Sider

lørdag 13. oktober 2007

Hyttetur m/mus

Eg har vore på hyttetur ei natt. Langt inn i elgskogane i indre Agder. Speidarhytta vår ligg ved Homevann i Finsland. Ein fin plass, og hytta blir finare heile tida. Den er frå femtitalet og treng litt omsorg. Vi var ni jenter og to vaksne - og viste det seg - fleire av det firbeinte slaget :(
Musa som budde i ei kasse på stova fekk vi ut utan for mykje dramatikk. Då det også viste seg å vere ei mus i soverommet vi vaksne hadde tenkt å bruke stengte vi døra til det rommet og fann ut at stova no måtte vere den beste plassen å sove. Musa som sprang fram og tilbake i skjulet v/doane kunne berre halde seg der. Men då eg skulle sløkke lyset på kjøkkenet og såg musa som budde der (med direkte inngang stova) vart vi litt skeptiske. Litt mekking måtte til for å stenge holet mellom kjøkken og stove. Så tenkte vi at det var trygt å legge oss. (Ja, eg veit at mus ikkje er så farlege. Men det er likevel ikkje kjekt å sove i eit rom der ein veit at mus spring omkring og kryp overalt).
Vi låg ikkje lenge før vi hørte krafsing i kroken og musa hadde klart å kome seg inn likevel. Det resulterte i nokre minutt med jakt under diverse møblar til vi fekk jaga musa attende til kjøkkenet. No stengde vi holet endå betre. Og prøvde å legge oss igjen. Denne gongen fekk vi ligge litt lenger, men så var det krafsing i kroken igjen. Vi fann eit nytt hol, i golvet ved pipa. Vi la ei vedski over og det hjelpte faktisk. Resten av natta var det stille. Gutespeidarane kom opp etter oss i dag, og dei er nok klare for litt musejakt.I've spent one night in this cabin. We thought we were only two adults and 9 girls here, but we discovered we were not alone... One mouse lived in a box in the living room. We got her out. When we were about to go to bed we saw another mouse in the bedroom we had planned to use. Well, we were not going to sleep there so we just closed the door, and decided to sleep in the livingroom instead. But there was another mouse running around... After a couple of attempts (including a chase to scare the mouse out of the room) we managed to cover up all the holes where the mouse could get in. And finally we could sleep. Luckily the girls' bedrooms were mousefree.
They can be cute these forrest-mouses, but not inside, and not where I'm going to sleep...

2 kommentarer:

  1. Det er år og dag siden jeg var på hyttetur. Det må jeg gjøre noe med. Musejakt på natta er alltid morsomt (i hvert fall dagen etter) :-)

    SvarSlett
  2. Eg har ingenting i mot mus, men når ein risikerar å få dei springande over puta om natta mens ein søv.. usj.. ;)

    Kan eg linke til sida di? Eg har sett på bilda dine på Flickr, men det er jo litt kjekkare å lese bloggen :)

    Ha ein fin dag!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!