Eg må berre gratulere dronning Elisabeth med diamant jubileet!
(Sidan eg har budd eit år i landet hennar, og sidan ny Londontur alltid står øvst på ønskelista, sidan britiske TV-seriar berre er favorittane etc. etc.)
Burde vel eigentleg hatt eit jubileumsteselskap… I staden har eg laga kunst til veggen min. Kan du sjå kva det er?
-----
Just sending my congratulations to Queen on her Daimond Jubilee!
A new trip to Britain and London is allways on the top of my wish list. Would have been fun to join a jubilee party… But instead I've been making new art for my walls. Can you see what it is?
Akkurat: Frimerker (med dronninga på). Kjøpte ein pose med gamle frimerker på bruktbutikken ein gong, og dei viste seg å vere nesten berre dronningfrimerker. Måtte ein kveld med sortering til for å finne ut at det var ganske mange fargar representert. Så då passa det bra å lage ei frimerke-regnboge. (Håpar ikkje frimerka er verdt noko spesielt – sidan eg no har limt dei fast på eit ark…)
---
Stamps! I bought a little bag with used stamps once. And it was lots of Queen stamps. The stamps are mostly from the 70's.
Many, many different colours. So I made a rainbow (sort of).
Happy Jubilee to every one who's having a party!



