Sider

lørdag 26. januar 2008

Fargeblyantrull

No som jula er over kan eg vise nokre julegåver eg sydde. Idéen og designen er ikkje heilt min, har studert mange bilder av slike på Flickr, og fann fram til kva eg skulle gjere. Oppskrift fins også i ei bok (Last minute patchwork and quilted gifts), den har ikkje eg.
Det som tok mest tid var å finne fram til stoff (frå lageret mitt) i alle fargane, noko eg faktisk klarte utan å måtte gå til innkjøp av noko nytt. (Det betyr vel at stofflageret mitt rommar ein del?...)

Thought I would show some of the pencil-rolls I made for Christmas presents. These are fun to make, and a smart thing to have. I must make one for myself too. And my fabric stash was big enough for me to find fabric in every colour I needed.


fredag 25. januar 2008

Strikkesaker-veske

Eg kjøpte dette japanske stoffet for ei tid sidan, og har lenge tenkt på å lage ei boks-veske (kva er det for eit ord?) av det. Har berre ein kvart meter av stoffet (eller "fat quarter" som det heiter på utanlandsk) så her hadde eg ikkje råd til å klippe feil. Tok halvparten av kvarten (altså 1/8) til dette prosjektet. Fann ein gammal glidelås som passa, så då var det berre å sy, medan grand-prix-folket ståka i bakgrunnen.
Denne skulle vel passe akkurat til å ta med strikketyet ut på tur.

I bought this Japanese fabric a while ago, and have been planning to make a boxy puch for my knitting stuff. I finally had time to make it today.

My Babette as art...


My Babette as art...
Originally uploaded by solgrim
Tenk om vi hadde slik kunst på Nasjonalgalleriet.

søndag 20. januar 2008

2008 aktivitet

Ei veke inn i januar hadde eg opptelling i prosjekt-haugen og fann ut at eg hadde sånn ca 6 prosjekt starta i 2008. Omtrent eitt nytt kvar dag. Ein slik starte-nye-prosjekt-iver lagar litt kaos i mi lille stove, så eg måtte verkeleg vere litt streng med meg sjølv: Bli ferdig med noko før endå eit nytt prosjekt kan starte. Dette er eg ferdig med:

One week into 2008 and I had allready started 6 projects. I can't continue this way, I don't have enough room in my tiny appartment. So I had to be strict with myself: finish something before starting another project. This is what I have finished:

Veska til Marit. Bag for Marit

Babyjakke. Jacket for baby M. Borden til Babette-teppet. Border on my Babette.

søndag 6. januar 2008

Nyttårs-stemning og leik med kamera

Dette er det koselegaste nyttårsbildet synes eg. Veldig bra stemning.
Onkel A er budd for rakettane - med hjelm.
Ekseperimentering med lang eksponeringstid. K vifta med armane og dermed forsvant dei.
Eg skriv med fakkel. er de flinke kan de sjå at det står Godt nytt år... Kult at berre kåpa mi viser.
Rakettar over Ørsta. Er litt imponert over gjengen som pyntar opp fjellet med faklar.
Hundrerplassen gjekk tomt for gnist. Enerplassen også etterkvart.

More images from newyears eve. Playing around with sparklers, torches and long exposure.


lørdag 5. januar 2008

Made in 2007

Eg fekk visst gjort litt i 2007, dette er noko av det eg laga frå mai og ut året.

fredag 4. januar 2008

Verdens beste?

Ein av fordelane med å vere "heime" på ferie er mamma sine vafler. Den gode smaken har eg endå ikkje klart å kopiere, det tok lang tid før eg i det heile tatt nærma meg. (Var innom nokre merkelege knekkebrødvafler ein gong.) Og mamma lagar røra på slump sjølvsagt.
Dette vaffeljernet har gjort jobben hos oss i 40 år. Det har hatt litt uhell også, som de ser på hanken. Men det gjer jobben og ser ikkje ut til å måtte slutte i jobben med det første.
Trur ikkje mitt vaffeljern vil var like lenge.
One of the advantages of going "home" on holiday is my mothers waffles. They are the best (in the world??) and I've not been able to make anything quite like them yet. Mine are ok. This waffle-iron was a wedding present, and it has done a good job for 40 years now. Has had an accident (or two), the handle is crooked, but it's working fine. They don't make things like this nowadays.

tirsdag 1. januar 2008

Happy new year!!


Happy new year!!
Originally uploaded by solgrim
Godt nytt år!!!
(Klikk på biletet for større versjon.)