

Måtte også ein tur på posten for å hente eit par bøker frå amazon. "bend-the-rules Sewing" av Amy Karol og "simple sewing" av Lotta Jansdotter. Fine bøker begge to, med mange fine tips og oppskrifter.
Bokpakken var noko voldsomt pakka inn. Dei to ikkje altfor store bøkene var inne i ei litt for stor pappkasse + inne i ein plastsekk av nissesekk-storleik. Og likevel klarte dei å lage eit lite hakk i permen på eine boka.
Men eg måtte sjølvsagt prøve ei av oppskriftene i BTR-sewing: Charming handbag. Eg har venta på å få bruke dette stoffet til noko, og dette blei bra syns eg. Neste gong kjem eg nok til å lage veska noko større.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!