Etter å ha hekla ferdig 72 sirklar var det på tide å gå laust på endefesting. Greitt å vere ferdig med dei før eg heklar 4. og siste runde.
After making 72 circles it was time to tackle the ends before crocheting the 4th and final round.
Men når endane var festa kunne eg leike meg litt. Ein av mine favorittaktivitetar er nemleg å leike med heklesirklane. Og å ta mange bilder…
With the loose ends all done I could do one of my favourite activities – playing with the circles - and taking lots of photos…
Eg har ni forskjellige fargar her og for å hjelpe meg til å fordele fargane likt utover brukte eg eit ferdig sudoku. Sparte meg for mykje tenking og sirkelflytting.
I have nine different colours here, and to help me lay them out I used a finished sudoku puzzle. Each colour got a number. That saved me a lot of thinking and moving of the circles.
Så var det på tide å gå attende til heklinga.
And now back to the crocheting.
Og jammen var det bra at eg har oppskrifta her, for no hadde eg heilt gløymt korleis eg hekla siste runda. På tide med ei oppfrisking tydelegvis…
It’s time I tried this pattern again, I had completely forgotten about how I did the last round. A good thing I have the pattern here…