torsdag 31. mars 2011

Nesten april

Tenkte eg skulle klare å lage eit siste innlegg før vi stormar inn i april. Då aukar antalet innlegg i mars med 100%… til to… Ikkje akkurat voldsom aktivitet her i det siste.

Men eg har tru på at eg snart er inne i husværet mitt og at eg kan pakke ut symaskina mi og fleire av  hobbysakene. Eg saknar symaskina altså. Har mange ting på planar-om-å-sy-lista.

DSCF4774

Kvitevarer, benkeplate og vask er i hus. No må dei berre “puslast” saman. Pakka ut benkeplatene i kveld og la dei på plass, berre for å finne ut at dei nokre mm for store. Så då må karane fikse litt i morgon. Kanskje er vask og platetopp på plass i morgon når eg kjem frå jobb…

Eg malar karmar og prøver å ikkje irritere meg over humpane i golvet. (Ikkje berre berre å legge parkett over gamalt limoleumsgolv som ikkje var så flatt som vi trudde...)

DSCF4786

Og så prøver eg å lokalisere alle plakatar og trykk eg har kjøpt dei siste åra. Har ikkje heilt bestemt meg for om eg likar svarte, kvite eller gamle rammer best. Kjem til å bli ei god blanding tenkjer eg.

DSCF4782

Dei oransje vasene mine har fått selskap av eit par syskjenborn i turkis og gult. Dei står i vinduskarmen (som treng pussing og maling) og ser ut på restane av gamlekjøkkenet på terrassen. Så snart snøen smeltar vert det tur til reinhaldsverket!

HNDLAG~2

Og så over til noko heilt anna.

For ei stund sidan las eg om Håndlaga 2011. Ei konkurranse i handlaga saker og ting. Der kunne ein nominere ting i 8 kategoriar, og ein fekk lov til å nominere ein sjølvlaga ting og noko frå andre. I eit frimodig augeblikk nominerte eg hekleteppet mitt.

Og i dag såg eg at teppet er ein av dei ti finalistane i kategori 5 – “til hjemmet”. 

Har de lyst til å stemme på teppet mitt så kan de det, altså. Hint, hint… Men der er også mange andre fine saker, sjølvsagt. Og de kan stemme i alle kategoriar. Klikk og stem!

fredag 18. mars 2011

Stoffrestar i taket

Hei og hå! Eg er her altså, sjølv om det er litt stille på bloggen for tida.

Kjekt at så mange av dykk er innom, sjølv om eg er litt vekke… Hekleteppeoppskrifta mi er stadig populær, ser eg.

Benkeplate og vask er i no hus, kvitevarene kjem snart og så er det klart for finpussen.

Eg har litt handarbeidstørke for tida, men håpar å kome sterkare tilbake seinare på våren. For no kan vi vel seie at det er vår? Ser at snøen minkar for kvar dag, og eg kan sjå byggerotet på terrassen igjen…

18.03.11 016

Men eg har brukt ein idé eg fann på Pinterest og laga meg ein lampeskjerm.

Alt ein treng er masse stoffrestar (ikkje noko problem) og ein naken lampeskjerm i høveleg form.

18.03.11 011

Denne kan sjølvsagt lagast med så mange eller få fargar du vil, men med eg blei det mange Smilefjes

Klipp stoff i passe breie remser og knyt fast i lampeskjermramma. Knyt og knyt…

18.03.11 010

Har eg vist fram sofaen min, forresten? Har liksom rydda fram ein krok i stova som ser litt presentabel ut.

18.03.11 017

I made myself a lampshade. The idea came from here.

Still a bit quiet in here, it’s just been busy…

But I’m hoping to show you my finished kitchen soon, and get my craft room in order.

But one corner of my living room is presentable. And look at my “new” sofa.

søndag 27. februar 2011

Det liknar på…

…eit kjøkken, faktisk! Eg har hatt god hjelp av bror og svoger i helga og kjøkkenskapa er oppe!

006b

No manglar eg berre benkeplate og kvitevarer og slikt….

011b

Eg har berre ikkje fått bestemt meg for kva slags kvitevarer eg vil ha…Dei skal vere integrerte, og eg skal ha induksjonstopp, men ellers… Altfor mykje å velge mellom!

Har de nokre gode tips til merke/type? 

013b

Oooo, så mange skap!

Som de ser har eg også ein flisejobb å gjere etterkvart…

010b

I vitrineskapet har nokre småting fått plass, så lenge.

Og no ser eg fram til vinterferie og kjøkkenjobbing Smilefjes

--------------------------

Progress in my kitchen! With good help from my brother and brother-in-law, my kitchen cabinets are up on the walls!

It’s starting to look like a kitchen. With lots of space to put things!

Still many things to do, though.Smilefjes

 

fredag 18. februar 2011

Helg igjen…

Og vi er ei veke nærmare vinterferien. Det kan eg like.

Denne veka har eg hatt elektrikar innom, så no kan eg (vi) starte på kjøkkenmonteringa straks. Må berre gjere resten av skapa litt mindre flatpakka først…

Eg ser fram til å få ting på plass i skapa og litt meir orden der borte.

Innimellom oppussing i huset har eg også pussa opp brukte saker. Eg likar framleis oransje spraymaling, og har også fått tak i turkis maling no (hurra!).

Denne lampefoten var i metall og plast (!) og ikkje særleg pen.

255276

Mykje finare som oransje synest eg, og jammen fann eg ikkje ein passande skjerm på butikken også.

277

Dette var ei kvit porselensvase med flekkar. Så den blei finare med turkis maling.

278279

Og så fann eg eit slikt henge-opp-grytelokk-stativ. Det var faktisk oransje frå før. Litt slitt. Eg tenkte først å spraye i veg på det også, men lurer no på om eg skal behalde det slik det er. Kva synest de? Skal eg ha det litt sånn rustikt?

272274

Og både dei oransje og dei turkise tinga i dette innlegget passar fint til det nye Etsy-trykket mitt. Eg haddde faktisk ei ramme liggande som passa akkurat til det.

Trykket er kjøpt på denne butikken.

282

I’ve been busy with my spray paint again… I still love orange, but thanks to my sister I now also have aqua spray paint! I wanted an orange lamp and was lucky to find a matching lamp shade.

I liked the pattern on the vase, and since it had some spots it was a perfect victim for my aqua paint.

The lid-hanging-thing is in it’s original state. I first planned to paint it, but now I might want to keep it as it is. In it’s rustic charm.

And the orange and aqua things matches my latest Etsy print. From this shop.

Not much crafting going on right now. Still working on my kitchen.

Have a nice week end!

søndag 6. februar 2011

Pinterest

Samlar de også på linkar og bilder frå over alt på nettet? Det gjer også eg, og har mapper fulle av fine bilder og linkar til oppskrifter og slikt. Men så er det så lett å gløyme kvar bilda kjem frå, – og kvar er eigentleg den linken eg leitar etter?…

Pinterest kan vere ei hjelp dersom ein har slike “problem”.

Det er ei virtuell oppslagstavle der du kan henge bilder frå stader på nettet. Ved hjelp av ein knapp på verktøylinja er det lett å spare på bilder og idéar. Og så kan ein sjølvsagt følge andre sine tavler (og få endå fleire idéar…)

Til høgre ligg no link til Pinterest-tavlene mine.

Ellers så ventar eg endå på rørleggar og elektrikar, eg har kjøpt ny laptop (snadder) og har faktisk også vore litt sjuk siste veka (to ettermiddagar med feber faktisk, ca 10 år sidan sist…)

480127-002

I’ve started using Pinterest. It’s an excellent way of collecting photos and ideas from the web. In the sidebar is now a link to my boards there.

søndag 30. januar 2011

Seriøst handarbeid…

… har eg drive med i det siste. Det følest i alle fall litt meir seriøst ut å bruke sag og hammar enn strikkepinnar og heklekrok.

Pappa og eg la nytt golv på kjøkkenet mitt i går, og ellers skrur eg saman kjøkkenskap når eg har tid.

DSCF4699

DSCF4694

DSCF4697

No ventar eg berre på at rørleggar og elektrikar skal kome innom og koste mange pengar…

Og så kan vi begynne med puslespelet (og sette opp skapa)…

DSCF4709

- Og innimellom har eg tid til litt handarbeid i mindre skala, som de ser har eg kome i gang med UFO-lista mi. Flettejakka er ferdig og manglar berre knappar og litt blokking. Men den kan fint brukast så lenge…

-----------------------

I’ve been doing some serious crafting lately. At least working with a hammer and saw feels more serious than using needle and hook…

My dad and I made a new floor in my kitchen yesterday. And I am assembling kitchen cabinets when ever I can. Just waiting for the plummer and electrician to come by now. Then we’ll be ready to start getting everything in place.

I’ve also been working on my UFO list, and have almost finished my cabled jacket.

Have a nice week!

tirsdag 25. januar 2011

Musikk

Må berre dele ein søt song og video i dag.

Og helsar også ekstra til systrene mine Kirsten og Marie. Og det er ikkje dei som syng songen Smilefjes

-----

I just have to share this cute little song.

søndag 23. januar 2011

Oransje

Eg var ein liten tur innom bruktbutikken på fredag. Faktisk ganske lenge sidan sist (til å vere meg…)

DSCF4681

Og der stod det eit lite servise og venta. Fine oransje blomstrar.

Mønsteret er June frå Stavanger Flint.

Eg måtte berre ta det med meg heim, sjølv om eg for så vidt har nok av fat og koppar… (kremt)…

Den oransje vasa er meir rar enn fin kanskje, men den passar fint i samlinga mi.

DSCF4692

- For eg samlar no også på oransje vaser. Made in Italy.

Kjøpte den miste først fordi eg likte fargen. Då var det artig å finne ei til og så endå ei…

DSCF4685

Og dei passar godt på gangen min akkurat no, for der har eg hengt opp dette speilet.

(Eg fann forresten to fine dynetrekk også på fredag. Men dei var lilla, så dei passa ikkje inn i dette innlegget…)

----------------------

Had a little trip to the second hand shop on Friday. And got lucky. These nice cups and plates were waiting for me. The pattern is June from Stavanger Flint.

And I also found an new addition to my orange vase collection. Now I have three.

They match my little mirror now hanging in my hall.

fredag 21. januar 2011

Framgang

Skal eg få seie det sjølv så har eg vore ganske flink denne veka. Eg har jobba med kjøkkenet nesten kvar ettermiddag.

DSCF4674

I gang med grunning. Tenkte eg berre skulle male rett på grunninga,

DSCF4676

men bestemte meg for å legge eit lag med fiberduk først.

DSCF4677

I dag fekk taket sitt 2. og siste strøk med kvitt, og veggane fekk 1. lag med “Sjøgløtt”.

DSCF4679

Fargen viser litt betre her.

DSCF4680

Her ser det restar etter kjøkkenbenk og den fine tapeten. Kjøkkenskapa skal opp på denne veggen, så her blir det ikkje maling.

No tørkar mallinga i fred, eg sit godt i sofaen og skal arbeide med UFO-lista mi resten av kvelden.

-----------------------

I’ve been busy this week working in my new kitchen almost every day after work.It is nice to se some progress.

The rest of the evening I’ll be knitting, working on my list of UFOs.

onsdag 19. januar 2011

100 000!

Wow!

Tellaren har passert 100 000 besøk! Det må vel feirast litt? Eg må berre tenke meg litt om, så kjem eg sikkert attende med eit skikkeleg feireinnlegg.

Akkurat no er ettermiddagane litt fulle av tapetfjerning, sparkling, maling og slikt. Prøvar så godt eg kan å gjere mitt slik at kjøkkenet kan bli ferdig… Ting tar liksom litt lenger tid enn eg hadde tenkt. Sidan dette er mitt første skikkelege oppussingsprosjekt er det mykje å lære for meg.

Var litt optimistisk og tenkte eg berre kunne male veggane etter at gammal tapet var fjerna. Men sjølv om eg sparkla (og pussa) så godt eg kunne vart det liksom ikkje fint nok, så i dag klistra eg på fiberduk. Og så skal det malast.

sjøgløtt

Eg er litt spent på korleis det blir med denne fargen.

Er vi flinke så får vi kanskje ordna nytt kjøkkengolv i helga. Har i alle fall planar om å få det til…

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails