I desse skumle tider passar det vel bra med monstermuffins?…
It's time to make monster cupcakes again!
I desse skumle tider passar det vel bra med monstermuffins?…
It's time to make monster cupcakes again!
Haustferien kom og gjekk. Vi hadde nokre nydelege dagar.
Deilig med sol og mykje hekletid…
Halfterm came and went by so quickly. We had some lovely days. Nice to have sun and lots of crochet time…
Nysnø på fjella er vakkert. Og snøen smelta vekk i løpet av dagen.
New snow on the mountains is beautiful. Th snow melted away during the day, this time.
Men vinteren nærmar seg…
But winter is coming…
Eg har nye bobleprosjekt på heklekrokane for tida. Dette skal bli ei pute.
Men så fekk eg ein fiks idé, og plutseleg vart det fleire, mindre boblesaker.
Og kva brukar vi så desse til? Mobilen, så klart…
Desse to er prøvemodellar. No har eg funne ut korleis eg skal gjere det, så då skal eg nok hekle opp ei del fleire til julemesse-sesongen. Håpar berre skuldra held – har visst fått meg ei lita "idrettsskade"…
It's so fun to crochet bobbles. I have several new projects on the hooks now. The top photo will become a pillow.
And I've have figured out how to make phone pockets too. I will make more of them for Christmas.
Det andre og siste rundt her, trur eg. Mange fine lopper var det der, eg prøvde å halde meg litt i skinnet…
Men noko blei med heim, sjølvsagt :)
Another fleamarket this weekend. A few things came home with me…
Denne lampen vert fin med ny skjerm. Eg treng litt meir lys i stova.
This lamp will look good in my living room. With a new shade of course.
Denne avis"korga" passar fint saman med resten av teakmøblane mine.
This newspaper stand matches my other teak furniture.
Og denne LP-plata følgde med stativet!
Og sjølvsagt må ein ha salatbestikk som også passar inn i teak-temaet…
And these will also fit the teak theme…
Og til slutt ei sildkrukke frå Figgjo. Det var ein god dag.
And I was happy to find this Figgjo jar.
It was a good fleamarket day!
Eg har samla på bilder og rammer ei stund. Nokre gamle rammer har fått ny farge også. Men så har samlinga stått her ei stund og venta på at eg skal bestemme meg. Nokre bilder har kome opp på veggane her og der, men veggen i stova der dei fleste trykka skulle henge har eg vegra meg ein smule for å begynne på… Tenk om eg ombestemmer meg!
Men no i helga fann eg ut at det var på tide å slå nokre hol i veggen…
Prøvelegging på golvet først…
Hurra! Endeleg er det gjort!
------
I've been collecting prints, pictures and frames for a while. But for a long time they have just been standing there. It is hard to decide where and how to hange them on the walls. Especially the wall in my living room where I planned put most of my prints. What if I changed my mind…
But this weekend I decided it was time to just do it. I tried it out on the floor first.
Fells good to finally have done it. And I like the look of the prints in their different frames.
Denne vasa fann eg på bruktbutikken her ein dag. Litt teikneserie-aktig og Made in Japan. Sjølvsagt blei ho med meg heim – eg likar slike rare, styggfine saker.
Bambi er søt, men fuglen har visst vore ute for litt av kvart… Dei (ekte!) fjørene var ikkje særleg lekre. Eg har prøvd å fjerne dei, men då blei fuglen litt naken… Så eg må kanskje lime på nokre nye. Har de nokre tips?
This is my new (old) vase. Made in Japan.
Bambi is cute, but the bird… Those real feathers were a bit… I tried to remove them, but the bird ended up quite naked. So I might have to give it some new ones.
Still a funny little vase.
Eg fann også ei artig bok på laurdag. Bryllupsboken 1968. Eg går ikkje med gifteplanar altså, men det var så mange artige annonser i den boka.
Og sjølvsagt nyttige artiklar…
Og eg skjønar no at eg har mange manglar i heimen på utstyrsfronten…
Men tilbake til annonsene. Fann mange ting der som eg faktisk har, så det var litt sånn déjà vu…
Ein reol av denne typen (med mest bokhyller ligg på loftete mitt)
Kurér radio har eg…
Skrivebord og hylle som i bildet til høgre har eg også…
"Sera" samlar systra mi på…
Desse kjenner vi godt…
Og desse… Eg har tre kvite og blå gryter. Visste ikkje at dei høyrde til Thrine serien.
I found an old wedding book from 1968 at the fleamarket. It is full of usefull information for those who planned a wedding then. The advertisements are fun to look at. I have many of these things in my house.
Det vil seie loppedag – sidan det rundt her stort sett berre er ein stor loppemarknad om året. Laurdag var dagen.
Mykje folk og mykje liv – og mange ting. Eg har ikkje plass til fleire møblar, så eg sikta meg først inn på småtingavdelinga.
Her er fangsten:
-Globus frå gamle dagar, med alle landa som fanst då eg var mindre. Har ikkje sjekka om lyset virkar…
-Blomstrete skjærefjøl
-5 nye glas-med-plasthank koppar, i fargar eg ikkje hadde frå før
-Blått krus med bølgemønster
-2 eldfaste skåler og eldfast form
-2 små hekladukar, grønt barneforkle, oransj rutete duk/laken
-Raud fin kaffikanne (mykje finare enne den 90-talskanna eg har no…)
-Ei fin ramme og ei ramme som skal malast
-3 små plastbokser
-4 blomstrete glas til samlinga
Til slutt kjøpte eg også ein spisestuestol som skal bli oransje etterkvart.
I went to a fleamarket Saturday. This is what I forund.