søndag 25. september 2011

Stolpute

Eg har hekla ferdig den japanske stolputa no i helga. Den slukte godt med garn, og eg måtte handle meir undervegs…

002

F.eks meir kvit til midten av blomstrane. Her er eg klar til å få ferdig siste runde.

004

I mønsteret er det 3 runder med bomster. Eg ville ha ei litt større pute og satsa på 4 runder.

006

Ferdig med blomstrane! Dette blir ei skikkeleg haustpute med fine haustfargar. Dessverre gjekk eg tomt for brunraud undervegs.

008

Slik ei nydeleg blomstereng… skulle hatt dei i stort format… som ei hoppepute…

012

Her ser de litt av teknikken bak blomstrane. Dei er doble, og bortsett frå midten er dei like på fram- og baksida.

014

015

Og slik blei puta til slutt, med grøn kant. (Brukte 50 gr garn berre til den kanten…)

017

Puta var stor nok tenkte eg – heilt eg prøvde ho på den påtenkte stolen… Den stolen har visst ekstra stort sete… Så det kan hende at puta får ei runde til med blomstrar – etterkvart. Eller så kan eg legge ho på ein annan stol.

018

Nokre detaljar: Eg har brukt PT3, vamsegarn (frå Rauma) og Iglo soft (frå Europris). 6 mm heklekrok. Puta måler 44 cm frå spiss til spiss og veg 450 gram!

Og eg melder på denne puta i Celebrate Color – ei blogghending som feirar fargar og haust.

Celebrate Color

----------------------------------

My chair cushion is done – for now. As you can see on the photo above the cushion looks a bit small on the chair I intended it for… Even if I made it larger than the pattern.

I made 4 rounds of flowers and had to buy more yarn in the process… I still ran out of one colour. I have never made flowers this way before. They’re double and really squishy. I would love to have a carpet of these – but that would just be crazy to make. – Or would it…

This little cushion weighs 450 grams… I’ve used bulky/aran weight yarn and a 6 mm crochet hook. It measures 44 cm across.

I’m entering this cushion in Celebrate Color. Go over there and look at all the colourful projects!

onsdag 21. september 2011

Kul-tur, kultur…

Eg har vore ute på vift i helga. Innimellom to netter på nattbuss vart det 2 dagar i Oslo. Ein smule slitsomt, men kva gjer ein ikkje for ei fin oppleving.

006

Operaen var målet.

007

3. balkong viste seg å vere ganske høgt oppe…

009

014

Og sceneteppet er berre tøft…

013

Jammen bra med eigen liten tekstskjerm – tysken min er ikkje heilt stødig.

016

Mange arier seinare…

022b

Og alle var einige om at det var ein fin kveld!

-------------------

I’ve been to the Opera in Oslo. My first time in the new building. We were lucky to get tickets. Quite high up as you can see… (3rd balcony).

Fargar

Ikkje berre dumt dette skiftande veret…

005

Denne flotte regnboga strålte mot meg ein dag i forrige veke. Køyrande heim frå jobb, måtte eg berre svinge inn på ei busslomme og finne fram fotoapparatet. 

003b

I met this lovely rainbow driving home from work last week. I just had to get out my camera…

mandag 12. september 2011

Japansk

Det er stund sidan eg oppdaga dei nydelege japanske handarbeidsbøkene. Og då eg også litt seinare fann ut kvar dei kunne kjøpast, var det gjort…

Eg prøvar framleis på å få litt orden på hobbyrommet mitt, og under utpakking av ei kasse her ein dag, fann eg denne boka (som eg hadde gløymt at eg hadde…)

Eg kan dessverre ikkje fortelle kva boka heiter…

023

Men bilda er fine, og mønsterdiagramma kan lesast. Men det krevst litt tolking og hekleforståing også…

024

Visste de at gryteklutmønster kan heklast i tjukt garn og bli fine stolputer?

025

Dette blomstermønsteret bestemte eg meg for å prøve.

032

I haustfargar. Blomstrane er doble, så her har vi eit prosjekt som sluker ull…

Og her er mange andre fine mønster også, berre sjå…

026

027

028

029

030

While organising in my craft room I discovered this Japanese crochet book. I had completely forgotten I had this. SO many nice patterns and projects. Did you know that pot holder patterns can be nice chair pillows?

I can’t tell you the name of the book, unfortunately. I don’t speak Japanese, but good for me- the patterns are written in diagrams.

søndag 11. september 2011

Smårammer

Eg har så smått byrja å få ting opp på veggane. “Kunstsamlinga” ligg rett nok endå og ventar, for eg har ikkje fått ramma inn alle trykka mine enno.

Men desse smårammene har eg hengt opp. Dei er ikkje større enn 13 cm og er aldeles hekla og heimelaga.

003

Utgangspunktet er billege plastarmband frå Cubus. Først er det hekla ei runde med fastmasker rundt ringen. Så tett at det vert fint og talet på masker må vere deleleg med 6. Neste runde heklast ein stav i kvar fastmaske.

005

Siste runde heklast det tunger: Hopp over 2 m, 7 st i neste m, hopp over 2m, 1 fm – fortsett slik rundt heile. Ta da! No skal du ha ei søt lita ramme.

I rammene mine har eg gammal clip art frå The Graphics Fairy. Dei er berre festa på baksida og kan skiftast ut.

004

Eg hang dei litt tilfeldig opp på veggen, men det spørs om ikkje dette blei for usystematisk for meg… Og eg har fleire armband igjen, så det kjem kanskje rammer i nokre fargar til…

Idéen og oppskrifta på engelsk fann eg her hos Lola Nova.

001

I’m starting to get things up on my wall. I’m not at all minimalistic so I’m sure my walls will be covered in the end…

The first to go up in my living room was these little frames. I found the idea and a tutorial over at Lola Nova. I may want a more symmetric display of these later. I went for not-so-symmetric approach this time… Not sure I like it. But I love the frames! And i’ll make some more in other colours.

In the frames are vintage clip art from The Graphics Fairy.

torsdag 25. august 2011

S

Bokstavar er frykteleg “in” i interiør-kretsane har eg sett. (Iallfall har det vore det…)

Eg har begynt å samle på bokstavar også, men kjem nok ikkje til lage så mange ord med bokstavane mine. Har nemleg bestemt meg for å berre samle på S’ar faktisk… Skal tru kvifor… (hi hi)

Planen er å fylle eine veggen i trappa med dei.

021

Her er ein S eg har pynta sjølv. Basis er ein papp-S frå Panduro. Banda kjem frå mi lille samling av pynteband… Det var berre å klippe dei i passeleg lengde og lime dei fast med limpistolen. Ikkje så frykteleg avansert, men ein kompliserande faktor var nok at S-en stort sett er laga av kurver… Litt enklare å pynte ein H for eksempel…

---------------

I collect letters too. And only the letter S. I’m sure you can guess why…

My plan is to decorate one wall with them. So far I have a few. This is one I decorated myself. A paper letter from a craft shop and a few ribbons from my little ribbon stash was all I needed. I glued the ribbons on using my hot glue gun. Not too complicated, but it would have been easier if my letter was a H. Too many curves in a S…

tirsdag 23. august 2011

Start

Og så plutseleg var vi i gang med nytt skuleår. Eg har tredje klasse i år har nokre bøker å bli kjent med no som ny halvårsplan skal på papiret. Difor har det vore lite aktivitet utanom jobb siste veka.

Er no skikkeleg på plass i huset mitt, og prøvar å finne plass til alle sakene. Det blir flytting på saker og ting før eg finn ut kvar dei passar best.

Og sjølvsagt står det igjen ein del ting å gjere; lister rundt døropningar, sokkel og lyslist på kjøkkenet, litt silikon her og der, eit par nye taklampar må kjøpast, bilder på veggane må hengast opp, etc, etc…

Last week was the start of the new school year. A busy week, not much time for other things than work. I’m trying to get organised in my new house. I still have many things here and there, not sure where the right place for everything is. I guess I’ll move things around for a while until I find out their perfect place.

031

Kjøkkenbenken blei brått full, men her ser de litt korleis det skal bli. Ikkje heilt styla ser eg, var mitt i brødbakinga… Fliser og fuger er det siste som kom på plass i ferien.

This is my not-very-styled counter top. We did the tiles a few weeks ago.

037

Bursdagsgåva til meg sjølv i år.

And this was my birthday present for myself.

024

Eg samlar på… alt for mykje, kanskje… Men det har eg gjort heilt sidan eg var liten. Denne settekassa fekk eg av foreldra mine eit år, og den har alltid vore ein favoritt. Mange av småtinga her har eg hatt le-e-enge. Mange minner der…

I’m a collector. And I do collect too much, probably. I got this shelf a long time ago and it has allways been full of small things, many of them I’ve had since a was little.

025

027

028

Nokre andre samlingar…

A few other collections…

fredag 12. august 2011

Babygåver

Då er gåva overlevert og eg kan vise fram det ferdige produktet her. Mottakaren er mi nyaste lille niese (og tantebarn nr 15) i Trøndelag.
014
Det er nok ein fordel at babyar får plass inni slike tepper, så det måtte heklast nokre fleire ruter enn først tenkt. 110 blei det til slutt. I tillegg hekla eg nokre ekstra rader med “bestemødre” rundt. Og ein dobbel V-kant til slutt.
012
Veit eg målte det, men har nok gløymt dei ferdige måla.. Stort nok skulle det vere i alle fall. Garnet er Sisu frå Sandnes (385 gr) og heklenål 3,5 mm.
This blanket was made for my newest little niece (I’m the aunt of 15 now). It’s nice to be able to wrap a baby in a blanket – so I had to make more than 72 squares… 110 to be precise. I also made a few rows of “grannies” as a border. The final row I made a double v-stitch.
018
Eg kom nettopp over eit mønster på nokre aldeles søte babysko i denne butikken. Mønsteret havna straks i handlevogna… Enkle å strikke var dei også. Så dei blei også med i pakken.
021
027
026
I found this adorable pattern in this shop the other day. Had to buy it right away. The shoes was easy to knit. So these were also in the present.
PS! Sorry for the broken link to the baby shoe pattern. I’ve fixed it now, hopefully Smilefjes

fredag 5. august 2011

Hekleleik

007

Etter å ha hekla ferdig 72 sirklar var det på tide å gå laust på endefesting. Greitt å vere ferdig med dei før eg heklar 4. og siste runde.

After making 72 circles it was time to tackle the ends before crocheting the 4th and final round.

009

Men når endane var festa kunne eg leike meg litt. Ein av mine favorittaktivitetar er nemleg å leike med heklesirklane. Og å ta mange bilder…

With the loose ends all done I could do one of my favourite activities – playing with the circles - and taking lots of photos…

011

014

015

Eg har ni forskjellige fargar her og for å hjelpe meg til å fordele fargane likt utover brukte eg eit ferdig sudoku. Sparte meg for mykje tenking og sirkelflytting.

I have nine different colours here, and to help me lay them out I used a finished sudoku puzzle. Each colour got a number. That saved me a lot of thinking and moving of the circles.

020

Så var det på tide å gå attende til heklinga.

And now back to the crocheting.

022

Og jammen var det bra at eg har oppskrifta her, for no hadde eg heilt gløymt korleis eg hekla siste runda. På tide med ei oppfrisking tydelegvis…

It’s time I tried this pattern again, I had completely forgotten about how I did the last round. A good thing I have the pattern here

Fliser

015

Med god hjelp av ein bror har eg fått opp flisene over kjøkkenbenken. Det gjekk i grunnen fort når vi først kom i gong. No står fuginga igjen, og det bør eg få gjort om ikkje så lenge.

The tiles in my kitchen are in place . With good help from my brother. Now I only have to do the grouting.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails