Eg lagar blomster til eit nytt prosjekt. God nesten-1. mai-helg!
I'm making flowers for a new project. Have a nice almost-May-weekend!
Eg lagar blomster til eit nytt prosjekt. God nesten-1. mai-helg!
I'm making flowers for a new project. Have a nice almost-May-weekend!
Eg vart ganske kjapt ferdig med den eine wooleater-puta.
Og ho var gevinst på basar i helga. Bortevekk.
Ganske enkel bakside. Litt luftig (for å spare garn – og tid?) Og åpning med trykknappar.
Du finn wool-eater mønsteret her.
I finished the first wool-eater pillow. It's allready out of the house, won by a nice lady in our church raffle this weekend.
Just stripes on the back, needed an easy and quick pattern there.
You can find the wool-eater pattern here.
På tide med ei lita oppdatering på ull-etar-fronten…
Eg har bestemt at teppet er ferdig no. Så veldig stort vart det ikkje, men eg har ikkje nok garn igjen no til å fullføre ei runde (og eg hadde ikkje tenkt å kjøpe meir). Det vert kanskje ei runde med krabbemasker for å avslutte litt.
Nokre detaljar:
Garn: Sisu, Sandnes
Heklenål: 3 mm
Mål: ca 70 X 80 cm
Vekt: 475 gram
Oppskrift: Wool-Eater Blanket av Sarah London
I have decided that my Wool-Eater blanket is finished. I don't have enough yarn left to make another round, and I had not planned on buying more yarn for this. It is now the size of a baby blanket.
Details:
Yarn: Sisu, Sandnes
Hook: 3 mm
Size: ca 70 X 80 cm
Weight: 475 grams
Pattern: Wool-Eater Blanket by Sarah London
Eg har også starta på eit par putetrekk. Det eine ein smule meir knæsjt i fargane enne det andre…
And I've started on a couple of pillow covers. One a bit brighter than the other…
Rapunzel har eit lite kjæledyr, kameleonen Pascal. Eg fann bilder av forskjellige variantar via google og hekla meg ein variant sjølv.
Den som Rapunzel skulle få måtte vere ganske liten.
Eg fekk ganske fort hint om at det var fleire tantebarn som godt kunne tenke seg eit lite kjæledyr. Så då måtte eg hekle litt fleire kameleonar.
Dei blei laga i andre fargar, sidan dei trass alt kan skifte farge. Og dei blei litt større etterkvart.
Eg laga også ein i gult, men han flytta før eg fekk tatt bilde.
After I made the first Pascal for the Rapunzel doll, several of my other nieces and nephews asked for a little pet too.
So I had to make more chameleons… (The yellow one moved away before I could take a photo).
10 dagar med fri er ferdig. Vi har hatt storfamiliepåske med mykje liv i foreldre/besteforeldrehuset. Eg har også vore mest der borte, og difor blei det lite blogging…
Ca 30 rundt matbordet på det meste - 14 tanteungar - mobilar, Ipadar, DS, brettspel etc. – nok av aktivitet altså.
Og vinteren kom tilbake for fullt!
-------------------------
I've spent the Easter holidays with my big family. My parents house were full, allmost 30 around the tables at dinnertime. 14 nieces and nephews from 2 mths to 14 years. Real quality time!
And the winter came back!
Her er ei bildeforklaring. Eg har notert ned måla på eitt av husa mine, men du kan sjølvsagt lage huset kor stort du vil. Eg har brukt stoff på framsida og taket, og filt på veggane/golvet.
Here's a photo tutorial for you. I've written the size of one of my houses as an example. I used fabric on the front and roof, and felt on the sides and bottom.
Vi har laga påske- / vårpynt på skulen. Har sett så mange av desse små fuglehusa rundt omkring, og synest det kunne passe fint no. Desse er laga i papp og er kun for innandørsbruk.
We've made little bird houses at school. I've seen so many of these around, and thought they would do nicely as easter/spring decorations.
Elevane teikna formen på husa sjølve. Som materiale brukte vi dei pappeskene vi kunne finne og stoff og filt.
The children decided the shape of their houses. We used cardboard, fabric and felt to make them.
Ei fin oppgåve for 3.-4. klasse. Eg skal lage eit innlegg med framgangsmåten seinare.
They're not difficult to make. I'll make a tutorial for you later.