lørdag 25. februar 2012

Vinterferie

We’ve had half term this week.

009

Det starta så fint og vinterleg, med ny porsjon snø og alt. Men så regna resten av veka vekk…

010

It started out nicely, new snow and all. (This is the view from my house.)

But most of the week it has been raining…

011

Det liknar meir og meir på vår, og eg kan hente vårinspirasjon frå eit av favorittblada mine. (Men eg forventar ikkje vår heilt enno… Det kan stadig komme mykje snø i mars…)

It starting to look like spring, and i get inspiration from one of my fabourite magazines. But I’m not expecting spring yet – we can still get lots of snow in March…

015

Nevøar og nieser har vore på besøk og legokassene til tante må fram. Sjølvsagt har tante Lego! Eine nevøen på 6 år meiner at tanter også bør ha meir enn ein Bionicle-figur. Eg har altså berre ein så langt.

022

Men eg har også leikerom under trappa. Har samla meg nokre leiker gjennom åra, og har også ein del av mine gamle leiker der.

Nieces and nephews have been visiting. And borrowing my Legos. One of my nephews think I should have more than one Bionicle Lego… I have a place for the toys under the stairs.

Alt i alt ei fin veke!

søndag 12. februar 2012

Gift wrap romper

(Synest dei har eit kjekt namn for buksedress på engelsk: “romper”.)

I helga kom eg over ei oppskrift på ein strikka variant. Den såg så fin ut, at eg fekk lyst til å prøve oppskrifta med det samme. Og sidan eg nettopp har fått ein ny kandidat (nevø) som kunne vere mottakar sette eg i gong.

Last weekend I found this pattern. Of course I wanted to make it right away. And since I have just the right recipient (new nephew) I decided to do it.

008

Leita gjennom garnlageret, men hadde akkurat ikkje nok garn til heile prosjektet (må slutte med desse 1 og 2 nøste-garnkjøpa mine…)

Mandag var eg innom ein butikk og fekk kjøpt med meg 4 nøster med Vamsegarn frå Rauma. (Eg håpar ikkje garnet vert for stikkete for den lille…)

I went through my stash, but did not have the right amount of the yarn i needed. So I had to wait until Monday (and a visit to a yarn shop) to start the knitting.

009

Oppskrifta er svært bra skrive, og det gjekk utruleg fort å strikke! Pinnar nr 5 er ein god ting! Onsdag kveld sydde eg i knappane og vaska dressen (eller bløyta han).

The pattern is well written, and with 5 mm needles it was a fast knit. On wednesday i could sew on the buttons and gice it a soak.

007b

Så då var dressen tørr og klar til innpakking torsdag, akkurat i tide for å bli med besteforeldra på barselbesøk.

Eg strikka 3 mnd størrelsen denne gongen, men denne var så kjekk å lage at eg heilt sikkert kjem til å lage fleire.

Mønsteret er laga av Carina Spencer. Eg kjøpte oppskrifta gjennom Ravelry, men ho kan også kjøpast her.

I made the 3 months size this time, bit will definitely make more Gift wrap rompers later. Tha pattern is written by Carina Spencer. I bought the pattern on Ravelry, but you can also buy it here.

torsdag 9. februar 2012

Hobbysofa?

Eg er så heldig at eg har eit eige hobbyrom no. Med god plass, eigentleg.

Men på ein eller annan måte har liksom hobbyrommet strekt seg ned på stova. Ein filial på ein måte. Både spisebordet, salongbordet og sofaen har liksom blitt invadert av hobbysaker.

Sånn går det kanskje når ein held på med altfor mange prosjekt på ein gong. – Og når ein er ganske dårleg på å legge på plass ting med det samme…

008

Dette er altså berre eit lite glimt frå sofaen. Eg trur eg held rotet på borda for meg sjølv…

009

I am so lucky to have a craft room now, but suddenly it looks like my crafty stuff has taken over the living room too (the tables, the sofa etc…). I suppose that’s waht happens when I’m doing too many projects at the same time. And I’m really not good at putting stuff away…

onsdag 8. februar 2012

Wool-Eater CAL 2012

Eg er litt på etterskot med heklinga mi. Etter planen skulle eg vel ha hekla 16 runder no. Men teppet går ingen stader, så eg skal nok ta det igjen. Som de ser er eg i gong med andre runde av fargane no.

005

I’m a little behind the CAL schedule. Should have finished 16 rounds by now. But I’ll get back to it soon. Had to finish some other projects this last week.

007

cal

tirsdag 7. februar 2012

Nr 17

Eg blei tante igjen i forrige veke! Veslegut er tantebarn nr 17. Januar og februar vert travle månader for gåveverkstaden…

016b

Og sjølvsagt skal også veslegut få ulltrøyer.

Samme mønster som før: Inderst inde av Lene Holme Samsøe

------

Last week I got a new nephew too. (A new niece two weeks ago). Aunt to 17 now, and January and February will be busy present-making months.

He will also get a couple of vests. The pattern is Inderst inde by Lene Holme Samsøe.

søndag 5. februar 2012

Møt Billy

005

-“Hi, I’m Billy. Billy Ray.”

I fjor – eller forresten det var visst i 2010 – fekk Priscilla sin Elvis.

Rita bestilte seg også ein mann, men han var litt treig av seg - Billy har budd i prosjektkorga mi ei stund…

Men no fekk eg til slutt laga antrekket ferdig. Dongeri og t-skjorte sjølvsagt. I stil med sin namnebror…

004

Penelope blei litt sjarmert, men ho er nok endå singel. Billy Ray har flytta til Rita i Kvinesdal.

--------

This is Billy Ray. A mail order husband for Rita (and my niece). He’s a really slow type, and has been living in my WIP-box for over a year. But I finally came round to making his clothes now.

As you can see Penelope had a little crush on him, but he remained calm.

He has now moved to Rita and another part of the contry.

søndag 29. januar 2012

Søndag

016

Ein nydeleg vinterdag idag. Vi tok ein biltur til Ålesund for å helse på nyaste niese og familien. På vegen møtte vi desse fly på langtur.

A lovely winters day today. We went to visit the newest niece and her family. Met these to planes on the way.

022b

Undertrøyene er i bruk som de ser. Og veslejenta er sjølvsagt den nydelegaste.

The vests are in use as you can see. And the little one is of course the most beautiful little girl.

033

Og dei har ei flott utsikt frå stovevindua. Ørstafjella!

The view from my sisters windows is quite something!

027

Ein fin søndag!

mandag 23. januar 2012

Wool eater

Det nye handarbeidsåret har hatt den vanlege starten… Med at eg startar eit nytt prosjekt annankvar dag – sånn cirka…

Eit av dei nye prosjekta er eit “wool eater”-teppe. Eg har hatt lyst til å prøve dette mønsteret lenge. Og når designaren Sarah London lokkar med “crochet-along” (hekle-ilag) slengde eg meg med.

The new crafting year has started as it often do – with me starting a new project every other day… One of the new projects is a wool eater blanket. I’ve wanted to try this pattern for a while, so when Sarah London started a crochet along, I joined.

008

Teppet ber namnet sitt med rette. No på runde 8 går det med cs eit halvt nøste på to runder… Så restegarnsprosjektet vart plutseleg eit kjøpe-meir-garn-prosjekt.

It started as a left-over-yarn project, but allready after 7 colour changes I had to go shopping for more. It really does eat yarn. So this will probably end up as a baby blanket.

009

Eg starta med garnrestane etter dette teppet frå i sommar.

I’ve used the yarn left over form this blanket from last summer.

cal

søndag 15. januar 2012

Hjelp!

Eg treng litt teknisk hjelp her på bloggen. Når eg prøver å gå inn på enkeltinnlegg (med direkte adresse, eller via arkivet) får eg berre fram eit kvitt bilete.

Å lese innlegga her på hovudsida (solgrim.blogspot.com) går greitt.

Kva er gale? Har nokon andre opplevd det samme? Eg har ikkje tukla med innstillingar på lenge, så eg skjønar ikkje dette Trist fjes

mandag 9. januar 2012

Rydding…

13. dag-jul i helga og eg plukka ned julepynten. Treet har flytta ut på terrassen. Men eg har visst ikkje funne fram støvsugaren enno for å få vekk dei nålene som ligg igjen på golvet…

002

Burde vel også snart vaske vindua også. Dagmar sørga for at dei er fulle av saltvatn og slett ikkje så enkle å sjå ut av lenger. Kanskje i morgon?…

010

Men ulltrøyene er ferdig. Og eg er igang med eit par til. (Du skal få du også, Kirsten!)

005

The Christmas tree moved out in the garden this weekend. I still have a  few needles to hoover up, though… And I really should wash my windows. They are full of saltwater after the storm (hurricane) we had Christmas Day. Maybe tomorrow…

But the little vests are done. And I’m knitting a couple more. (For my other sister.)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails