal eg ha det litt sånn rustikt?

272274

Og både dei oransje og dei turkise tinga i dette innlegget passar fint til det nye Etsy-trykket mitt. Eg haddde faktisk ei ramme liggande som passa akkurat til det.

Trykket er kjøpt på denne butikken.

282

I’ve been busy with my spray paint again… I still love orange, but thanks to my sister I now also have aqua spray paint! I wanted an orange lamp and was lucky to find a matching lamp shade.

I liked the pattern on the vase, and since it had some spots it was a perfect victim for my aqua paint.

The lid-hanging-thing is in it’s original state. I first planned to paint it, but now I might want to keep it as it is. In it’s rustic charm.

And the orange and aqua things matches my latest Etsy print. From this shop.

Not much crafting going on right now. Still working on my kitchen.

Have a nice week end!

søndag 6. februar 2011

Pinterest

Samlar de også på linkar og bilder frå over alt på nettet? Det gjer også eg, og har mapper fulle av fine bilder og linkar til oppskrifter og slikt. Men så er det så lett å gløyme kvar bilda kjem frå, – og kvar er eigentleg den linken eg leitar etter?…

Pinterest kan vere ei hjelp dersom ein har slike “problem”.

Det er ei virtuell oppslagstavle der du kan henge bilder frå stader på nettet. Ved hjelp av ein knapp på verktøylinja er det lett å spare på bilder og idéar. Og så kan ein sjølvsagt følge andre sine tavler (og få endå fleire idéar…)

Til høgre ligg no link til Pinterest-tavlene mine.

Ellers så ventar eg endå på rørleggar og elektrikar, eg har kjøpt ny laptop (snadder) og har faktisk også vore litt sjuk siste veka (to ettermiddagar med feber faktisk, ca 10 år sidan sist…)

480127-002

I’ve started using Pinterest. It’s an excellent way of collecting photos and ideas from the web. In the sidebar is now a link to my boards there.

søndag 30. januar 2011

Seriøst handarbeid…

… har eg drive med i det siste. Det følest i alle fall litt meir seriøst ut å bruke sag og hammar enn strikkepinnar og heklekrok.

Pappa og eg la nytt golv på kjøkkenet mitt i går, og ellers skrur eg saman kjøkkenskap når eg har tid.

DSCF4699

DSCF4694

DSCF4697

No ventar eg berre på at rørleggar og elektrikar skal kome innom og koste mange pengar…

Og så kan vi begynne med puslespelet (og sette opp skapa)…

DSCF4709

- Og innimellom har eg tid til litt handarbeid i mindre skala, som de ser har eg kome i gang med UFO-lista mi. Flettejakka er ferdig og manglar berre knappar og litt blokking. Men den kan fint brukast så lenge…

-----------------------

I’ve been doing some serious crafting lately. At least working with a hammer and saw feels more serious than using needle and hook…

My dad and I made a new floor in my kitchen yesterday. And I am assembling kitchen cabinets when ever I can. Just waiting for the plummer and electrician to come by now. Then we’ll be ready to start getting everything in place.

I’ve also been working on my UFO list, and have almost finished my cabled jacket.

Have a nice week!

tirsdag 25. januar 2011

Musikk

Må berre dele ein søt song og video i dag.

Og helsar også ekstra til systrene mine Kirsten og Marie. Og det er ikkje dei som syng songen Smilefjes

-----

I just have to share this cute little song.

søndag 23. januar 2011

Oransje

Eg var ein liten tur innom bruktbutikken på fredag. Faktisk ganske lenge sidan sist (til å vere meg…)

DSCF4681

Og der stod det eit lite servise og venta. Fine oransje blomstrar.

Mønsteret er June frå Stavanger Flint.

Eg måtte berre ta det med meg heim, sjølv om eg for så vidt har nok av fat og koppar… (kremt)…

Den oransje vasa er meir rar enn fin kanskje, men den passar fint i samlinga mi.

DSCF4692

- For eg samlar no også på oransje vaser. Made in Italy.

Kjøpte den miste først fordi eg likte fargen. Då var det artig å finne ei til og så endå ei…

DSCF4685

Og dei passar godt på gangen min akkurat no, for der har eg hengt opp dette speilet.

(Eg fann forresten to fine dynetrekk også på fredag. Men dei var lilla, så dei passa ikkje inn i dette innlegget…)

----------------------

Had a little trip to the second hand shop on Friday. And got lucky. These nice cups and plates were waiting for me. The pattern is June from Stavanger Flint.

And I also found an new addition to my orange vase collection. Now I have three.

They match my little mirror now hanging in my hall.

fredag 21. januar 2011

Framgang

Skal eg få seie det sjølv så har eg vore ganske flink denne veka. Eg har jobba med kjøkkenet nesten kvar ettermiddag.

DSCF4674

I gang med grunning. Tenkte eg berre skulle male rett på grunninga,

DSCF4676

men bestemte meg for å legge eit lag med fiberduk først.

DSCF4677

I dag fekk taket sitt 2. og siste strøk med kvitt, og veggane fekk 1. lag med “Sjøgløtt”.

DSCF4679

Fargen viser litt betre her.

DSCF4680

Her ser det restar etter kjøkkenbenk og den fine tapeten. Kjøkkenskapa skal opp på denne veggen, så her blir det ikkje maling.

No tørkar mallinga i fred, eg sit godt i sofaen og skal arbeide med UFO-lista mi resten av kvelden.

-----------------------

I’ve been busy this week working in my new kitchen almost every day after work.It is nice to se some progress.

The rest of the evening I’ll be knitting, working on my list of UFOs.

onsdag 19. januar 2011

100 000!

Wow!

Tellaren har passert 100 000 besøk! Det må vel feirast litt? Eg må berre tenke meg litt om, så kjem eg sikkert attende med eit skikkeleg feireinnlegg.

Akkurat no er ettermiddagane litt fulle av tapetfjerning, sparkling, maling og slikt. Prøvar så godt eg kan å gjere mitt slik at kjøkkenet kan bli ferdig… Ting tar liksom litt lenger tid enn eg hadde tenkt. Sidan dette er mitt første skikkelege oppussingsprosjekt er det mykje å lære for meg.

Var litt optimistisk og tenkte eg berre kunne male veggane etter at gammal tapet var fjerna. Men sjølv om eg sparkla (og pussa) så godt eg kunne vart det liksom ikkje fint nok, så i dag klistra eg på fiberduk. Og så skal det malast.

sjøgløtt

Eg er litt spent på korleis det blir med denne fargen.

Er vi flinke så får vi kanskje ordna nytt kjøkkengolv i helga. Har i alle fall planar om å få det til…

torsdag 6. januar 2011

WIP eller UFO?

Det er svært freistande å starte på nye prosjekt no som vi har nytt år og slikt. Spesielt etter turar innom Ravelry der endå fleire oppskrifter havnar på favorittlista og i køen.

Men på prosjektsida mi står for mange prosjekt som har vore wip (work in progress) litt for lenge. Så eg har bestemt meg for å prøve å få dei ferdig før eg skal starte med nye prosjekt. Ser at mange andre der ute har laga same slags arbeidslister. Bra med litt positivt gruppepress.

Så kan de kanskje passe på at eg gjer noko med sakene. Men eg skal i første omgang konsentrerer meg om dei 4 øverst på lista….

It’s very tempting to start new projects now with a new calendar and everything, especially after visits to Ravelry and even more projects in my queue… But I have too many projects allready that has been wips for a long time. So I have decided to try to finish them before starting new projects. This is my list. (Ravelry links)

Her er lista mi (ravelry-linkar):

1. Cabled jacket

2. Totoro mittens

3. Buttony - jakke

4. Spiral boot socks

 

5. Brunt heklasjal

6. Honeycomb-vest

4245882436_1492beecd1_z

4398459917_da93729b01_z

4120143669_7ddc12bddb

mandag 3. januar 2011

Start…

…usj… tungt å starte på jobb igjen idag.

Eg som la meg tidleg i går kveld og alt – trur de eg fekk sove ? Nei då, ikkje på ei god stund…

Planleggingsdagen i dag gjekk bra likevel, var berre litt slapp rett etter lunsj.

Back to work today, it was hard to get up this morning.

I went to bed early last night to get enough sleep, but didn’t fall asleep for long time. Typical…

DSCF4564

DSCF4568b

DSCF4570

I løpet av juleferien rakk eg å gjere ferdig eit par strikkeprosjekt. Først denne alpakkajakka til minste-nevø. Mønsteret er frå boka Myk start. Eg endra på mønsteret og laga raglanfelling. Minst mogleg samansying er ok.

During the holidays I managed to finish a couple of knitting projects. First this cardigan for my little nephew.

DSCF4656

DSCF4655

Også er jule- snøtrehua til lillebror ferdig.

And the white tree hat for my brother.

DSCF4413

For ei stund sidan fekk eg ei strikkebok i posten frå Samlaget. Ser at mange strikkebloggarar har fått denne, og eg syns det var svært hyggeleg. (Tenk å få ei bok berre fordi eg bloggar.)

DSCF4416

Mange fine mønster i denne. Eg kjem vel kanskje til å bruke ho mest som ein mønsterbank.

DSCF4417

Eg lir nemleg av 2. vott/sokk-syndromet. Trur nok eg skal finne ein del prosjekt som er sånn ca halvgjort.

Men eg har vore flinkare før, kanskje det er noko eg skal øve meg på i år igjen. Gjere ferdig prosjekt.

DSCF4415

Mange fine mann og kone-bordar. Akkurat som på dei gamle genserane vi har heime Smilefjes

I got a new knitting book in the mail before Christmas. It has many old Norwegian knitting patterns.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails