lørdag 8. mai 2010

Ein premie

Bloggen the purl bee ligg på den etterkvart lange blogglista mi. Dei har ein butikk i New York som eg nok ikkje har besøkt, men også ein nettbutikk som eg har vore innom.

På bloggen har dei tips til prosjekt og info om garn og stoff.

Kvar månad loddar dei ut premie frå ein av sponsorane sine.

- Og tenk, i starten av april fekk eg ei melding frå dei om at eg var ein av vinnarane i marsutloddinga!

Her i veka kom premien i posten – heilt frå Los Angeles.

DSCF3003

Og kva er så dette?

DSCF3004

Eit fargekart, så klart.

Ein må nok vere litt over gjennomsnittet tekstilgal for å synes dette er noko til premie, kanskje?

Men sjå på alle dei fine fargane.

I stoffsamlinga mi er det mest møntra stoff. Men eg treng nok einsfarga stoff også… det ser eg no…

DSCF3007

Alle fargane har namn også.

DSCF3008 

Å, så kjekt det er å vinne noko :)

-------------

I won something!

I joined the sponsor giveaway at the purl bee in March, and won a colour chart from Kona Cotton.

I have mostly patterned fabrics in my stash, but should include more fabrics in single colours…

I didn’t know they had fabrics in all these yummy colours. I might even hang this colour chart on the wall! too.

mandag 3. mai 2010

… skjønne, milde??…

… ikkje akkurat no, nei.

Frykteleg skiftande ver så langt (heile tre dagar!) i mai…

Eg var litt opptimistisk tidlegare idag då klassa skulle ut i friminutt. Det såg fint ut ute og dei fekk lov til å gå ut med berre jakke.

Men etter eit par minutt kom dei inn att. “Vi må vist ha på oss dress – det snør!” sa dei.  DSCF2995

I ettermiddag har det skifta like mykje.

Fint heklever inne.

DSCF2999

Her er siste stabel med sirklar som skal inn i teppet.

Johoo!!!

---------------------

A cold May so far (three whole days!). Snow today.

We don’t like it, -but can’t do much about it.

Good weather for crocheting inside though. This is the last stack of circles to go into my afghan!

lørdag 1. mai 2010

Brytekamp…

God 1. mai folkens. Utruleg at vi er så langt inne i 2010 allereie.

Her foregår det nesten ein brytekamp ute i dag.

April mot mai…

Kald vår mot varmare vår…

Sol og varme det eine augeblikket og regn og sludd det neste…

DSCF2972

Så eg kosar meg inne med stoffstryking og ABBA på høgtalarane. DSCF2970

Dette er putetrekka eg fann på “brukten” ein dag. Dei kan bli eit fint lappeteppe ser det ut til.

Saman med litt fleire stoff kanskje. Så eg jaktar vidare etter gamle dyne- og putetrekk med fine fargar og mønster. Har du nokon du vil bli kvitt så berre gi beskjed :)

Det rosa og oransje i midten er favoritten, trur eg. Synd eg berre fann eit trekk med det mønsteret.

Attende til tilstanden ute litt. Vi har altså endå snø rundt huset her.

Vi kontrollmålte snøhaugen på nordsida no, og den måler 1,40 m.

DSCF2976 

Denne haugen skal få ligge i fred, og vi har ei gjettekonkurranse gående i familien om kva tid den er vekke. Held han til 17. mai eller? Vi får sjå…

---------------------

May 1st allready! The weather outside is relly confusing today… A wrestling match between April and May… rain and sleet one moment, and warm sun the next…

The spring has been cold this year, so we really hope May will bring warmer weather. As you can see we still have a bit of snow on the north side of the house. 1,40 meter high…

We’re not going to help it melt though, as we have a competition going in the family where we’re guessing the date it is gone.

The fabric above is some vintage pillowcases from the thrift shop. All washed and ironed now. They could be a nice quilt.

The pillowcases are small though so I will still be on the look out for more vintage fabrics :)

 

 

 

fredag 30. april 2010

sms vs hekling

Snart fredagskveld igjen. Eg er snart klar for å plassere meg i sofaen.

Men i kveld må eg sjonglere mellom heklenål og mobiltelefon.

Familien gjer seg nemleg klare for å stemme på niese Emilie! Fleire er med i salen og resten heiar frå sofakrokane.

emilie_omland_grims_799625q (bilde frå tv2.no)

Og dersom du ser på og har nokre stemmer til overs, så send sms med tallet 4 til 26400

Her er videoen frå første audition igjen.

PS: Vi stemte og stemte, men det hjalp ikkje heilt fram til finalen denne kvelden…

Men vi er stolte av ei nydeleg jente, og ein flott innsats!

onsdag 28. april 2010

Vi heklar vidare

DSCF2962

Fast bestemt på å bli ferdig snart heklar eg vidare. No har eg hekla på 2 rader á 10 ruter + ein rad med 13 ruter for å gjere teppet litt breiare.

Måla akkurat no er 11 x 13 ruter. Eg skal sjå om 11 x 15 kan vere stort nok. (Lageret av kvit tråd minkar så det spørs om ikkje eg må slutte då i alle fall, for denne garntypen har dei ikkje her i bygda.)

- Og eg synes faktisk det går ganske fort å hekle alt saman. Tok tida på meg sjølv og “påhekling” av ei rute tok ca 5 min.

Eg passar på å feste trådar innimellom slik at det ikkje blir “tusen” trådar å feste til slutt…

DSCF2964

I’m making process, and am quite set on finishing this afghan now. It is now 11 x 13 squares, and I’ll see if it is enough when it’s 11 x 15. (My stash of the white yarn is getting smaller so I might have to stop then anyhow.)

søndag 25. april 2010

Hekleri – heklera…

DSCF2847Så gjekk det kjapt ei veke til. Vi har hatt både sol og snø denne veka også. Men vi er overtydde om at våren har overtaket.

Eg var innom den eine bruktbutikken ein dag og snappa med meg ein del gamle putetrekk + nokre dynetrekk. Deilig og mjukt stoff som sikkert kan brukast til eit eller anna :)

Another week over, and we had both sun and snow this week too. But we are convinced that spring will win in the end.

Here’s some old fabrics I found on a visit to the thrift shop.

DSCF2922 Eg har vore flink med heklekroken og produsert nesten 50 trur eg. Så no er det berre å få hekla dei på teppet. Og eg har ikkje starta nokre nye prosjekt – sjølv om idéane stadig poppar opp…

Eg blir vist aldri lei av å fotografere desse heklesirklane.

DSCF2928 DSCF2937bI’ve been a good crocheter this week and made about 50 circles for my afhgan. I should be able to finish it soon. I never get tired of taking photos of these…

DSCF2933

søndag 18. april 2010

Ufo-bryting

DSCF2898Som de sikkert har fått med dykk, har eg ein tendens til å starte på nye prosjekt litt for ofte. Nokre stakkars prosjekt blir då liggande urørte litt for lenge. Sirkel-i-kvadrat-teppet mitt starta eg på for eitt år sidan…

Oppskrifta til det er den mest populære sida her på bloggen min, og eg ser at fleire som brukar oppskrifta er ferdige med sine teppe.

Så no har eg tenkt å starte litt ufo-bryting (ufo=uferdig objekt) og bli ferdig med dette no. Eg må iallfall ha 50 ruter til.

Og ingen nye prosjekt før dette er ferdig. Trur eg…

DSCF2905I started this afghan a year ago. I’ve decided to really try to finish this now.

And no new projects before this is done. I promise… I think…

Kvar vart han av?

DSCF2902

Våren, altså…

Her lavar det ned med ny snø. Og eg har sjekka – det er ikkje oske frå Island…

DSCF2908

Etter nokre timar så viser det igjen på plenen som nesten hadde blitt fri for snø den siste veka...

Jammen bra at eg ikkje fekk skifta til sommardekk…

---------

It’s a lovely spring Sunday here – Snowing all day. (And it is not ash from Iceland…)

Yes, it is April here too. But unfortunately it’s not unusual to be revisited by winter like this.

It will probably rain tomorrow (I hope).

DSCF2907

onsdag 14. april 2010

Marie Claire i posten

Eit av favorittbalda mine er Marie Claire idées. Det er eit fransk hobbyblad med mange fine tips og idéar. Det er ikkje alltid eg finn det på Narvesen, i alle fall ikkje her i bygda.

Så no prøvar eg å abbonere. Lurte lenge på om eg hadde tasta inn noko feil på den franske nettsida, for det kom jo aldri noko blad. Men med hjelp frå Google translate fann eg ut at første blad i posten skulle vere mai-nummeret.

Og i går kom det i postkassa. I midten av april…

DSCF2813

Ja, det er på fransk… Og nei, eg har ikkje brukt fransken min noko særleg sidan gymnaset… Og nei, eg var ikkje så særleg flink i fransk sjølv då…

Men det viser seg at nokre ord og fraser sitt igjen, og at det er mogleg å forstå det vesentlege. (Og så finst det ordbøker og google).

Og så er bilda veldig fine. Her er nokre eksempel frå dette bladet.

DSCF2814

Ting du kan lage av dei gamle dongeribuksene dine.

DSCF2815

Fin hårpynt.

DSCF2817

Artig duk til uteselskapet.

DSCF2818

Eit lite teppe til terrassen, hekla av oppstrimla plastposar.

DSCF2819

Lappeidéar.

DSCF2820

Kanksje eg bør sy meg ein hund som kan ligge framfor peisen…

DSCF2821

Lappar er også fint som pynt på klede.

DSCF2822

Hekleblomstrar som jakkepynt.

DSCF2823

Og så shoppetips for neste London-tur. Very good! (No må eg berre få i gong ein tur snart…)

---------------

I’ve started subscribing to Marie Claire idées. The first issue arrived yesterday. As you can see it is filled with nice photos and ideas.

My French is not very good, but with good help from google translate I think I’ll understand  most of it.

søndag 11. april 2010

Vårsøndag

DSCF2806

Her er det nye middagsserviset mitt. Eg gler meg til å dekke bordet med dette.DSCF2808

12 store djuptallerknar, 12 små djuptallerknar og 10 middagstallerknar – eller eigentleg 9 sidan ein hadde ei stygg sprekk.

DSCF2803

2 serveringsfat, 2 potetskåler og 2 sausnebb.

Jepp, fornøgd med det :)

I dag har vi vore i fireårsdag.

DSCF2781 Stor stas å få leike med minsteonkel.

DSCF2784b Grillsesongen er i gong.

DSCF2797b Puuhhhh!

DSCF2788b Ha ei fin veke!

-----------------------------

I’m very pleased with my new dinner plates bought at a thrift shop yesterday.

And today we were at my nephew’s birthday party. The barbeque season has started.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails