Ravelry er ei kjelde til utruleg mange fine mønster. Køen og lista med favorittar blir berre lengre og lengre….
Nokre prosjekt kjem seg nok aldri ut av køen, medan andre snik seg forbi og havnar på pinnane med ein gong.
Eit slikt prosjekt er Cascade. Eg fall pladask for denne versjonen. Skulle gjerne hatt slikt handfarga garn, men det har dei ikkje i butikkane rundt her… Så eg strikka i Odin frå Viking garn. Det tok berre vel ei veke.
Eg følgde tips frå andre og gjorde nokre få endringar på mønsteret. (Utvida vrangborda nede og strikka I-cord bind off i halsen). Er ikkje heilt fornøgd med halsen, det blei ikkje heilt likt på begge sidene. Men det fekk vere sidan jakka var bursdagsgåve til minsteniesa.
Eg strikka 2 års str, og den blei akkurat passeleg til 1-åringen. Kunne sikkert heilt fint gått opp til pinne nr 5…
Mønsteret er gratis og du finn det her hos Petite Purls.
There is so many lovely patterns on Ravelry… My queue and list of favourites just gets longer and longer…
Some projects will never get out of the queue and on to the needles, but some projects jump to the front and get started right away.
Like Cascade. I fell for this version. And a week later I had finished a little cardigan.
Just in time for my nieces birthday.
I knitted the 2 year size – and it fits the one year old perfect… I could have gone up to 5mm needles…
The pattern is free and you can find it here at Petite Purls.
