mandag 2. januar 2012

Undertrøye- og UFO-strikking

Romjulsdagane vart rolege med tid til strikking. Været ute la også opp til inneaktivitet, så då var det berre å sitte her…

Eg starta på desse strømpene i sommar, dei ramla ned i UFO-kategorien sidan det vart ei lang pause på strømpestrikkinga. No ser eg enden på strømpe nr 1. Men eg veit ikkje heilt korleis det skal gå med strømpe nr 2. Har nemleg brukt ei blanding av 2-3 oppskrifter på denne strømpa, er litt spent på om eg finn dei igjen, og om eg klarar å lage ein kopi…

I’ve had time to knit in these Christmas days. This knee sock is allmost finished now – I started it in July… But I have used a mix of 2-3 different tutorials for this, and I’m worried that I’ve forgotten which and where. Will I be able to make another sock like this. It is an advantage to have two similar socks…

004

Og så litt rosa. Vi ventar no (i januar) på ei lita ny niese. Søstra mi ønskar seg små ullundertrøyer til den lille. Eg strikkar i alpakka og brukar oppskrift av Lene Holme Samsøe. To trøyer i to gammalrosa-nyansar.

We are waiting for a new niece to arrive now in January. My sister asked for a couple of small vests (like this). I’m knitting in alpacca and the pattern is by Lene Holme Samsøe.

005

I morgon er det attende på jobb. JOHO!

Back to work tomorrow!

søndag 1. januar 2012

Oppsummering…

Mange som driv med årskavalkader og slikt ved årsskiftet.

Og eg hadde lyst å ta eit tilbakeblikk eg også. Heng med de som vil…

Ved gjennomgangen av bilda mine ser eg at det har vore for lite handarbeidskreativitet. Men litt meir arbeid på husfronten…

jan 11

Knuse pepparkakehus, strikking, maling, legge kjøkkengolv, brukthandel…

feb11

Meir brukthandel, bygge kjøkken, pusse opp lampe…

mars11

Snøvinter, stoffstrimmel-lampeskjerm, kvitevarer, møblering av stova…

apr11

Lamming, hekle golvteppe, nye tresko, sjalstrikking og pinneknekking, påske…

mai11

Hekleblomstersjal, nye raude treskosandalar, 17. mai-blomst, sjukehusopphald, popkornhekling…

jun11

Meir hekling, ullplukking, jonsokbål, brukthandel igjen, lage muffinsstativ…

jul11

Bryllupsmuffins, hekling, ferie, strømpestrikking, bursdagsfeiring…

aug11

Hekleteppe, fliser på kjøkkenet, pynting i stova, ny gryte til meg sjølv, småskostrikking…

sept11

Fleire småsko, brukthandel og loppemarknad, heklerammer, operabesøk…

okt11

Maling av gangen, sauesanking, strikking, barnedåp-familefest…

nov11

Julestrømper og julepynt, – tok visst veldig få bilder i november…

des11

Julepynting, julegåver, juleblomst og juleorkan…

2011 in my photos. I can see now that I have not done much sewing in 2011. I hope to spend more time with my sewing machine in 2012.

Godt nytt år!

Happy New Year!

069

Godt vær for fyrverkeri i natt. Pøsregnet sette inn først eit par timar inn i det nye året…

Nice weather for fireworks last night. The rain came later.

098b

Vi starta det nye året med ein time med stjerneskot-leik (som vanleg i nyttårsfeiringane våre).

We spent an hour of the new year playing with sparklers, as we usually do at our new year’s party.

105

030

111

136

139

134

torsdag 29. desember 2011

Vasketips!

Brukar ein del gule post-it lappar på jobb. Treng litt hugselappar til både det eine og andre.

Men eg ser no at det kan vere lurt å fjerne lappane frå jakkelomma før vask…

Eg får vel leite fram tøyfargen og farge heile jakka, trur eg. Muligens ein annan farge enn Post-it-gult…

017

Note to self: Remember to remove Post-it notes from pocket before washing!…

mandag 26. desember 2011

Jul!

Og vips var det jul!

Eg blei ferdig med det som måtte bli ferdig, alle gåver kom fram i tide (nesten).

015

Amaryllisen i vinduskarmen overgikk seg sjølv med 6 blomstrar på den eine stilken.

002

Eg feirar jul saman med familien, men eg fekk pynta eit lite tre borte hos meg også.

020

Vi pustar ut etter besøket av Dagmar i går, og håpar ikkje neste storm (som er på veg no) er like sterk. Fleire i slekta mista takplater på husa sine, og her ramla det ned graner ovanfor huset.

044

And there it was Christmas…

All presents were finished in time (and sent off).

I’m spending Christmas with my family, but have a little tree in my living room too.

Yesterday we had a big storm/hurrican here. Many damages around. But we are all safe here. A new storm on the way tonight…

lørdag 17. desember 2011

And the winner is…

Many thanks to all of you who took part in my giveaway!

It was so fun to read all your comments about your favorite Christmas music. Some of the music where new to me.

Random.org picked a winner for me: strandkorbtraum

Her favourite Christmas carol is “Maria durch ein Dornwald ging”

I hope she will enjoy the stars. And you who didn’t win must make your own this timeSmilefjes

Now, back to my baking…

mandag 12. desember 2011

Giveaway Day!

 

GiveawayDay

Gi vekk dagen!

Det er Sew Mama Sew som arrangerar/koordinerar denne gi vekk dagen. Alle med blogg eller butikk kan vere med, eg var med for eit år sidan og det var kjekt. Mange besøk! Denne gongen varer gi-vekken til 16. desember. Stikk innom SMS-bloggen og sjå på alle gi-vekkane.

Eg har nettopp lært meg å brette sllike stjerner i stoff – mykje strykejernarbeid og litt pirk – men artig! Eg fann ei oppskrift her.

Så eg gir vekk desse tre stjernene. Legg igjen ein kommentar og fortell meg kva som er favoritt-julemusikken din. Eg trekk ein tilfeldig vinnar etter 16.des.

Eg har nemleg tenkt å finne juleplatene mine no (har liksom rota dei litt vekk i flytteryddinga…) Favorittjulesongen min er Deilig er jorden, men eg likar mange fleire også. Kan som regel juleplatene utenat…

010

I’m taking part in the Giveaway Day! Hop over to Sew Mama Sew if you want to read more about the day, or take part yourself. This time the giveaway is open until December 16.

I’ve just learned how to make these fabric stars. (Tutorial here – in Danish) so I’m giving away these three stars to hang on your tree or somewhere else.

I’ll ship internationally!

Leave a comment below, and answer this question: What’s your favourite Christmas music? Carol/song/etc…

I’ll pock a random winner after dec 16.

The giveaway is now closed! I’ll be back with the winner later.

søndag 4. desember 2011

2. søndag

Jammen litt styr å vere med på julemesser… I alle fall når ein ikkje startar i god tid…

001

Men no står julebutikken der, og det blei svært koseleg.

002

Ta ein tur innom dersom du er i Ørsta, vi held til i ei av sidebygningane til Svendsen-garden, midt i sentrum.

003

Vi har åpent laurdagane fram til jul.

005

These past weeks have been really busy. I’ve learned that it is a good idea to start early if tou’re going to take part in Christmas fairs… (I didn’t…)

But here are photos from our little Christmas shop.

onsdag 23. november 2011

Juleverkstad

004

Snart første søndag i advent. Kvar kom den ifrå? Og stova har blitt gjort om til hobbyrom. Likesom litt betre plass her nede…

Eg skal visst vere med på eit par julemesser. Så då var det berre å finne fram det eg hadde av julete stoff. No får eg endeleg bruk for dei metrane eg kjøpte på IKEA for nokre år sidan…

Har hatt litt vanskar med å bestemme meg for kva eg skulle lage. Har liksom ikkje noko signatur-produkt. Så då stiller eg med litt av kvart… Og eg får stadig nye idear, men det byrjar å skorte på tida.

Papirjulestjernene synest eg er fine…

012

Julestrømper kan vere kjekke å ha…

016

Og så blir det kanskje nokre vaser med heklepynt, babysko, sauar…

Så spørs det om dette er noko folk vil kjøpe… Første gong eg prøver dette her så det blir spennande.

PS: Oppskrifta på stjernene har eg sjølvsagt funne der ute. Desse vert kalla finske papirstjerner. Eg fakstisk sett dei laga av trespon. Men papir går også bra. Her er ei oppskrift på engelsk.

021

----------------------

Allmost December and time for Christmas fairs. I’m going to take part in a couple of fairs this year (my first time ), so I’m trying to make stuff now. November has been busy, so I will not have many, many things…

PS: Here is a pattern for the stars.

søndag 6. november 2011

Koselege regnskyer…

Av og til er det kjekt med formingsoppgåver som høver til veret… I sommar/haust har det vore nok av regn, så då fekk eg lyst til å sette elevane igong med å lage kvar si sky med regndråpar.

Eg har sett mange variantar av slike skyer rundt i internett-verda, mellom anna her og her og her +++

558

Og elevane har vore flinke og tålmodige. Dette prosjektet har tatt nokre veker.

559

Først teikna alle si eiga sky. Den vart teikne av på filt og klipt ut. Rundt kanten sydde elevane med kastesting. Sjølvsagt blir det ekstra fint med tungesting, men det droppa vi denne gongen.

560

Eg hjalp dei med å sy igjen åpninga etter at dei hadde stappa vatt inni. Dei valgte sjølv kva fargar dei vill ha på dråpane, klipte dei ut og limte dei på sølvtråden. Litt skeivt her og der – men det er berre sjarmerande.

561

Nokre av gutane ville også ha på eit lyn. Litt ekstra sying for dei.

562

Eg hjalp til med montering av regndråpetrådane til slutt. Men mesteparten av jobben har dei gjort sjølve. Ikkje verst av ei tredjeklasse!

564

This has been the art project in my class this fall. A art project that matches the weather we’ve had…

The children did most of the work themselves – drawing their own cloud, sewing around it , stuffing it, choosing colours fro the rain drops, cutting them out from felt, glueing them on the silver yarn. I helped with a few details.

They’ve worked on these for weeks. And did a great job! And they’re in third grade (8 years old)!

 

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails