søndag 17. februar 2013

Korssting…

…på endå ein ny måte!

011

I sommar prøvde eg meg på "brodering" med nabbiperler. Eg brukte eit rosemønster og likte godt resultatet. Har sett fleire variantar av korststing rundt omkring, og fekk ein idé om å prøve brodering på lerret.

Eg kjøpte eit lite lerret på Clas Ohlson, malte det blått og så var eg klar til å prøve.

Eg teikna først av rosemønsteret på eit rutepapir.

001b

Festa det til lerretet med tape.

002

Så stakk eg hol i alle kryssa (der det skal syast).

003

006

Då er det berre å sy i veg… Litt tid tok det, men det bei ferdig til slutt. Eg sydde med broderitråd her. Med større lerret kan ein sjølvsagt sy med tjukkare tråd.

015

011

009

Another cross stitch variation.

This summer I used the cross stitch pattern with some melting beads. Now I wanted to use it on a canvas.

I bought a little canvas and painted it blue. I used the same rose pattern from my Cath Kidston book. After making holes in the canvas I started stitching. I used embroidery thread here, but with a larger canvas you could use thicker thread.

I quite like the result…

torsdag 14. februar 2013

Heklekurs

3730254868_47c47c76ed_o

Vil du lære å hekle? Og bur du i Ørsta-området?

Då kan du melde deg på heklekurs for nybyrjarar!

013

Ørsta husflidlag arrangerer (og eg skal vere lærar).

Vi vil ta for oss grunnteknikkane i hekling: ulike masketyper, hekle rundt, hekle fram og attende, bestemorruter, auking/felling og samanhekling/montering.

Planlagt kursstart 28. feb. 4 kveldar (12 timar).

Fleire detaljar på Ørsta husflidslag sine sider.

Bli med!

560945733_c158e54d7f_o

søndag 10. februar 2013

Bursdagsgåver

I tantebarnflokken rasar det på med bursdagar no i januar/februar. Eg rekk ikkje å strikke til alle, men har gjort ferdig eit par bursdagsgåver denne veka.

Eg har strikka ei tredje Top-down Cable Yoke Jacket. Denne gongen i nesten største storleik…

Starta i str 8 år, men etter prøving på mottakar måtte eg rekke opp og strikke den større… (kva? prøvelapp?? Nei, det gidd vi ikkje…)

Fletta fekk vere som ho var, eg berre plukka opp masker til 10-års str frå den. Eg auka også i sidene for å få litt utsving på jakka. (2 m på kvar side, 6 gongar.)

Hetta var meir enn stor nok i 8-års str, så den strikka eg 5 cm kortare enn i mønsteret.

Eg sette også i ekstra knappar slik at jakka kan latast att heilt ned.

001

003

Minstenevø vart eitt år nettopp og han fekk ein islender.

Mønster frå boka til Susie Haumann.

Eg har strikka i Vamsegarn (Rauma) som er ein del tjukkare enn garnet i mønsteret. Så her måtte det ein del matematikk til…

Strikkefastheit i mønsteret i forhold strikkefastheit i Vamsegarn… gonging, deling, måling… Fann til slutt ut at eg skulle dele maskeantall i mønsteret på 1,31! Og det stemte faktisk ganske så bra til slutt også…

006

008

009

Two projects I've finished this week. Both birthday presents for a niece and a nephew. It's my third Top-down Cable Yoke Jacket. I did some changes to the pattern. Knitted the hood shorter, made increases in the side of the body (2 st, 6 times), and added more buttons.

And the sweater is from Susie Haumann's pattern. I didn't knit it in the yarn in the pattern, so I had to do some math to find out number the of stitches.

søndag 27. januar 2013

Pute

011

Endå ei pute har blitt til. Eg har fått litt dilla på popcorn-blomster… Mønsteret til sjølve blomstane finn du her hos Mille Makes. Denne gongen gjorde er ein vri på 4. runde (bakgrunnsfargen) og hekla rutene saman etterkvart.

009

Og her er det berre brukt restegarn også (faktisk!), i rosa, lilla og brunt. Baksida er (som vanleg) kvit med striper av fargane eg har brukt til blomstrane. Eg heklar sidene saman og denne gongen hekla eg også ein pyntekant rundt.

010

Another pillow cover has been made. I like these pop corn flowers. You can find the pattern for the flowers here at Mille Makes. I did the 4th round (in white) different this time and joined the squares together in that round.

008

The back is mainly in white with stripes in the flowers colours. The two sides are crocheted together with pretty buttons to close the opening.

007

torsdag 24. januar 2013

Cascade

Ravelry er ei kjelde til utruleg mange fine mønster. Køen og lista med favorittar blir berre lengre og lengre….

Nokre prosjekt kjem seg nok aldri ut av køen, medan andre snik seg forbi og havnar på pinnane med ein gong.

003

Eit slikt prosjekt er Cascade. Eg fall pladask for denne versjonen. Skulle gjerne hatt slikt handfarga garn, men det har dei ikkje i butikkane rundt her… Så eg strikka i Odin frå Viking garn. Det tok berre vel ei veke.

Eg følgde tips frå andre og gjorde nokre få endringar på mønsteret. (Utvida vrangborda nede og strikka I-cord bind off i halsen). Er ikkje heilt fornøgd med halsen, det blei ikkje heilt likt på begge sidene. Men det fekk vere sidan jakka var bursdagsgåve til minsteniesa.

034b

Eg strikka 2 års str, og den blei akkurat passeleg til 1-åringen. Kunne sikkert heilt fint gått opp til pinne nr 5…

Mønsteret er gratis og du finn det her hos Petite Purls.

004

There is so many lovely patterns on Ravelry… My queue and list of favourites just gets longer and longer…

Some projects will never get out of the queue and on to the needles, but some projects jump to the front and get started right away.

Like Cascade. I fell for this version. And a week later I had finished a little cardigan.

Just in time for my nieces birthday.

I knitted the 2 year size – and it fits the one year old perfect… I could have gone up to 5mm needles…

The pattern is free and you can find it here at Petite Purls.

tirsdag 22. januar 2013

52 lists

Pip med bloggen Meet me at Mikes skal skrive lister i år. Ei ny kvar veke.

Lister er gøy, så eg tenkte å slenge meg med. Blei litt inspirert sidan tema denne veka var Barnetv frå barndommen :)

Kunne sikkert ha laga lista mykje lengre, men kom ikkje på fleire i farta. Kva er dine favorittar?

e70c1e28641911e2a31922000a1fbcdc_7

I'm joining 52 lists started by Pip at Meet me at Mikes.

These are just a few of my childhood TV favourites.

mandag 21. januar 2013

All you knit is love…

All you knit is love og Knit for your kid er to fine strikkebøker av Susie Haumann. Eg har skaffa meg begge to, og har strikka to plagg frå førstnemnde bok til no.

MInsteniese fekk denne kjolen til jul.

Smilla's kjole

077

072

Og i romjula blei denne Vest med snoning strikka til minstenevø.

065

066

068

Det vert nok fleire prosjekt frå desse bøkene etterkvart

-----------------

I bought two new knitting books before Christmas: All you knit is love og Knit for your kid by Susie Haumann.

They're danish and the patterns are quite lovely. I have made two garments from them so far.

torsdag 17. januar 2013

Klassisk barnestrikk

Klassebilder frå 50- og 60-talet er stas! Sjå på alle dei fine strikkemønstra!

018

Tydeleg at Fana-kofta var svært populær i 1954…

019

020

021

Eg skulle gjerne hatt mange av desse mønstra. Mine bestemødre og gamletanter har heilt sikkert brukt mange av desse, men dei mønstra er nok borte for lenge sidan.

022

~Alle gamle bilder her er frå Ørsta albuma~

023

Litt før jul fekke eg ein hyggeleg e-post frå Samlaget med spørsmål om eg hadde lyst på ei strikkebok.

Klart eg hadde det!

024

Tone Fevang har gått igjennom arkivet til SandnesGarn og ho har plukka ut 25 av dei klassiske mønstra. (For ein jobb!)

025

Trur eg skal strikke denne…

026

Denne er også fin…

027

Og Fana-kofta er like fin no som i 1954…

028

029

Og boka har også ein trinn-for-trinn del bakerst med forklaring av diverse teknikkar. Lurt!

--------------------

Old school photos from the 50's and 60's are full of lovely knitted sweaters and jackets. I wish i had many of those patterns.

Luckily the yarn factories has arcives. The author of this knitting book has picked out 25 patterns from SandnesGarns arcive.

onsdag 2. januar 2013

Nyttår…

054

Ønsker for det nye året:

* Gjere ferdig ein del prosjekt eg har liggande.

* Bruke opp ein del av garnlageret mitt.

* Sy meir.

* Blogge liltt oftare.

* Trene fleire delar av kroppen (ikkje berre strikkefingarne…)

* Få plass inne i bunaden igjen (frykteleg slik den har krympa…)

* London-tur.

* Pusse opp soverom og hobbyrom.

050

Whishes for the new year:

* Finish several WIP & UFO lying around the house.

* Use my yarn stash.

* Do more sewing.

* Blog more often.

* Exercise more than my knitting hands… Maybe fit into my "bunad" again…

* Travel to London again.

* Fix up my bedroom and sewing room.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails