lørdag 12. desember 2009

12.

christmasgirlwpuppy2c Så har vi åpna halvparten av lukene i adventskalenderen. Eg har enno ikkje fått premie i Flax-kalenderne min. Det er sikkert eit godt teikn… (sparer til stor premie…)

Etter ei butikkrunde i dag fekk eg kryss ut nokre gåver på lista mi. Og på kjøkkenet står nokre mandelkaker og ventar på gul krem og sjokolade på toppen. Nam!!

No held strikkepinnane meg med selskap.

Ute er det kaldt og friskt. Sola skein på fjelltoppane i dag.

DSCF1710DSCF1703

Bilen min hadde fått hår…

DSCF1704

december

fredag 11. desember 2009

10. + 11.

Ooops! Der gjekk det visst eit par dagar igjen. (Det har no vore så travelt med presidentbesøk og alltingen…)

Heldigvis blei det fredag igjen – tenk to ledige dagar ventar. Vel, kanskje ikkje heilt ledige – har faktisk litt planar i desse adventstider.

DSCF1697

Eg bør verkeleg få gjort noko med julegåvelista no, nokre ting skal til og med avgarde med posten… Men strikking tar litt tid, viser det seg stadig vekk… Og i skapet ligg det nokre gram med kverna mandlar som gjerne vil bli til kaker.

Eg kan av naturlige grunnar ikkje vise fram særleg mykje av produksjonen enno. Dessutan rekk eg stort sett ikkje heim innan dagslyset går for tida (men snart snur sola – Yey!!).

Så eg tenkta å ta ein liten musikalsk mimretur ikveld.

Denne singelen fann eg på loppemarknad i Bergen. Hugsar ikkje songen frå originaltida, men har vel hatt litt glede av å nynne på han når han har dukka opp på radio og tv seinare. Sånn reint av mimregrunnar altså…

 DSCF1696

Oohh, det var tider det, med passe permanent og oppføna hår. Og månestøvlar…

Denne gjengen hugsar eg bedre. Og alle var så unge…

Ok – nok mimring. Eg må attende til strikkepinnane:)

Ha ein fin kveld.

-------------

I’m knitting as much as I can these days, but am not making much progress on my present list. I’ll have to visit some shops tomorrow…

And I can’t take photos because it’s presents - and it gets dark before I get home.

So I’ll leave you with a couple of songs tonight (from long ago – those were the days…).

onsdag 9. desember 2009

8. + 9.

Eg gløymte meg litt vekk i går. Plutseleg hadde kvelden gått, og eg hadde ikkje fått laga noko innlegg.

Jammen bra det kom ein ny dag i dag.

DSCF1684

Og i dag tidleg vart eg tante for 13. gong. Gratulerer så mykje til bror og svigerinne (og dei to nye storesystrene) som fekk ein  nydeleg gut! Klassa mi fekk sjå mobilbildet og var heilt samd i at han ser perfekt ut.

DSCF1685

Så då er det berre å strikke vidare :)

DSCF1686

Og som de ser har eg lært meg å brette sekskantar slik eg kan klippe “ekte” snøkrystallar.

DSCF1687

Her finn de metoden.

mandag 7. desember 2009

7.

Nytt brukt…

Eg passa på å ta ei runde på bruktbutikkane då dei fann fram julepynten sin.

Og sjå, – ei “ny” kakeboks! Ehhh… nummer x i rekka… Må visst meir enn sju slag for å fylle opp i boksene mine…

Men så har eg no tenkt å bruke dei til andre ting enn kaker… Og denne er blomstrete oransje – heilt uimotståeleg!

DSCF1661

Enn så lenge får ho passe på den gamle julepynten eg også fann på bruktrunda.

DSCF1668

Likte spesielt denne lenka med små glaskuler. Skikkeleg vintage. altså.

DSCF1669

Har vel nesten nok pynt til eit bitte lite juletre :)

----------------------------------------------

Latest finds from the thrift shop. A lovely cake tin and some christmas ornaments. Allmost enough for a tiny tree…

søndag 6. desember 2009

6.

DSCF1657

Det gjekk bra med sauehaudetinga i går. Eg er nok litt pysete, så eg nøgde meg med å ete det som klart kunne definerast som kjøt. Andre delar fekk ligge i fred. De som ikkje er pysete kan ta eit blikk på matfatet under her. I anledning adventstida laga eg lilla muffins.

DSCF1655

Og så over til strikkeprosjekta. Julegåvehuer.

DSCF1662

DSCF1664

DSCF1665

I ettermiddag har vi tent julegrana i bygda. Det gjekk til slutt, sjølv om sikringane var litt vrange.

DSCF1671

God jul-skiltet borte i fjellsida er også tent.

(Ikkje så lett å fotografere det i mørkret med minimal zoom…)

DSCF1675

lørdag 5. desember 2009

5.

I kveld skal det vere rar mat her i huset. Vertskapet har invitert til saudehaud-lag. Eg er no ikkje heilt sikker på om eg har tenkt å smake, men kan vel ete tilbehøret i allefall.

Kjem attende i morgon med rapport…

I mellomtida kan de kose dykk med denne versjonen av Glad Jul / Silent night.

Fin laurdagskveld til alle!

------------------

We’re having a party tonight. On the menu is lamb heads! Yes, it is! It’s tradition in some parts of Norway, (and people only eat the meat.) I have not tried it before, and I’m not quite sure if I’ll only eat the side dishes tonight… I’ll let you know tomorrow, and show photos – or maybe not…

fredag 4. desember 2009

4.

Endeleg fredagskveld :)

Tenkte å dele nokre linkar i kveld. Eg sit og strikkar julegåver, men har ingen bilder å vise fram sidan det kanskje skal vere litt hemmeleg – og uansett så rekk eg ikkje å få tatt bilder før dagslyset er vekke.

Det er mange gode tips og idear der ute…

Fine merkelappar til å printe ut finn de her hos 74 Lime Lane.

1aaaspencedeergfairy005b

Motivet på merkelappane har ho forresten funne hos The Graphics Fairy , som har mange gamle bilder til fri bruk.

Hadde eg tid burde eg ha laga meg nokre mjuke juletre. Har stoff nok i alle fall – og dei treng ikkje vere grønne. Her er ei oppskrift frå LucyKate Crafts.

Og er du lei av glanspapirlenker, finn du mønsterpapir (til å printe ut) til lenkene her hos Whip Up.

No må eg attende til strikkepinnane. Ha ei fin helg.

december

torsdag 3. desember 2009

3. desember

Vi hadde juleverkstad på skulen på tysdag. Då såg 80 nye sauar dagens lys…

DSCF1595

Her er sauane til 1. klassingane mine. Kroppen er ull tova rundt ein stein, hovudet er ein liten ullball. Vi vaksne hjalp til med å sy på auger og lime på øyrer.

DSCF1597 

Dei er så søte, og alle får sitt eige uttrykk.

DSCF1603

Det var nok mange av elevane som helst vil behalde sauen sjølv, så vi skal prøve å lage litt fleire slik at dei kan gi vekk ein også.

DSCF1599DSCF1600

Her står dei i flokk og rad.

DSCF1602

We had a Christmas Crafting day at my school this week. The children made Christmas cookies, candles and these little sheep.

They’re made of wool felted around a stone, for the body,- and a little felted ball for the head.

onsdag 2. desember 2009

2. desember

Rekk akkurat å få innlegg før dagen er over. Eg har vore på adventsmøte i husflidslaget i kveld.

Fekk strikka litt, det går i huer for tida, mest julegåver.

Eg bør vel snart sette meg ned og lage liste over kva som bør gjerast før jul. Dagane strekk vel ikkje heilt til år heller.

Trur eg må finne fram symaskina igjen også. Om ikkje anna så har eg ei bukse som treng litt lapping. Eg ser at holete bukser er på moten igjen, men eg trur eg foretrekk bukser som held seg heile når eg set meg ned på kne (er ikkje heilt fornøgd med kvaliteten på H&M-buksa mi…)

 DSCF1551

Eg synes det er litt koseleg med girlander til pynt. Her er nokre heklevariantar eg har laga. Måtte berre prøve ut eit par idear.

DSCF1546

Her pynta eg trekantane med billige heklebrikkar frå europris.

I morgon er det julebord med jobben! Her går det unna!

december

tirsdag 1. desember 2009

1.

Eg startar adventsblogginga med nokre glimt frå lillesøster si lefsebaking i helga. Trur ho fekk dreisen på det.

DSCF1579

DSCF1584

DSCF1585

DSCF1582

Tikk-takk-TAKKE! Lefsene blei gode!

------------------------------

We made “lefse” this weekend. They are a kind of cake. Baked very thin, and filled with a thin layer of butter and sugar and then cut up in smaller pieces. A tradition in this part of Norway.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails